Møte i villrein-referansegruppa

I dag var eg på rådehuset og deltok på eit hyggeleg møte leia av Fylkesmannen ved Hermund Mjelstad.

Det vart føreslege ei mindre gruppe som ma. skal ta kontakt med Ottadalen-Sør for samarbeid. Den endelege samansetjinga av ei slik gruppe vart ikkje heilt klar i løpet av møtet, men det vart ma. sagt: “- åsso mao me ha mæ ain frao Jøstedalen.” Og det var jo hyggeleg at dei tenkte på oss.

Kjartan K. fortalde og orienterte, han er ma. medlem av Ottadalen Villreinnemnd. Einar F. kom med innspel slik han såg det, medan Mjelstad var for det meste lyttande. Sikkert klokt.

eies kom med eit par innspel. Ma. streka han under at ei reetablering ikkje først og fremst er ei “jakt- og jeger-greie”. Det viktige her må vera at me skal retta opp, så godt me kan, den vandalismen som vart gjort då villreinen vart utrydda i Breheimen.  Sjølvsagt kan innkome frå villreinjakt vera nyttig for ei jorbruksnæring i motvind.  Men skal prosjektet få gjennomslag ma. i opinionen, må nok fokuset liggja på villrein i naturvernsamanheng.

Ei tilbakemelding to “Møte i villrein-referansegruppa”

  1. Møte i arbeidsgruppa for villrein i Luster sin del av Ottadalen villreinområde « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] nær 6 månadar sidan det forrige møtet. Det er vel ikkje til å leggja skjul på at eies har vore misnøgd med framdrifta, det har han […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: