To utstoppa revar

rev3

eies har lært seg at det ofte er lite hensiktsmessig å blanda arbeid og privatliv. Likevel, denne gongen gjer han eit unntak.

På sløydsalen på ungdomsskulen har det opp gjennom åra vorte stoppa ut nokre mindre dyr, for det meste mår. I år ville to gutar stoppa ut kvar sin rev. Dei gjekk entusiastisk i gang og resultatet vart slett ikkje verst. Eller kva…?

Kroppane vart kjøpte frå http://www.bioprep.no/  Det var første gongen me prøvde dette, og det forenkla arbeidet monaleg!

Når det gjeld prepareringsveske, har eies høyrt ein del hysj-hysj-reseptar. Men han likar ikkje skumle og halvskumle giftstoff, så han brukte ei gamal, dansk oppskrift med maursyre + salt. Denne brukte eies for 30 år sidan, og etter det han veit har ikkje preparata misst pelsen e.l. frå den tida. Blandingsforholdet må han koma attende til.

Hjå godkjend preparant kostar det 4000 – 5000 kr å stoppa ut ein rev.

About these ads

3 kommentarar to “To utstoppa revar”

  1. kjellrun Says:

    Tøft! Det er noko å komme heim med frå skulen :-) Eg for min del kan vise til ein litt merkeleg og totalt uhandterlig skulptur laga av ei trerot, frå mine sløydtimar på ungdomskulen. Trur den framleis står inst i skåpet hjå mor mi.

  2. ha Says:

    Er tydeleg at det er mange år sidan eg gjekk der! På den tida var det knapt nok me fekk lov til å dreia ei skål. Og var me so heldige så var det mest eit halvt mål med ved i ho.

  3. Utstoppa hjort « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    [...] viss nokon vil prøva sjølve, skal eg gjerne halda eit lite “kurs”. Sjå elles desse to revane  som to elevar stoppa ut på ungdomsskulen for eit par år [...]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

%d bloggers like this: