Avsløring og oppsummering av folkemusikkdebatten

 Det siste innlegget frå DVD-Jon var ei fin avslutning, tykkjer eg.

 Til vanleg har bloggen min vel 60 lesarar (views) pr dag. Då Jostedøl og Ein som lever i 2008 kom inn i diskusjonen, auka tal lesarar til 173 views. (Tal lesarar er ikkje heilt rett, eg trur at lesarane vert registrerte kvar gong dei er innpå.)

 Eg har fått ulike reaksjonar på det eg har skrive:

  1.  Nokre har sagt at dei er samde med meg.
  2. Ein (leiaren i Spel- og dansarlaget) sa at ho var redd at dette kunne vera øydeleggjande for laget, og sårande for alle dei frivillige som stillte opp, gong etter gong, (instruktørar og/eller andre frivillige), og at viss eg meinte dette seriøst, kunne eg ha gjort det på ein annan måte. Eg legg berre til: Sjølvsagt var det ikkje meininga mi at nokon skal slutta i protest.

  3. Har ikkje merka at nokon har slutta å helsa eller snakka til meg.

  4. Eit par gonger har eg merka den kjende lett pinleg tausheita. Men her kan det sjølvsagt vera eg som har vore for følsom. Spelemenn er kjende/frykta for å ha finstilte nerver.

  5. Mange har ikkje gidda å lesa det eg har skrive. Det er heilt naturleg og som venta. Men eg ser også at å leggja ut litt grums frå folkedjupet kan auka interessa for eit blogg-innlegg minst tre gonger.

 Som mange sikkert har funne ut etter kvart, er det underskrivne som har skrive for Jostedøl og Ein som lever i 2008. Det desse to har skrive er slikt eg har høyrt frå det som også kan kallast det anonyme folkedjupet som SB skriv. Dette er tankar og haldningar som det kan vera greitt å få fram i lyset, og fram i diskusjonen, av og til. Sensur er sjeldan bra. Eg poengterer: Dette er meiningar og haldningar som eg absolutt ikkje går god for!

 Eg understrekar nok ein gong: Alt det Jostedøl og Ein som lev i 2008 har skrive har eg høyrt frå andre – rundt om kring. Mest i kommunesenteret, men også her i dalen, elles i kommunen og i Sogndal. Ingenting har eg funne på sjølv!

 Men det eies har skrive, går eg god for. Ta gjerne kontakt med meg privat viss du lurer på noko.

 E.E.

6 kommentarar to “Avsløring og oppsummering av folkemusikkdebatten”

  1. TT Says:

    Var eg den fyrste som skjønte at her var noko muffens? Kva er premien? Eller var eg kanskje den siste?

  2. rypa Says:

    Eg tykte iallfall at det var ein utruleg interessant debatt, og ein utruleg interessant ortografi!

  3. eies Says:

    Takkar for alle positive kommentarar (inkl grok)!

    Fryktar at det kan koma sinte kommentarar og truslar også (- sjølv om eg meiner at ingen har grunn til å kjenna seg foruretta.) Då kan det vera godt å ha nokre positive kommentarar med i “sekken”.

  4. kjellrun Says:

    Du fekk i alle fall meg i godt humør :-)Takk for det !

  5. Ida Kristine Sagerøy Says:

    Medan eg las det forrige innlegget ditt Einar, så fekk eg utruleg lyst til å svare for det var ein del eg ver ganske einig i, men vist det berre er tull, så er det ikkje noko poeng i det. Hadde det ikkje våre “avslørt” så hadde eg svart på innlegget – med akkurat den meininga eg har om Jostedalen, og alt det andre som blei diskutert i det innlegget. Men om det skulle vere ønskje om å lese det eg hadde tenkt å skrive, så er det for so vidt berre til å sei i frå, for det blir lagra på maskina om ikkje så alt for mange minuttar..

  6. Håkon Høgemo « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] beltestaden” for ting han har skrive om felespel. Det kan de lesa litt om her og her og her.  Men eies vil også streka under at han også har møtt mykje forståing og sympati for meiningane […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: