Sorgen og gleden

Sorgen og gleden de vandre tilhope,
Lykke og ulykke ganger på rad,
Medgang og motgang hverandre tilrope,
Solskinn og skyer de følges og ad.

 

Slik byrjar ein salme av Thomas Kingo. Kari Bremnes syng den så fint. Far til eies siterte ofte desse linjene. Kor mykje livsvisdom som ligg i teksten, er det kanskje ulike meiningar om. Men når ein føler at all ting går ein i mot, kan det vera trøyst og lindring i slike ord.

 

To gonger i år har eies vore heldig på jakt – til dels svært heldig. Men deretter er det som om lukka har snudd og han har vore forfulgt av uhell – i jaktsamanheng.

 

Det første uhellet var ein liten hjort, truleg ei (fjorårs)kolle,  som vart skoten like ved elva. Hjorten bykste på, la seg over på sida, og sokk – i alle fall tilsynelatande – der elva var på det djupaste. Men truleg tok straumen det daude dyret og førte det nedover strie stryk og ut for  fossar. Dette såg ikkje eies direkte sidan hjorten gjekk under vatnet, men han går ut ifrå at det var slik det skjedde. Elva hadde relativt lite vassføring denne dagen. Det vart leitt etter hjorten både om kvelden og dagen etter, men ingenting vart funne.

 

Trass i at eies var noko nedtrykt, ville han prøva seg att eit par dagar etterpå. Han sat godt plassert i eit jakttårn då ei kolle og ein kalv kom inn på bøen. Skot vart avfyrt, men kalven vinkla av om lag 90 grader, og forsvann inn i noko skogkratt. Eit mindre ettersøk denne kvelden og eit større morgonen etter resulterte stort sett i funn av ei lita skinnfille. Erfarne ettersøksjegerar fortel at funn av ei skinnfille tyder på streifskot. Eit skot som har gått inn i dyret vil ikkje resultera i skinnfille, seier dei. Difor har denne hjortekalven det forhåpentlegvis bra, men han har nok ei rift i skinnet etter kula. Eit kjøtsår ville ha gitt blod på sporet. Heilt sikker kan me sjølvsagt ikkje vera – men dette er det som er sannsynleg.

 

Her vart det truleg gjort ein såkalla menneskeleg feil under påskytinga. Børsa vart kontrollert og det vart prøveskote. Avstanden var ikkje stor. Skytestillinga vart analysert etter alle kunstens reglar, men utan resultat. Den einaste mulege forklaringa var at det var kaldt denne kvelden, det var rim og is på ein bjelke der eies støtta seg, og børsa kan ha kome i kontakt med bjelken og det har vorte ein uheldig glipp sideveges i det skotet vart avfyrt. Noko betre forklaring har han ikkje.

 

I kveld var eies på veg heim att då han køyrde på ein hjort på Leirmo. Farten var liten, så truleg berga hjorten seg. Men sjølvsagt vert det gjort eit ettersøk i morgon tidleg. Bilen fekk nokre bulkar pluss eit knust lykteglas, men skulle snart avskiltast likevel. Så materielt er det ingen problem.

 

No sit eies og sturer litt framfor datamaskina: Kva blir det neste? Kor uheldig kan ein vera? Vil ulukka snart snu, eller må han berre rekna med fleire uhell… ?

 

Sorgen og gleden de vandre tilhope…

 

10 kommentarar to “Sorgen og gleden”

  1. fos Says:

    Har du ikkje vore heldig tre ganger under årets jakt da?

  2. eies Says:

    Muleg det. Då er det vel i balanse, då…

  3. eies Says:

    Leirmo: Søket etter hjorten avslutta utan resultat.

  4. TT Says:

    Eg har ikkje løyst eit skot i mitt liv, so dette har eg absolutt ikkje greie på.
    Men om fotball seier eg at det er alltid dei beste spelarane som har mest flaks.
    Kan ein då seie at det alltid er dei minst flinke jegrane/sjåførane som har mest uflaks?
    Er det rett å bruke ordet uhell?

    Spørsmåla blir difor:
    Skal ein skyte ein hjort som står i fare for å falle i elva etter det drepande skotet?
    Skal ein skyte på noko som kan vinkle av (kva no det betyr)?
    Farten var liten, men var sjåføren merksam nok? Sat han i andre tankar? Korleis var dekka?

  5. ha Says:

    Du har nok brukt opp uflaksen din for nokre år frammover.
    TT du konkluderer med at eies har vore uansvarleg når han har skote på desse dyra. Til ei orientering så kan ein hjort med perfekt skotplassering gå langt om den er litt stressa. Det er stort sett berre skot i sentralnervesystemet (ryggrad/nakke) som legg hjorten i bakken med ein gang. Men skot på desse plassane er ikkje i den berømte sirkelen på reinskiva, og dermed ikkje etter boka.
    Å køyre på ein hjort i mørket kan sjølv den beste sjåfør gjere. Dei kan komma utruleg fort inn i vegen.

  6. eies Says:

    Eg kan i innlegget ha hatt ein lemfeldig omgang med uttrykka: uhell, uflaks, udyktig.

    Men her har de sjansen. Fyr løs!

  7. fos Says:

    Hjorten som for på elva gjore ein lur unnamanøver ved å leggja seg på sida og lata som han var dau drive nedover elva. Om så er tilfelle var de bra eies ikkje løyste fleire skot på den. For sleke lure hjorta vil me vel ha i skogane?
    Eg for min sin del er heilt sikker på att de ikkje var naudsynt å løysa fleire skot på denna hjorten i og med han alt var dau.
    Eg sjølv har skote hjort der eies skaut den som for på elva i haust. Denne datt rett ned. Så der hadde eg meir flaks enn eies.

    Kalven var nok eit godt bomskot. Dette er vel noko som kan skje alle før eller seinare. Men sjølvsagt prøver alle som er ute med børse å elementera vekk alle feil som kan medføra bomskot.
    De skal og seiast att eies og medhjelpara dreiv med ettersøk same dag som skotet var løyst samt mange timar dagen etter.

    Eies skal ha all ære for å gå offentleg ut med bomskotet. Er nok eit og anna bomskot rundt om i dei norske skoga om hausten som de blir hald stilt om.

    Hjort og bil er ingen bra kombinasjon. Har sjølv prøvd de ei gang i Lærdalsdalen. Kor den hjorten eg køyrde på kom frå veit eg ikkje, men plutseleg sto no han der midt i vegen. Eg traff han i bakparten. Ettersøksfolka som kom sa att om ein treff hjorten i bakparten går de ofte bra.

    Elles så har eies og Io fått mange treningsøkter på ettersøk i haust. Må seia eg er imponert over ekvipasjen evne til å finna hjort som er påskoten og daud. Eller skal eg seia imponert over Io, for eies har jo vist/ sett kor dyra har lege.

  8. eies Says:

    Å “vinkla/vinkle av” er ikkje noko “fali’ “, TT. Du har sikkert gjort det ofte på skiturane dine. Prøv å googla “vinklet av”, “vinkla av” eller “vinkle av”. Då forstår du det sikkert greitt, trur eg.

  9. eies Says:

    Har aldri likt Torbjørn Egner heilt. Men han har vore inne på same tema (Tips frå GIF):

    DEN UHELDIGE MANNEN

    Dette er en vise om en stakkars mann, som var så heldig som det kan gå an.
    Syns du denne visa kanskje er litt trist, så kan du trøste deg med det at alt går bra til sist.

    Det var en fredag morgen han skulle gå av sted, men da han kom i trappen så snublet han og gle. Han rullet og han rullet, den stakkars, stakkars mannen. Og han fikk hull i hodet sitt og brakk en hjørnetann.

    Så kom han ut på gaten og vandret glad av sted, men oppå taket lå det en veldig haug med sne. Den raste ned i hodet på den stakkars mannen, så han ble nesten borte under sne og is og vann.

    ‘Ånei, ånei’ sa mannen, ‘her tør jeg ikke gå’. Han børstet av seg sneen og satte hatten på. Så gikk han ut i gaten, men der var stor trafikk. Og pang! så ble den stakkars mannen påkjørt av en trikk.

    ‘Å gid!’ sa de som så på. ‘Nå slo han seg visst veldig!’. Men heldigvis for mannen gikk det nokså heldig. Han reiste seg fortumlet og børstet sine klær. Han hadde bare fått en to-tre skrammer hist og her.

    Da kom en mann med bil, og han ropte ‘Slo De deg? Sett Dem opp i bilen min, så kjører jeg Dem hjem’. Men ikke før var bilen kommet godt igang, så møtte den en annen bil, og dermed sa det pang!

    ‘Nå går jeg hjem!’, sa mannen, ‘og legger meg og sover, og sover trygt og rolig til denne dag er over’. Men da han kom til huset, da gråt den stakkars mannen. For tenk at hele huset hvor han bodde sto i brann.

    ‘Nå rømmer jeg!’, sa mannen. ‘Nå drar jeg langt av sted’. Så tok han fly til England, men flyet ramlet ned. Og sykebilen kjørte til sykehuset med’n. Der lå han fire uker, for han hadde brekt et ben.

    Der var en sykesøster, hun var så snill og grei. Så fridde han og sa ‘vil du gifte deg med meg?’. Og heldigvis for mannen, så svarte søster ‘ja!’, og nå er mannen gift og har det veldig, veldig bra.

  10. Ein høgtideleg lovnad! « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] motsetning til i fjor då eies var uheldig under hjortejakta, har han i år hatt hellet med seg. Såleis kunne han gjerne […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: