Synfaring

Viss ikkje yr.no hadde svikta oss denne dagen, skulle me ha sett Vangsen på begge desse bileta.

I går var eies så heldig at han fekk vera med på ei synfaring fra Fagredalen – Holmevatnet – nesten til Klauvi – Halsavotni – Geisdalen. Dei som var med var: Tom Dybwad, Torodd Urnes, Magnus Snøtun og underskrivne. Tre av dei som også skulle ha vore med møtte ikkje – minst ein av dei var sjuk. Andre som måtte ha interesse av å vera med var velkomne, men ingen slike møtte. Det var Tom Dybwad frå Fylkesmannen som inviterte til synfaringa.

 

Bakgrunnen for synfaringa, slik eies oppfatta det: Dels ei muleg konflikt mellom merking av turstiar og naturvern/villrein – dels at denne synfaringa var ei av fleire i det planlagde verneområdet.

 

eies hadde trykt opp deler av kartet til Sverre Fossen + foto og omtale av fangstminne frå det aktuelle området. Han var med og påviste dyregraver, bogastille og overnattingsstader langs ruta. Fylkesmannen og dei andre sette pris på dette.

 

Fylkesmannen yttrykte undring over at vegen frå Holmevatnet via Martadalen til Arentzbu har vore overraskande lite brukt i det siste. Dette måtte me andre seia oss samde i. Kun vegen opp til Holmevatnet viser spor etter jamn bruk. (eies har både på denne bloggen og på møte uttrykt undring over at turisnæringa/DNT ikkje har skilta (betre) viss dei seriøst ynskjer Jostedalen som ein innfallsport til Breheimen. Men dette burde eg nok ikkje skriva, då turisme og villrein går dårleg saman…)

 

Ved ein pause inst mot Klauvi, ved Holmevatnet, tok Fylkesmannen opp det som kanskje kan vera ein konflikt mellom villrein/naturvern og deler av turistnæringa i Jostedalen/DNT: Ynskje om å merka ein tursti frå Klauvi via Holmevatn-sør/aust – via Geisdalshalsane og Geisdalsvatnet til Geisdalen.

 

Magnus målbar Breheimssenteret og Peder K. sitt ynskje om ein slik sti. Det var ein fordel at turistane hamna i Geisdalen og ikkje i Fagredalen, då avstanden til sentrale deler av bygda var mindre i Geisdalen, vart det sagt. Magnus tok også til orde for at dette området var eit fantastisk ski-område, og spurde om korleis det var med ei merking her vinterstid.

 

eies ga deretter uttrykk for sitt syn:  

  1. Først gjera seriøse forsøk med reetablering av villrein. 
  2. Viss det viser seg at det likevel ikkje er råd å gjennomføra ei reetablering, så kan ein for så vidt, og i prinsippet, leggja eit rutenett med turstiar tett som eit fiskegarn – over området. Men sjølvsagt må ein då ta omsyn til andre deler av naturvernet. 
  3. Først merka tursti, for deretter å fjerna i fall ei reetablering, var eies i mot. 
  4. eies var derimot svært positiv til guida turar i dette (og andre) område(t). Han tok til orde for at guida turar var framtidas turisme. Seriøse og godkjende guidar vil kunna ta omsyn til sårbare kulturminne, sårbare plantesamfunn og sårbart dyreliv – som til dømes ein villreinflokk.  

 

eies spelar med dette ballen over til turismen i Jostedalen. Dei har etter kvart fått ein stor kompetanse på guiding: brevandring, klatring, rideturar… Guida turar i fjellet vil koma etter kvart. For sysselsetjinga er også dette mykje meir verdifullt enn ”gratisturar” etter merka DNT-stiar.

 

Fjellområde ”uberørte av menneskehånd” og også utan merka stiar, vil truleg bli meir og meir attraktive, og desse må me verna om.

 

Advertisements

3 kommentarar to “Synfaring”

  1. eies Says:

    Og viss nokon undrast over kvifor eies er slik ein stabukk av ein samfunnsfiende som ikkje ein gong unner turistnæringa å merkja ein stakkars liten vegstubbe oppi gråsteinsurane, så finn de det meste av forklaringa her: https://eies.wordpress.com/2007/05/03/villrein-turisme-og-open-space/

    Studer spesielt villreinens arealbruk på Hardangervidda – i høve til rutenettet av merka DNT-stiar: https://eies.files.wordpress.com/2007/05/img015__sommar1.jpg

  2. SB Says:

    Hallo,

    Eies skriv: «Andre som måtte ha interesse av å vera med var velkomne, men ingen slike møtte».
    Mitt svar er då: Det er vanskeleg å møte på ei synfaring ein ikkje veit om. Og mitt spm. er: Var denne synfaringa annonsert i t.d. Sogn Avis på førehand eller var ho berre for «spesielt interesserte og inviterte»? Det er meiningslaust å ha synfaringar i terrenget og vone at bygdefolket vil stille opp så lenge det same bygdefolket ikkje blir informert om at slike skal føregå.

    Elles er eg samd med Eies i at guida interpretasjonsturar i naturen er framtidas måte å gå inn i naturen på og gjerne med villrein ruslande i det aktuelle området. Den frie ferdselsretten(allemannsretten) må sjølvsagt gjelde likevel, den er heilt unik for Noreg og det viktigaste grunnlaget for den sterke og tradisjonsrike turkulturen som me framleis har her i landet.

  3. eies Says:

    Om «folk flest» visste om synfaringa anar eg ikkje.

    Den frie ferdselsretten har vore viktig, og eg håpar han blir det også i framtida. Men ting tyder på at den sterke og tradisjonsrike turkulturen her til lands har ei dalande stjerne. Eg tenkjer då på det me såg (eller rettare: ikkje såg) på vegen Holmevatn – Arentzbu…

    Er ikkje heilt sikker på kva interpretasjonsturar er… Klarde ikkje å googla det heller.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: