Fylkesmannen: I Luster får me jakta hjort til jul.

(- uff, grov grammatisk feil i overskrifta. Ikkje bra.)

Les meir her og her.

Det skal bli interessant å sjå tolkinga av: “Spesielt dersom det oppstår ekstreme vêrtilhøve med t.d. mykje snø, må det utvisast stor aktsemd under jaktutøvinga”  og: “Den utvida jakta kan og gjera ettersøksarbeid meir krevjande grunna lite ljos.”

Med slike tåkeprat-liknande formuleringar vert det truleg endå vanskelegare å vera jeger, og endå fleire kan bli bøtlagde fordi dei har ei anna tolking enn politi og jaktoppsyn.

Med tåkeprat meiner eg: Kvar går grensa til “mykje” snø? Hugs: Her kan ein bli bøtlagd om ein bommar på nokre cm.  

Når kan ettersøksarbeidet etter skotet bli for krevjande? Og også her ventar påtalemakta i kulissane.

Siste:

På heimesida til Luster kommune får me vita at det vert eit opphald i jakta frå 1.desember til 15.desember. Les meir her.

2 kommentarar to “Fylkesmannen: I Luster får me jakta hjort til jul.”

  1. fos Says:

    Flott bilete.

  2. eies Says:

    Håpar nissen ikkje fer sameleis fram mot reinsdyra sine.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: