HSF-studium i lokalhistorie og oppgåve om fangstanlegg i Jostedalsfjelli

Bogastille. Utsikt mot Vangsen.

I fjor vinter var eies student ved HSF, lokalhistorie. Målsetjinga var først og fremst å få fagleg rettleiing i høve ei oppgåve han skulle skriva om gamle fangstanlegg i Jostedalsfjelli.

God rettleiing fekk eies. Men karakteren på oppgåva var ikkje så god som han i oppstemde stunder hadde håpa på. Årsaka låg nok på det formelle planet. Frå sensuren: Det eies hadde skrive i oppgåva samsvara dårleg med problemstillinga, ma.: “Kor gamle er anlegga, og kor kom brukarane frå?” (Men berre for å ha sagt det: Viss det finst meir enn det eies har teke med i oppgåva – som kan seia noko noko om alder på anlegga osb.  – vil han bli svært overraska. Og gledeleg overraska.)

Å diskutera denne grunngjevinga meir, kjem det neppe noko nyttig ut av.

Fattigmanns trøyst var dette:

  • Fyldig omtale av kjelder
  • Det metodiske er bra, god bruk av muntlege kjelder
  • God utgreiing om fangstreiskapane, særleg bogastille og dyregravene
  • Mykje om kartlegging
  • Sensor imponert over kunnskapane
  • Godt materiale som det bør gjerast meir ut av

Som lærar er det utruleg lærerikt å setja seg audmjukt ned på skulebenken, og ta mot ros og ris – ikkje minst det siste.   eies har vore så heldig å få ta ein del fag ved HSF dei seinare åra, og dette er noko av det eies meiner han har lært mest av – som lærar. Vert med dette anbefala!

Jostedal Historielag har lagt ut oppgåva, og det er eg glad og takksam for!

Les oppgåva her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: