Møte i Jostedal grunneigarlag

Rett før helga var eies på eit møte i Jostedal grunneigarlag. Grunnen til at han vart innkalla, var nok at han har vore med i ei nemnd/gruppe som har jobba med utsetjing av setjefisk og tilrettelegging og skilting av fiskeplassar. Møtet var både hyggeleg og interessant.

Frå Gaupne kom (pensjonert…?) veterinær Olav H. og orienterte om kultivering av sjøaure- (og lakse-) stamma i Jostedøla. Jakt- og Fiskelaget (i Gaupne/Luster…?) har lagt ned mykje arbeid dei siste åra. Dei har fanga stamfisk av sjøaure (og laks…?)  på Alsmo. Vidare drive utsetjing av befrukta rogn/augerogn i Josteøla, bekker og løkjer – også framafor Alsmo. Statkraft har vore forplikta til å byggja ei fisketrapp i Langøyane (?), mellom Alsmo og Husøy. Denne fisketrappa har ikkje vore vellukka, og det kom på møtet fram spørsmål om denne trappa er godt nok utførd og planlagd. 

På møtet kom det fram forslag om å utvida den sjøaure- (og lakse-…?)førande strekninga ved vidare arbeid i elva mellom Fossen og Fossøyane. Det er i utgangspunktet positivt å få sjøaure (og laks) lenger fram i elva. Ulempa kan vera at ein då får innført ei fredingstid td. i Fossøyane frå 15. september til 1. juli, sjå: her. I tillegg vert det då innført ein minstestørrelse på 30 cm i den del av Jostedøla der det går (laks) eller sjøaure.

Veterinæren poengterte at han meinte at «me» ikkje skulle fiska på yngel som var resultat av kultiveringsarbeidet til Jakt og Fiskelaget. Han brukte ma. biletet «å fiska på konfirmantar» [som skulle bli mykje, mykje større – om dette].

eies forstår Jakt- og Fiskelaget som vert fortvila over at arbeidet deira ikkje blir større verdsett. På den andre sida meiner eies det er feil viss ein gut eller ei jente saman med td. mor eller bestefar skal bli kriminaliserte viss dei dreg opp eit par løkafiskar i Myten eller Grisurdi. eies meiner at også dette fisket er svært viktig – ikkje minst for rekrutteringa til jakt, fiske og friluftsliv.

Møtet konkluderte med at ein førebels ikkje skal arbeida for å få (laks og) sjøaure forbi Fossen. I staden skal ein kontakta Statkraft for å få til ei fisketrapp som fungerer i Langøyane.

– – – – – – –

Så kom reetablering av ei villreinstamme opp, det skulle veljast ein representant frå grunneigarlaget til ei nemnd leia av Fylkesmannen ved Hermund Mjelstad. Slik medlemer av grunneigarlaget såg det, hadde dei ein otte for auke i jerveproblema viss ein lukkast med å reetablera ei villreinstamme.  Mellom anna vart det trekt fram ein bonde i Offerdalen som nyleg har hatt store tap.

Trass i tilløp til diskusjon, kom det framlegg om eies som representant. Han trudde ikkje at noko slikt gjekk an, men vart vald, overraska, glad og takksam. Og eies håpar at han kan gjera eit bra arbeid i denne nemnda – til beste for grunneigarane i Jostedalen. Slik at bøndene/grunneigarane forhåpentlegvis sit att med ein positiv vinst ved dette prosjektet.

Advertisements

3 kommentarar to “Møte i Jostedal grunneigarlag”

  1. SB Says:

    Gratulere, eies, med det viktige vervet. Her er det snakk om rett person på rett stad til rett tid.

  2. eies Says:

    Takk for gode ord!

    Men dette vert nok ikkje noko enkelt arbeid…

  3. eies Says:

    Utruleg at eg kunne vera so forutsjåande i 2016.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: