eies utmeld av SV

– men verda går vidare, og det ligg ingen dramatikk i dette.

eies er stolt av å ha vore med på å dra i gang Luster SV. Partiet er vel enno ikkje så stort, i kommunestyresamanheng, som det bør vera. Partiet har likevel markert seg som eit alternativ i lustrapolitikken. Men eies føler at han no har lite å bidra med i Luster SV, og han ser det som naturleg å melda seg ut. 

eies nyttar dette høvet til å takka alle dei han har vorte kjend med gjennom dette arbeidet. Og lukke til vidare. Luster har bruk for eit SV!

eies har ingen umiddelbare planar om på ny å gå inn i partipolitikken, og på ei partiliste ynskjer han ikkje å koma. For dei som kjenner han, bør det ikkje koma som noko stor overrasking at han tykkjer Torstein Dahle er ein flink fyr, og at han har sympati for mykje  av det partiet Rødt står for.  

Dessuten tykkjer eies at romanen Streik av Per Sivle er ein viktig roman, sjølv om tida i dag er annleis enn på slutten av 1800-talet. Men eies hugsar også, med vemod, den snille læraren han hadde i folkeskulen. Denne læraren sette Per Sivle svært høgt som diktar. Men romanen Streik forstod ikkje læraren at Sivle kunne ha skrive, og han rådde oss frå å lesa denne boka. Den var ikkje bra for oss …

9 kommentarar to “eies utmeld av SV”

  1. SB Says:

    Eies, kva med V? Luster V er miljøpartiet her i kommunen, går t.d. mot meir kraftutbygging og det er vel du samd i?

  2. eies Says:

    Absolutt!

    Og diverre var det ein del sympatiske folk med kraftsosialistisk legning på lista til Luster SV ved kommunestyre-valet. Får håpa dei kjem på andre tankar snart, elles vert Venstre absolutt eit alternativ, ja.

  3. Tomas Says:

    Bra du har funne ut at det er inga skam å snu;)

  4. rypa Says:

    Hugs no dette me snakka om på førefesten hin kvelden. Jostedal Raudt, med fyrste kampsak: Raudt over til rødt. Du leiar, Bente kasserar.

  5. eies Says:

    Ja, men Tomas: Dette blir vel frå vondt til verre, slik du ser det…

    Rypa: Misforstod kanskje, men var vel frå rødt til raudt? Uansett: Eg kan ikkje vera kasserar.

  6. Tomas Says:

    Viss du vert so blodraud vert det frå vondt til verre ja…men ingenting er vel avgjord i denne saka?

  7. eies Says:

    Raud som blod kvit som snø, får nærmast assosiasjonar til norrøn dikting, Tomas. Elles har jo anarkistisk tankegang gode tradisjonar, i alle fall lenger ute i fjorden, der eg kjem frå, men truleg også her i Luster. Blant dei første som kalla seg anarkistar her i landet var Arne Garborg og Ivar Mortenson Egnund (- han som oversette ma. Håvamål til ein klangfull nynorsk, som held seg godt også i dag). Og du såg kanskje programmet med Bjørneboe hin dagen…

    Litt rart/skræmande å sjå at eies utmeld av SV har førsteplass på Top posts, medan How to shit in the woods og ikkje minst Om Wergeland, Aasen, Jostedalen, felemusikk, religion og sånt… ligg lenger nede, sjølv om eg vurderer dette som mykje meir interessante innlegg, utan tvil. Blogglesarane må vera snille og gripa inn viss dei tykkjer eies er i ferd med å utvikla narsissistiske trekk.

    Kan elles nemna at bloggstatistikken har lege høgt i det siste med 210 wievs som personleg rekord! Peanuts sikkert samanlikna med Hellebø-bloggen, men eg er no stolt, likevel. No er eg ikkje heilt sikker på korleis desse statistikkane registrerer. Det var ein dag To utstoppa revar låg på topp, men dessverre/heldigvis viste det seg at dette var ein dag med stor aktivitet frå ein annan nettstad kammeret.no (http://www.kammeret.no/forum/index.php).

    Og Juletre, stakkar, har ramla langt ned på lista. Gran-diskusjonen vår var jo skikkeleg bra, om eg må seia det sjølv, Tomas. Ikkje vart eg kvitt juletreet, heller, korleis gjekk det med deg, TT?

  8. TT Says:

    Juletreet eg hadde til overs blir nok ved, ja.

  9. eies Says:

    Eller spikka grautatvorer, selja dei på husflidsmessa til hausten, bruka pengane til å kjøpa nytt juletre og investera resten av pengane i eit eller anna lurt, og så, etter kvart, verta millionær/milliardær. Slik som Olav Thon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: