Juletre

Viss nokon er i beit, så har me eit juletre av gran – for mykje.

14 kommentarar to “Juletre”

  1. TT Says:

    Eg har eit furutre til overs, men det er vel i seinaste laget kanskje…

  2. JAa Says:

    Eg er mest spent på grunnen til at desse trea er til overs. Visste de ikkje kor stor skog de skulle ha i stova?

  3. eies Says:

    JAa, tenkte berre at det var betre at nokon som var i beit kunne overta treet, i staden for at det vert kasta. (Det vert det forsovidt uansett…)Kan lova full diskresjon. Namnet til den som reiser med treet vert td. ikkje lagt ut her på bloggen.

    Elles minner dette litt om grafsing i folk sitt privatliv. Og eg likar ikkje Se og Hør sine metodar. Likevel kan eg røpa at det ligg kvalitetsmessige vurderingar bak. På ein måte kan ein seia at juryen ikkje var samd i det første forslaget.

    Må be om at evt. fleire spørsmål blir retta direkte til bloggeigar, og ikkje her på tråden.

    Men treet er etter mi meining heilt ok.

  4. ha Says:

    I desse tider då ein prøver å vise måtehald p.g.a den finansielle krisa i verda( Kristin ville at me skulle handle over evne). Så forundrar det meg at ein ikkje tek slike hensyn i juletreskogen og. Har alltid vore av den formeining at det treet som vert hogge er godt nok! Å hogga eit nytt tre berre fordi det ser finare ut er ein uting, du vil alltid finne eit som er finare så når øksa er brukt så fram med skylappane. Det treet du ser som er finare står der sikkert til neste år, større og finare.

  5. eies Says:

    ha: Heilt einig, 100% einig, men…

    (OG so angrar eg bittert at eg skreiv om juletreet her på bloggen. Men tippar at det er dette innlegget som blir mest lese. Har nok funne litt av løyndomen bak Se og Hør sin suksess.)

  6. eies Says:

    – men eg har ein annan logikk: Med attgroingsplaga burde eigentleg folk ha endå fleire juletre. og nokre burde også vera av or og bjørk. Så eg har vel gjort mitt vesle bidrag til å hindra attgroing.

    Eit anna moment er at gran blir rekna som “ugras” her på Vestlandet.

  7. Tomas Says:

    Berre hogg og kast granjuletre, det de greier!

  8. eies Says:

    Meiner du det er faunakriminalitet, unnskyld: florakriminalitet (-eller kva det heiter), å planta gran her på Vestlandet?

    I tilfelle, så ser eg at du visst har Staten i ryggen: http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/regpubl/stmeld/20002001/Stmeld-nr-42-2000-2001-/12/4.html?id=325315

  9. Tomas Says:

    Ikkje i område som absolutt ikkje høver for noko anna, der er det ok. Men samstundes er vel det like vanskeleg å få hogga/få dei til saga, desse trea, som det er å planta dei….Elles, der folk og fe ferdast burde granplanting i større skala ikkje vore gjord i det heile. Om det veks til med bjørkeskog, kan det vera like vanskeleg å ferdast i slike område, men likevel, då er det ein naturleg prosess som me menneske ikkje kan stoppa, og bjørkeved er meir verdt enn gran…

  10. eies Says:

    Trudde at skurtømmer av gran var meir verdt enn bjørkeved.

  11. Tomas Says:

    I kroner og øre kan vel det stemma, men summerar ein alle plussar og minusar, kjem ein fram til at bjørkeved er betre, meinar eg….

  12. Tomas Says:

    Inni granskogen…

    La gravmaskina gå amok i granskogen, du ser kva presisjon den har…:

    http://www.gardsdrift.no/id/35193

  13. eies Says:

    Videoen minner meg om historien om presten som besøkte den veldrivne garden, men der det no hadde gått fleire år utan at det hadde kome arvingar.

    “Men jeg ser at dere dessverre ikke har blitt velsignet med noen barn enda…”, sa presten slik som berre prestar i såkalla gode historiar kan seia det.

    “Å ja, du veit no da,” sa kjeringa litt iltert, “da so ikkje kan gjerast med traktoren, da blir ikkje gjort helde da, her pao garden.”

    Ein annan historie, sann denne gongen, trur eg: Når presten i Balestrand hadde hatt dugnad/hjelp på prestegarden, fekk bøndene velja mellom ein dugeleg dram eller granplanter som løn for arbeidet. I dag er det såleis lett å sjå ved å kika opp i liane, kven som var mest glade i brennevin…

    På Vigdalsstølen planta han Li-Hans gran. Då verneplanen for Breheimen skulle utarbeidast, stod det mange fy-ord om desse granane. Historielaust, meiner no eg.

    Går me ein til to generasjonar attende, såg vel dei fleste bøndene på grana som nærmast ei Guds velsigning. Grana skaffa oss arme vestlendingar skurtømmer på “no time” (om enn litt laus material – sjølv om arkitektane sidestilte gran og furu styrkemessig, i konstruksjonar.) Folkeskuleklassar var rundt omkring på gardane og planta gran.

    Ulempen med ein granskog er, slik eg ser det, at skogbotnen vert nermast “steril” – nesten ingenting vil veksa der. Dessutan skal visst jordsmonnet bli surare, men kor alvorleg dette er, veit eg ikkje.

    Ta ein titt på denne debatten frå Balestrand kommune si heimeside, Tomas: http://www.balestrand.kommune.no/?teneste=forum;vis=506 Sjølv om dette for det meste vart ein persondebatt.

    Er ikkje ein liten granplanting ein lun stad der hjort, sauer og fe kan søkja ly i dårleg ver?

    Kor stor fare er det for at grana spreier seg og legg under seg vestlandsliene? I tilfelle bør me gjera noko, men eg ser ingen umiddelbar fare. Gjer du… ?

    Dessutan er loket på feler og hardingfele laga av gran. Men det må vera tettvoksen/seintvoksen gran.

  14. Tomas Says:

    Ja eg ser det at granfelt kan vera ein god “fjøs” for ulike dyr. Men sauer og kyr som går i høgfjellet, er vel ikkje granskog noko fjøs likavel. Dei søkjer vel ly bak sotore steinar, hytter og liknande. Men granfelt er veldig bra for dei som har sauer og storfe ute store deler av året. Rett nok seiast det at røtene kan ta skade av at dyra oppheld seg mykje der, og at trea døyr, men dette gjeld vel viss arealet er avgrensa og dyra mange.

    Blant anna vart det på Dalestølen på Indre Hafslo,gjort ei storplanting av gran for ein del ti-år sidan. Dette vart gjord der innmark vert til utmark, kort sagt er dette området no totalt uframkomeleg for både menneske og dyr . Mykje snø i området gar ført til at trea har form som S-ar og er ikkje ein gong verdt til ved. Og alle sjikta er daude, berre trasjikte “lever”.

    Men. Der denne granplantinga fører til ras av ulike slag vert mellombels hindra/”utsett” og området ikkje er nytta av menneske eller dyr, kan eg gå god for ei granplanting. Elles, i område som vert aktivt nytta, meinar eg generelt, at dei negative sidene med denne plantinga er så tung på vektskåla at dei positive må gå tapt…Jamfør linken til Einar frå Balestrand.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: