Reinsjakt

 

Bør denne reinen skytast? Blir han skoten? Er han alt skoten? Viss han blir «freda», er det då rimeleg å tru at han kan koma att neste år med fleire «kameratar og veninner»? Viss han ikkje blir skoten hjå oss, vert han då skoten straks han kjem over grensa til Skjåk?

 

I dag starta reinsjakta, også her i dalen..

I fjellområda i Jostedalen har det vore så godt som rein-tomt i sommar. Det einaste eg har høyrt er at det skal ha vore observert dyr på Austdalsbreen.Sjølv gjekk eg ein tur til Kupevatnet, men såg berre spor etter elg og hjort. Men dagen etter var fos frå “Hellebø-blog” også der på eit foto-oppdrag, og han fotograferte reinen på bildet ovanfor. Så rein har der nok vore, men truleg ikkje fleire – etter det eg trur.

Fjellstyret i Jostedal Statsalmenning gjorde eit radikalt vedtak i år: Dei reinsløyva dei disponerer vart lagde ut for sal, til jostedøler, men til ein mykje høgre pris enn tidlegare. (Om dei fekk selt dei veit eg ikkje…) Til gjengjeld kan jegerane jakta også i Sør-Skjåk der det er gode sjansar. Men viss det (mot formodning) skulle koma rein til Statsalmenningane i Jostedalen, kan no utanbygds jegerar koma hit til oss og jakta i almenningane våre.

Blant jegerar og jostedøler, er det ulike meiningar om kor bra denne ordninga er.

 

 

3 kommentarar to “Reinsjakt”

  1. fos Says:

    Flotte bukk

  2. eies Says:

    300mm… ?

  3. fos Says:

    ja

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: