How to shit in the woods

Frå tid til annan får eg hint om at det ligg att skit/bæsj…  etter hunden min. Sjølv om eg nok av og til tykkjer at dette er litt hysterisk, så prøver eg å plukka opp, i alle fall i nærleiken av der folk bur. Og har eg ikkje med meg pose, prøver eg å vippa lorten ut i geografien og bort frå stien der folk går. Og viss hunden vår drit på plenen til naboen, håpar eg at eg får beskjed.

Sameleis viss eg går i dei flotte, oppkøyrde løypene i Fagredalen eller frå Bjønnstegane og framover. I den samanhengen vil eg nemna at eg er litt skeptisk til at me skal reklamera for mykje for desse fantastiske skiløypene. Viss no godtfolk, nedaføringar og andre skal bruka desse løypene endå meir, då veit eg korleis det går: Hald hunden din i band! kjem eg til å få høyra meir og meir. Eg veit korleis det blir. Nei, bruk berre løypene i Leirdalen, de. Dei skal visstnok vera heilt ok.

Men eg har lyst til å snu hundadrit-problematikken litt på hovudet. I går hadde eg meg ein fin tur fram mot Nigardsbreen, hunden min sprang laus, som vanleg, når det ikkje er folk i nærleiken. Det var kaldt med fleire kuldegrader, og sola skein i lia frå Bjørkehaugen og frametter.

Brått begynte ho ivrig å grava i snøen. Kanskje restar etter noko eit rovdyr har drepe, tenkte eg då ho begynte å gnaga på noko som kunne minna om ein mørk fugl, eller kanskje litt av ein hjortafot? Slikt har hendt før, og eg let ho berre driva på.

Men så skvatt eg till: Ei nedsnødd skiløype hadde gjort ein stogg akkurat der bikkja hadde funne byttet sitt. Den observante blogglesaren har nok no fatta mistanke, og eg kan stadfesta mistanken: Kjære blogglesar, du har nok heilt rett! Det eg trudde var restane etter eit daudt dyr, var eit beinfrose, nokså stort ekskrement etter homo sapiens, individ: Ukjent. Ynskjer ikkje å vita det heller. Det vil ta fokus fullstendig bort frå det interessante i denne historien.

Brått tykte eg ikkje lenger det var så greitt at bikkja låg og gnog på dette. Eg tok godklumpen frå ho og nekta ho å røra han meir. Men eg måtte gjera meg nokså streng i stemma: Dette var noko ho verkeleg likte!

Tankane mine gjekk vidare til den første hunden min: Han Alexander fili bom-bom (Dataprogrammet til Norsk Kennel Klub takla ikkje 26 bokstavar i namnet.) På ein blåbærtur på Hellebø-myrane ein haust, vart hunden brått oppteken med noko interessant. Sikkert ein lomhund nede i hola si, tenkte eg. Og der keik hunden opp, brun av mold (trudde eg… ) i fjeset og nedetter halsen. Flink bisk!

Men der var han også pynta med breie kvite girlander kring halsen og i kjeften. Mistanken vart vekt i meg! Med fare for å bli skulda for å ha fordommar mot andre folkeslag, vil eg nemna at det denne sommaren hadde vore fleire austeuropeiske bussar som hadde campert nett her. Bussar som heller ikkje såg nett strøkne ut, men det er uvesentleg i denne samanhengen.

Kort fortalt: Eg fekk tak i ein svart bossekk, klyppte hol i det eine hjørnet, tredde hovudet hans gjennom holet så han fekk pusta, plasserte hunden i bilen og køyrde avgarde. Vekk frå denne staden!! Men kor? Eg merka panikken kom.

Myten! Der hadde hunden bada ofte. Heldigvis likte han å bada. (Håpar at folk som tok drikkevatnet frå Jostedøla ikkje les dette. Brevatn er forresten ikkje sunt heller, pga leirpartiklane, har eg lese.) Etter mykje strev + ei grønnsåpeflaske, såg hunden bra ut. Men han lukta ikkje godt. Heller ikkje etter fleire omgangar med hundeshampo. Han lukta austeuropeisk bæsj i over ei veke. (Austeuropeisk bæsj luktar forresten til forveksling heilt lik den norske.) Men rein var hunden denne sommaren.

Desse historiane kan sikkert brukast viss det finst ungar som masar på foreldra sine om å få hund.

Men det finst litteratur om emnet.  Kathleen Meyer har skrive boka: How to shit in the woods

Bokkilden kan skaffa boka, og ho kostar 120 kroner.

Eg har ikkje lese boka, enno.

7 kommentarar to “How to shit in the woods”

  1. grok Says:

    Kanskje du som hundeeigar, kan svare meg på kva som fortast går attende til naturen. Hundedriten eller dei brune dritposane. Ser ofte i vegakantane att der ligg brune posar med knute på. Kva er då vitsen med pose??????

  2. eies Says:

    Tippar at du veit svaret, men: Det er hundedriten som går fortast attende til naturen.

    Men kanskje er det her ei misforståing: Dei vanlegaste dritposane er svarte, i alle fall dei eg har sett. Men SIMAS har nokre lysegrøne av same stoff som våtorganisk-posane. Desse skal visstnok løysa seg opp i naturen etter kort tid. Brune “spesialposar” til hundadrit har eg aldri sett. Men no har ikkje eg så tett kontakt med den urbane hundekulturen, så eg kan nok ha oversett det.

    Men å leggja ein vanleg plastpose, attknytt, med hundadrit, i naturen er vel nærmast verre enn ikkje å plukka opp etter hunden sin. Sett frå eit naturvern-synspunkt, og slik eg ser det. Einig… ?

  3. grok Says:

    ja kanskje var posane svarte el brunsvarte, går litt fort i svingane når eg trillar vogn. Men ja, det ser styggt ut i vegakantar og brøytekantar med slike posar.

  4. ha Says:

    Ofte står det dritposar i vegkanten eller på brøytekanten. Mange hundeeigarar set att posen når dei veit dei kjem same vegen tilbake fra turen sin. Er ikkje moro å gå med drittposen heile turen når hunden gjer fra seg etter nokre minuttar av turen.
    Men det er ein kjennsgjerning at dei ikkje alltid vert tekne med. Nokre gløymer dei eller dei går ein annan veg heim. Sjølv så brukar eg pose der eg meiner det er naturleg. D.v.s i tettbebyggelse, fortau og parkar. Prøver å få hunden til å drite i grøfta. Me bur på landet og det vert forventa fra stadig fleire at hundeeigarane plukkar opp all drit. Kvifor forventar ein ikkje det same fra bønder som bufårer gjennom tettbebyggelse eller hesteigara som rir fint vekk fra hestaperlene same kvar det er. Når dei plukkar opp alt skal eg som hundeeigar gjere det samme.

  5. grok Says:

    For min del MÅ ikkje driten opp-plukkast, men er den fyrst komen i pose, då MÅ den fjernast. Og drit hunden i grøfta og ikkje på kvitestripa, ja då er det velstand.

  6. eies Says:

    grok, heilt einig.

    Ein hund prøver alltid å unngå å drita på plenen til eigaren, men gjerne hjå naboen. Kanskje det har med nokre revir-greier å gjera, eller å ikkje grisa til der ein bur…

    Hunden vår har ein favoritt-nabo-plen der ho berre MÅ drita viss ho får lov. Og nabo-bikkja likar veldig godt å koma opp i tunet vårt og drita der.

    På skitur MÅ ho som regel i løpet av dei første 100 meterane.

    På ein vanleg spasertur har ho eit område der me passerer og der MÅ ho også. Ofte.

    Så ting er i grunnen forutsigbare. Men no er det vel nok dritpreik…

  7. grok Says:

    Ja forsovidt. Eg har ikkje hund, so eg drite no i det.HEHEHE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: