Nokre tankar om stoda for folkemusikken i Jostedalen

I helga skjedde det veldig mykje i Jostedalen. Fredag hadde Pernille Frøholm, hardingfele og Irene Tillung på akkordion ein nydeleg konsert på Jostedal Hotell. Flyet var forseinka, så medan publikum venta, spela Jostedal Spelemannslag opp til underhaldning og dans. Og ein del sette kanskje minst like stor pris på å høyra Spelemannslaget som på dei som heldt konsert…

 

Spelemannslaget, ja. Kven er det? Etter at eg flytta til Jostedalen har vel mannskapet vorte skifta ut fleire gonger. ”Mannskapet” og ”Spelemannslaget” er eigentleg feil begrep. ”Kvinnskapet” og ”Spelekvinnslaget” hadde vore betre. ”Felejentene” er også eit godt innarbeidd omgrep, og årets utgåve er vel nummer fire eller fem i rekkja etter dei opphavlege ”Felejentene”. Eg har alltid likt gode feler og gode jenter, og kan ein slå det saman, så blir det endå betre!

 

I fronten for Spelemannslaget sat det seks eksemplar av desse unge, gode jentene, som er flinke til å spela, men som eg håpar blir endå flinkare etter kvart. Og ser ein bort frå dei to vaksne instruktørane, og dei to ”innleigde” for kvelden, så er det vel lite tvil om at Spelemannslaget i Jostedalen, det er desse seks ungjentene i barneskulealder. Det er i alle fall dei som har faste øvingar no.

 

På trekkspel: Helene M., musikalsk så det held, med ein drivande rytme i spelet som smittar over på dei som spelar saman med ho. Også tidlegare har laget vore kjende for dette verkeleg gode drivet og spelet som dansarar set slik pris på.

 

Helene har hatt mykje av ansvaret for øvingane, saman med Else M. Ho var ein av dei første ”Felejentene”, og det gler ho sikkert å sjå born og tanteungar som no har begynt å traktera fela. Eit par av dei aller yngste felespelarane i dalen var ikkje med denne gongen, men berre vent: Dei kjem nok! Else er alltid like smilande og blid: Ingen sure miner der i garden!

 

Ei som ikkje var til stades denne kvelden, var Oda Heidi B. Ho har hatt undervisning med jentene i musikkskulen. Ho er flink. Dei set nok pris på å ha ein ung og kul lærar!

 

På kontrabass var Anders Olav E. innleigd for kvelden. Heller langt mellom jazzmusikarar i gamaldansorkestera, viss me ser bort frå salige Håkon Nielsen, då… Me lever heldigvis i ei tid der grensene mellom dei ulike sjangerane ikkje er absolutte lenger.

 

Og bakerst ”i halvdrøm på ytterste linje” sat ikkje Aa. O. Vinje, men Einar E. Han har ikkje vore med på øvingane i det siste, men denne kvelden ville han vera med på. Dressa seg opp hadde han gjort, og det såg ut til at han treivst…

 

Laurdag og søndag arrangerte ”Jostedal spel- og dansarlag” kurs i Jostedalsspringar. Det var med 7 par. Frå Jostedalen, men også frå Gaupne og Skjolden. Kjempeflott at ein ikkje lenger ser teikn til ”proteksjonisme” innan folkekunsten. Alle var like velkomne!

 

På hardingfele spela Kine S. og Einar E. til dansekurset, og instruktørar var Oddbjørg E. og Morten V. Det var fin stemning. Terping på detaljar, men det vart også påpeikt den individuelle fridomen dansarane har. Passeleg seriøst og passeleg mykje fleip og tull. Viss desse fortset, så lovar det verkeleg bra.

 

Parallelt med springarkurset var det dansekurs for dei yngre. Instruktør var Brit Guggedal. Ho har lang røynsle som instruktør, og kursa var vellukka. Høg stemning blant dei unge dansarane.

 

Det som har gleda meg aller mest dei siste åra er at ein av landets fremste utøvarar på hardingfele, med sterke røter til Jostedalen, har kome hit ei helg tidleg på nyåret for å halda spelekurs. Spel- og dansarlaget skal ha både ros og ære for at dei har fått til dette.

 

Det som har skuffa meg aller mest, er at me ikkje har fått til øvingar her i dalen der me arbeider med desse slåtteformene, mellom anna på slåttar etter Olav Sperle og Sjur Hesjevoll.  Mange triste og tunge stunder har eg hatt der eg har tenkt på dette.

 

Eg er djupt såra og vonbroten over at det ikkje går an å få til slike øvingar i Jostedal Spelemannslag.

Forenkling av problemstillinga

Har fått tips om at det nok er berre nokre få som forstår kva eg vil fram til. Prøver meg difor med ei forenkling av problemstillinga.

Problemstillinga kan samanliknast med masseidrett og toppidrett. I håp om å provosera, vil eg sei at masseidretten/masse-spelet er det ingen fare med i Spelemannslaget. Og det gler me oss alle over.

 

Det som manglar, er “toppspelemenn”. Med toppspelemenn meiner eg noko som alle me vaksne (- og nokre av dei unge) som spelar hardingfele i Jostedale/Luster/Sogndal… kan oppnå med eit minimum av anstrengelse. To fellesøvingar i månaden burde halda… Målet kunne td. vera å delta i samspel på ein kappleik.

 

Alle lever me eit travelt og hektisk liv. Noko vel me å vera med på, andre ting vel me bort….

40 kommentarar to “Nokre tankar om stoda for folkemusikken i Jostedalen”

  1. eies Says:

    Ser på blogg-statistikken at det er lite interesse for dette temaet. Tyder det på at folkemusikken i Jostedalen er daud…

  2. eies Says:

    Fekk tilsendt ein epost som truleg er meint som eit debattinnlegg. Sjølv om eg har både hotmail-adressa og IP-adressa, vil eg sjølvsagt lata alle vera anonyme. Innnhaldet vil eg heller ikkje kommentera, ikkje no i alle fall. Fint er det, uansett, at ei sak kan bli belyst frå fleire sider:

    “Eg må si at den vollsomme fokuseringa fra Jostedalens side er eg meget skeptisk til. Vi lever tross alt i 2008 og nasjonalromantikken er ein tilbakelagt episode. Ved etvert arrangement i kommunen så er det ikke langt mellom kvar gang desse hompetittengreiene der frammeifra kommer.

    Bunader og felespill er det ikkje nok at vi har 17.Mai og jubileum der desse folka i vømmølsdrakt får slepe til? Hallo? Vet dere forresten kva ein gentleman er? Jo det er ein som kan spelle trekkspell men lar det være. Tenk på det! Og barna som spiller og bunad. Kva må ikkje disse bli utsatt for mobbing og det som verre er nå dei kommer ut i verdan. Er ikkje Jostedalen stedet for unge akademikere, datagründere og ressurssterke personer over alt?

    Og så sitter de fast i kumøkka og eter rumagraut og drikk surmjølk og spegekjøt. Nei tenk dere om. Tenk kva slags signal de send til barna dykkars. Dette er faktisk litt pinelig og vi er fleire som har vori einige med meg. Lykke til i DAGENS samfunn!.

    Mvh

    Ein som lev i 2008.”

  3. Jostedøl Says:

    Dette var ikkje enkelt, forstår du det sjølv? Spelemannslaget har i alle år gjort ein framifrå figur for bygdi og marknadsført tradisjonane våre generelt, og folkemusikken og -dansen spesielt, på ein framifrå måte. Eg ha vore på fleire konsertar der spelemannslaget har spelt til dans etter konserten. Og eg trur publikum likte vel så godt å høyra på kjekke felejenter enn å sjå på dei profesjonelle tilreisande utøvarane.

    Og kvifor få inn tilreisande instruktørarar når me har så gode krefter som me har i bygdi. Er dei liksom ikkje gode nok, eller? Dette er å gå over bekken etter vatn.

    Eg trur det vil skade folkemusikken i Jøstdalen viss ein no skal få ein debatt om at det som vert gjort av spelemennene og -kvinnene våre ikkje er godt nok. Spar oss for dette, er du snill. Og gamaldansen i Jøstedalen lever i beste vegåande, ingen tvil om det. Me er veldig glade for spelemenn som flytter til dalen. Men lytt til dei innfødde, som du kallar oss. Spar oss for denne diskusjonen.

  4. eies Says:

    Me har eit sjeldent godt spelemannslag til gamaldans. Det har eg sagt ved fleire høve. Det eg saknar er at nokre av spelemennene også kan ta inn springarar og hallingar på repertoiret. Dette saknar eg, verkeleg!

    Og det handlar ikkje om å gå over bekken etter vatn når landets beste spelemann kjem hit for å halda kurs. Men det er pinlegfor Laget at ikkje dette vert fylgt opp resten av året.

  5. Jostedøl Says:

    Dette blir verre og verre å forstå. Eg har då verkeleg høyrt Jostedal Spelemannslag spele både springar og halling! Spelekvinner frå laget har då i dei seinare åra spelt til dansarar på kappleik og i andre samanhengar.

    Og det er slett ikkje alltid at dei beste spelemennene har den beste takten og rytmen, det veit me alle. Til dansespel har Jostedalen dei aller beste utøvarane i dag.

  6. eies Says:

    Spissformulert: Skal alle vera fornøgde med “folkemusikk-light”, eller skal nokre av oss av og til også prøva på ein springar, halling eller gangar i ei god form.

  7. Jostedøl Says:

    “Ei god form”? Då reknar eg med du meiner det finst dårlege former også. Korleis passar det inn i ideologien til ein SV-ar som du visstnok er.

    “Folkemusikk-light” seier du. Eg trudde folkemusikk var fokemusikk, punktum. Støtt opp om dalen. Me veit kva me har, men ikkje kva me får.

  8. eies Says:

    Fekk tilsendt nok ei e-post som truleg er meint som debattinnlegg. Er vel rettast å ikkje kommentera innlegget her og no:

    “Merkelig, det er heilt uforståelig. Når Folk fra jostedalen er ute nedom Haukåsgjelet, i alle fall vis de er på eit gammeldansarrangement. De setter seg tett isammen og blander seg ikke med andre. Sitter der med kaffikoppane og sjokadekakestykket sitt og det er umulig for andre å sleppe inn i klikken. Er dei livredde for verden nedanom Haukåsgjelet eller. Det helt greitt at de vil være spesielle men. Har det ikkje kommet fleire innflyttarar til dalen med høg Iq. Og får ikkje desse sleppe til eg trur ikkje detnei. Kvar lenge vil desse bu der trur du. Nei gløm Havregrauten og strielefsa og bli med i verden med oss andre, Det vil både du og barna deres profitera stort på. Gamaldans og felespell var ok i middelalderen. I dag har vi faktisk andre datamaskiner. Det med kaffikoppane har naboen fortalt.

    Mvh

    Lev i 2008”

  9. Jostedøl Says:

    I den grad eg forstår det som vert forsøkt skrive, må eg berre ta sterk avstand for dei tankar og haldningar som Ein som lev i 2008, set på trykk. Prøv å visa i handling det du skriv. Viss du ikkje ein gong kan skrive nokolunde leseleg og legge inn eit vanleg blogginnlegg, så kanskje du heller skulle begynne med frimerkesamling, quilting eller noko anna enkelt.

  10. Ein som lev i 20008 Says:

    No ser eg hva eg gjorde feil. I mailadressa skrev eg -@online i stadet for_@online. Så lite skal det til med de fintfølande dataene vi har i dag for tiden.

    Bare for å ta et eksempel. Da spellemannslage hadde kurs for nokre år tilbake annanserte de KURS I PARHALLING. Vet du kva naboen kalte da?han sa HALLPARING og så sa han HALVPARING som vi lo. Men der framme er di lke gravalvorlige og dansar so det gjaldt livet med spelemannen og greier. Ser de ikkje komikken i det de driv med?????

  11. eies Says:

    Eg tykkjer det er veldig bra med ulike synspunkt på det Spelemannslaget driv med. Men syrlege kommentarar og flåseprat passar betre i eit anna forum.

    Saka gjeld: Skal spelemannslaget halda fram som dei gjer, eller bør dei også ha øvingar i halling- og springarspel?

  12. Morten Vigdal Says:

    Heisann, her var det blogging om folkemusikk. Ser for meg ut som eies og Jostedøl brenn for den same saka, men snakkar litt forbi kvarandre. Er enig med eies at spelemannslaget bør ha meir øvingar med halling- og springarspel slik at me dansarar får endå fleire og betre spelemenn å danse etter enn me allerede har. “Ein som lev i 2008” gidd eg ikkje kommentere.

    Medan eg er her nyttar eg sjansen til å minne om samdansen på Eikum Hotell tysdag – siste før jul. Første økt presenterar Ramstad siste CD og spelar saman med Norill Nordheim. Siste økt blir det mykje pols. Velkomen!

  13. Ein som lev i 20008 Says:

    Du gidd ike komentera, Martin Vigdal men har du argumenter då. Eg tykker det er heilt ok at de arrangera gammaldans for de eldre og på omsorgsentret. Det kan vell være bedre enn de evinnelige andaktene. Og gamlingan like å danse med de unge sykesøstran😉

    Men når barn og unge skal tvinges til denne “gammeldassen” då reagerer jeg må eg sei. Har ikkje barna vore nok medmasse lekser, håndballtrening, fottballog korps. Skal de i tillegg danse gammeldans setter jeg foten ned. Hallo? Ikke en eneste grunn tel gammeldansen. Og til og med i musikktimen og gymtimene nei nok får være nok!!

  14. Morten Vigdal Says:

    Til Ein som lev i 20008 (altso om 18000 år): Forrige kommentar er det mest fornuftige du har sagt på denne bloggen.

  15. Morten Vigdal Says:

    Oopps skreiv min kommentar før din var kommen fram. Den var nemleg blank fyrst. Mykje betre forresten. Om dine born skriv like dårleg norsk som deg bør dei nok halde seg heime og gjere lekser.
    Skal gjerne kommentere meir, men ikkje før du set navnet ditt på trykk.
    Anonyme innlegg er ein uting.

  16. eies Says:

    Einig i at anonyme innlegg er ein uting. Og personangrep må vera underskrivne med namn – viss ikkje vert dei sletta. (- er dei ufine vert dei sletta uansett). På den andre sida skal takhøgda her vera høg, og det er viktig at all kritikk kjem fram.

  17. Jostedøl Says:

    Kva forskrudde tankar som plagar deg “Ein som lev”, er ikkje godt å seie. Men npko er det. Kanskje du skulle vurdere å gå i terapi? Du spreier kun møk og rykter uten hald i. Ta deg ei stund på Pyramidekafeen og sprei rykta dine der. Der er det vel nokon som giddar høyra på, kanskje. Men spar denne diskusjonen for meir av vrøvlet ditt.

  18. En som lev i 2008 Says:

    Eg må si at det er irriterende at de som skriv er mer opptatt av rettskrivninga deg må jeg si! Og at du Morten bruker nanet ditt er ære være deg for det. Men ingen andre her på bloggene brukar navnet sitt så kvifor eg det er no bare ett spørmål etter. Å viss jostedøl sier eg skal gå ti sykolog så er ikke det et personanngrip eller så vet ikke jeg noen ting!!!!!

    Men kommer du frammomm Haugåsgjelt så er det ingen mobbing eller nokon ting lenger. Kona til naboen kjenner ei som har en venninne og det ble skvisa ut av jostedalen. Det var ingen som ville snakke med henne og fikk dattera lekekammerater. De flytta. De må ikkje tru at dei er så bedre framme der!

  19. eies Says:

    Eg forstår at folk kan bli opprørte og engasjerte. Men å koma med personkarakteristikkar og skjella kvarandre ut, kjem det lite godt ut av. Misunnelse er vanskeleg å kurera. Viss diskusjone held fram som han gjer, vurderer eg å sletta innlegg evt. stengja heile debatten.

    Minner “forresten” om at temaet var om spelemannslaget kun skal spela gamaldans eller også litt meir krevjande slåttar…

  20. Morten Vigdal Says:

    Meinar då fortsatt at spelemannslaget både kan, bør og skal spele låtar innan det me gjerne kallar folkemusikk. Det at ein i dag allerede har eitt høgt nivå kan umogeleg vere eitt argument imot øvingar. Har aldri høyrt om musikarar som har vorte so gode at dei ikkje treng å øve meir. (dette gjeld sjølvsagt ikkje folkemusikkbandet “under the table and drinking”).
    Om du eies greier å stable i gang øvingar må dette vere kun positivt.
    Det same gjeld sjølvsagt dansen, men her er det etablerte øvingar annankvar tysdag i partalsveker. Alle er hjarteleg velkomne både dansarar og spelemenn.

  21. eies Says:

    Veldig mykje er veldig bra innan folkemusikk og -dans i Jostedalen.

    Det er kanskje eg som har høge ambisjonar, men eg har faktisk prøvd og prøvd på dette, Morten. Tok det opp på årsmøtet i fjor, også. Problemet er vel at “dei vaksne” har begrensa med tid, og då prioriterer ein andre ting enn å øva på ein elgammal slått etter Olav Sperle eller Sjur Hesjevoll. Og dei “mellomstore” har sikkert nok med øvingane i gamaldans, trening, lekser, …

    PRIORITERING er nok nøkkelordet her. Og det er heilt greitt at øving på gamle slåttar kjem langt nede på prioriteringslista. Forstår og til ein viss grad. Eg blir berre litt trist og lei meg. Men ingen må føla seg pressa. Prioritering er ein heilt ok ting – eg og må prioritera (- helst ned…) Så om ein prioriterer vekk folkemusikken no nokre år så treng ikkje det vera for resten av livet, håpar eg😦 😦 😦

  22. eies Says:

    Og eg tykkjer at når Spel og Dansarlaget skaffar oss den fremste kjennaren av dei eldste slåtteformene frå Jostedalen – til å halda årlege kurs – så prioriterer me ikkje dette så pass at me giddar å samlast for å øva på det han har lært oss. Men me spelar opp att, og opp att, og opp att, … på “Postmannen”, “Jostedalsvalsen”, “Lystig og kåt” … til me blir “lilla i trynet”. (I og for seg er jo dette kjempefine slåttar. Og nybegynnarar treng å repetera, men…)

    Dei aller beste, eldste slåttane blir ikkje spela lenger av spelemenn/-kvinner her i dalen. Det tykkjer er trist og leitt.

  23. Jostedøl Says:

    Og du skal liksom stå fram som ein sentral SV-ar. Trudde faktisk ikkje at SV var så opptekne av å hjelpe dei beste: dei beste spelemennene. Trudde det var folket det gjaldt der i garden.
    Hugs på at me har eit nokså stort lags- og organisasjonsliv. Viss alle lag skulle drive slik du vil, så ville alle vere utbrende etter kort tid.
    Me lever i ei lita bygd der alle kjenner alle. Kven er det som nektar deg å spele desse ELITE-slåttane som du seier skal vere så bra. Men hald deg for deg sjølv og ikkje plag oss andre med dette påklistra kunstpratet ditt. Kom deg ned att på jorda.

  24. Ein som lev i 2008 Says:

    Ha ha ha hi hi, spiller dei virkelig noe som heter Lystige og KÅT! en må vel passe kjempegått til HALLPARING. Det er vel i den samfunnshallen dykkar de diver med dette. Først i badstua så dykkar blir LYSTIGE OG KÅTE. Så er det HALLPARING eller de gamle orka ikkje meir enn HALVPARING kanskje. Nei je orka ikkje å bli iretert leng heller. Og så er det ALLE KREGAGENTER FEK SEG – -UKAR i natt. har dykkar andre mosomme fele musikk. Eg gler meg virkelig🙂

  25. eies Says:

    Til Jostedøl vileg berre seia: Ei eventuell partipolitisk tiknytning er heilt og fullt og totalt irrelevant i denne saka.

    “Ein som lev i 2008” har for så vidt rett til å skriva kva han/ho vil, men det nivået han er på no, blir veldig platt og øydeleggjande for diskusjonen. Blir det fleire slike ikommentarar, må han rekna med å bli heilt eller delvis sensurert. Men i utgangspunktet har eg alltid meint at trykkjefridomen er særs viktig.

  26. Morten Vigdal Says:

    Kunne vore interresant å visst kva kultur (og artistar) “ein som lev i 2008” meinar dagens unge bør oppfostrast på.
    Eg fryktar det verste………….

  27. Ein som lev i 2008 Says:

    Det er enkelt. Eg liker alle musikk. Men ikke klassisk og oprah men noe klassisk er ganske brukbart som Vivaldi, Beethoven og Munch.
    Dere i jostedalen har forresten mange gode musikantar som Iris Generous Days og bandet til han elvekroken som hette Infidels tror eg. Det var musikk for både hjerta og til dansefoten. Hviss de der framme i dalen kann kaste av dykkar dette felemusikkåket. Kattejammer og gnikking. Fiolinane går fint oppi restavfalsdonken ingen problem. Få tak i han Elevkroken og gutta i bandet hass og lag rockeverkstad eller noe. Det blir kjempebra. Å noe som ungdommen og guttane kan se opp til og forbilder.

  28. Morten Vigdal Says:

    Ærlegt talt. Når du endeleg skal dra fram noko positiv om Jostedalen kjem du dragande med “Infidels”. Usømeleg musikk som “sympati for the devil”, drikking på scenen og kvinnfolkgalne som få. Nei takke meg te Spelemannslaget med “lystig og kåt.

  29. eies Says:

    Jostedalen var tidlegare kjend som FOLKEMUSIKKBYGDA NR 1 i “miljøet”. Her var det gode spelemenn, sjeldne danseformer, gode slåttar, kvedarar, dansarar…

    I dag er eg redd eg kjem til å seia FOLKEMUSIKKBYGDA-light. Framleis har me gode spelemenn, sjeldne danseformer, gode slåttar, kvedarar, dansarar… Og ikkje minst får dei yngste god opplæring og oppfylgjing.

    Men viss ikkje nokre av dei eldre eller yngre spellemennene/-kvinnene prioriterer å læra og ta i bruk dei aller finaste og sjeldnaste slåtteformene, som han Håkon H. årleg lærer frå seg, då går det slik. Eg er glad i bygda og folk som bur her, men for meg vert då Jostedalen: FOLKEMUSIKKBYGDA-light.

  30. TT Says:

    Eies: eg tenkte folkemusikken i Jostedalen levde i beste velgåande.
    Du skriv sjølv om Ein som lev i 2000: “Men syrlege kommentarar og flåseprat passar betre i eit anna forum”. Kvifor tok du då inn fyrste innlegget hans? For å få i gong ein diskusjon?
    Elles er eg ikkje so sikker på at Ein som lev i 2008 er den han gjev seg ut for. For alt me veit kan han vere ein skrivefør Jostedøl.

  31. eies Says:

    TT: Eg og tenkte at folkemusikken levde i beste velgåande. Eg trudde til og med at eg kunne ein del av desse eldste slåttane frå dalen vår. Men etter at han Håkon H. tok til å halda kurs, følte eg at eg berre måtte læra dei fleste om att. Slåtteformene hans var så mykje finare enn dei eg rikta og spelte på.

    Lenger oppe i tråden har eg skrive: «Me har eit sjeldant godt spelemannslag …» Men les litt meir enn nett dette sitatet..

    Eller eg kan prøva ei «likning»: Lat oss tenkja oss at idrettslaget Bjørn av ein eller annan grunn ikkje lenger ynskte å leggja tilhøva til rette slik at dei aller beste, unge langrennsløparane fekk utvikla seg og vera blant dei beste i landet. I staden ville Bjørn satsa meir på masseidrett og dei aller, aller yngste utøvarane. Då ville eg truleg ha brukt uttrykket «Skigruppa-light». Einig?

    No er det ikkje rett å samanlikna felespel og langrenn slik utan vidare. Men eg prøver likevel i håp om at problemstillinga blir enklare å forstå. Så må du eller andre gjerne peika på svake sider ved samanlikninga.

    Elles er sensur ein uting. Etter mitt syn er personangrep der einskilde ikkje kan forsvara seg, stort sett einaste grunnen til å driva sensur på ein blogg. Men bloggeigar har eit overordna ansvar. Det dei enkelte skulle ynskja å skriva av saklege og usaklege innlegg, er dei sjølve ansvarlege for. Folk kan vera anonyme, ja til og med bruka andre sitt namn. (Viss nokon kjenner epost-adressa di, går det greitt, i første omgang…, å gi seg ut for å vera deg. Skummelt. Men slike personar vert nok «tekne».) Då vil eg berre minna om at IP-adressa og epost-adressa har bloggeigar alltid tilgang til.

  32. DVD-Jon Says:

    Det å finne ut av eigaren til ei IP adresse er jo ikkje akkurat for kven som helst. Det er kun ISPen (Internet Service Provideren (Telenor, UPC osv)) som har informasjonen om kven som har forskjellige IP adresser til einkvar tid.

    Og ei falsk e-post adresse kan kven som helst lage seg..

  33. eies Says:

    DVD-JON kan berre ta det med ro: Eg har verken tid eller interesse av å forska på IP-adresser. Ein viss peikepinn på geografisk tilknyting, trur eg til og med at eg kunne finna ut av. Men viss nokon, mot formodning, skulle ynskja å skriva noko som kunne bli meldt, så trur eg at politiet ville ha gode sjansar til å finna syndaren – i alle fall datamaskina som har vore brukt. Einig?

    Ei FALSK epost-adresse går muligens an å laga, men eg trudde at mange lagar seg hotmail-adresser, og dei treng vel ikkje vera falske? Kva du har gjort, bør eg sjølvsagt ikkje skriva noko om. Høyrt om folk som har “dungavis” av hotmail-adresser. Kva dei skal med dei…?

    Heldigvis har jostedalsbloggane hittil stort sett hatt innlegg som har vore “ekte”.

    Så håpar eg at me så snart som råd kan koma attende til temaet “Folkemusikk-light” i Jostedalen.

  34. DVD-Jon Says:

    Tilogmed politiet slit faktisk med å få informasjon frå ISPen om kven som er eigar av IP`en. Skal vere alvorleg lovbrot før til og med politiet får den, må nok vere ein rettskjennelse.

    Men tilbake til saka. Eg håpar ikkje folkemusikken i Jostedalen blir ei light-utgåve. Eg meiner absolutt at Jostedalen burde få fram ein/ei mesterspelemann/dame som kan sette Jostedalen skikkeleg på folkemusikk-kartet. Så stå på eies!

  35. eies Says:

    🙂 🙂 🙂

  36. bjorjost Says:

    Eg trur at “Ein som lever i 2008” må vere kødd.
    Det er i alle høve svært godt gjort, med eller utan meining, å omtale kunstforma som “oprah”. Det er enten ekstremt intelligent eller det motsette.

    heh…

  37. eies Says:

    Det er rett: Innlegga til “Jostedøl” og “Ein som lever i 2008” var kødd, og det er bloggeigar som er ansvarleg for dette. Om det er formildande/forverrande at dette vart gjort for å få opp interessa for debatten, får andre uttala seg om.

    Akkurat her har eg fylgt jesuittpresten Ignatius av Loyola si utsegn: “Hensikten helliger midlet!” Men dette må vel reknast som ei “kynisk” utsegn (eller er utsegna ekstremt idealistisk…), sjå https://eies.wordpress.com/2007/04/11/eg-er-djupt-sara-og-vonbroten/. (Her kunne truleg ein kommentar frå Arvid E. passa inn…)

    Sjølv har eg rekna meg meir som ein idealist, og i liten grad som kynisk. Men personkarakteristikkar av ein sjølv har ofte lite for seg. Så her er det nok framleis muleg å debattera.

  38. grok Says:

    Ein har vel ikkje meir moro enn den ein lagar sjølv.
    Og dette var jammen kreativt..hehe

  39. Bjørnar Says:

    Helledussen! Vivaldi, Beethoven og Munch! Hahaha- Altså svært intelligent då, iallefall jekla moro

  40. Håkon Høgemo « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] og under beltestaden” for ting han har skrive om felespel. Det kan de lesa litt om her og her og her.  Men eies vil også streka under at han også har møtt mykje forståing og sympati for […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: