Kor mange kvelpar?


Me lurer på kor mange kvelpar ho har. I dag er det dag 61, ho har termin fredag (!) som er dag 63. Er det nokon som trur dei veit svaret? Vinnaren kan venta seg ein (mindre…) premie. Med kvelpar meiner me det totale antalet, også (sukk… 😦 ) evt. dødfødde. Viss mange har rett svar, kan det bli loddtrekking. Kun svar innlagde under kommentarar tel.

Tips: Dyrlegen sa etter ca 4 veker at det var minst 4, men dyrlegar har teke feil før… Det er akkurat fødde 14 springerkvelpar i Trøndelag…

LES MEIR HER

2.mai:

Det er fredag ettermiddag/kveld og oppblokkinga er i gang. Viss det går greitt, trur me at fødselen kjem i gang i løpet av natta.

Når oppblokkinga varer mest ein dag pluss ei heil natt, vert både folk og dyr leie. Då gjer det godt å hoppa opp i eit ungjentefang av og til.

Det har vore ei lang og hard natt. Mari har koka kaffi og vakt tolmodig attmed kvelpekassa, heile natta, teke turar ut og trøysta den vordande mora. Eg har stort sett sove godt (!)

3.mai:

06.21: Io sin første kvelp vart fødd! Endeleg, og alt ser ok ut, hittil. Svart og kvit. Tispe

06.50: Den andre kvelpen! Svart og kvit. Hannhund.

Svært viktig er det – spesielt for kvelpemora – at ho ikkje vert uroa eller skremd dei første dagane. Det kan gå ut over mjølkeproduksjonen, og i aller verste fall har det hendt at ei kvelpemor har ete opp kvelpar. (Slik fungerer dyreverda.) Så dessverre: Ikkje besøk for å sjå kvelpane i dag.

Men etter 3 veker er det KJEMPEFINT om det kjem UNGAR og snille og rolege vaksne som vil helsa på mor og barn. Då vert kvelpane vande med andre folk, og det er kjempefint for at dei skal fungera i dei nye heimane sine.

07.15. Nr. 3! Brun og kvit. Tispe.

08.00. Nr. 4! Svart og kvit. Hannhund.

(Farge, kjønn og foto kjem seinare.)

Med forbehold: Det ser ikkje ut til at det kjem fleire. Ove tippa truleg rett. Fagfolk er fagfolk, tenkte han og lytta til det veterinæren sa!

Me trudde vel det skulle bli nokre til, men for Io og oss er nok 4 eit bra tal.

4.mai:

Gløymt er vaking, spenning og fortviling når ein ser eit slikt resultat!

Frå venstre, og med «fødselsnummer». Tek også med vekta deira på dag 2:

Nr 3: brun og masse kvit tispe. 488g.

Nr. 4: svart og kvit hannhund. 530g.

Nr 1: svart og kvit tispe. 447g.

Nr 2: svart og kvit (men mindre kvit enn nr 3) hannhund. 429g.

Her kjem eit anna bilde. Dei to tispene er oppe til venstre, og nede til høgre.

6.mai:

I går var både mor og barn med til Dyreklinikken i Sogndal. Somme springerkvelpar har såkalla ulveklør på bakbeina, og desse skal fjernast seinast 3 dagar etter fødselen. Me trudde at den brun/kvite hadde slike. Men så viste det seg at det faktisk var ei «vanleg» tå som han hadde ekstra. Denne vart fjerna etter at veterinæren hadde diskutert saka på telefon med fagfolk innan rasen.

Veterinæren såg raskt over kvelpane. «Fine kvelpar», sa han.

Me hadde oppdaga at Io hadde fått klumpar i dei to bakarste jura. Desse ville me også at veterinæren skulle undersøkja, for me var bekymra for at det kanskje var ein begynnande jurbetennelse. Han brukte det gamle uttrykket stolme i juret om dette. Me skulle ikkje leggja kvelpane spesielt til desse spenane. Heller ikkje skulle me massera juret eller prøva å mjølka det ut. Juret skulle få fred, sa han. Det var det beste. Sjølv om dette ikkje stemmer med det meste av faglitteraturen, har me stor tiltru til denne røynde veterinæren, og vil følgja tilrådinga hans.

Io kosar seg med dei småe, og dei med ho. Mellom diinga sleikjer og steller ho dei. For dei som ikkje er klar over det: Dei første ca 3 vekene et hundemora opp alt som kjem frå kvelpane, og liggeplassen er difor gullande rein! Viss det er born som terroriserer foreldra sine med «Jeg vil ha en liten hund, vov – vov», så kan fortvila foreldre muligens bruka dette som eit motargument: «Tenk, morra spiiiser opp bærsjen fra hvallpene!!!»

10. mai:

I dag har både kvelpene og Io fått medisin mot innvolsorm. Mora tek seg no lengre stunder der ho er borte frå kvelpekassa, og då ligg kvelpene og søv godt. I morgon er planen å klyppa klør, vega dei og ta «portrettbilete». Eg oppdaga at med eit vanleg, tregt digitlkamera var ikkje det så enkelt. Dei små er ikkje villige til å frysa bevegelsane sine særleg lenge. Får prøva å få nokon til å halda dei forsiktig.

11. mai:

Her kjem portretta. Vakre? Ja, svara myrsnipa. Men elles kan ein nok få assosiasjonar både til moldvarp og bulldosar. Dei kvite teikningane – blesa – kjem i alle fall til å bli mykje mindre og smalare.

Svart/kvit hannhund, vekt 861g

Svart/kvit tispe, vekt 706g

Brun/kvit tispe, vekt 868g

Svart/kvit (masse kvit) hannhund, 747g

12. mai:

Nokre av kvelpane kunne ha lagt på seg meir. På den andre sida var jo fødselsvekta relativt høg. Dessutan var eg nok litt for knapp med foringa av Io då me trudde at ho heldt på å utvikla ein jurbetennelse, og dette kan ha gjort at mjølkemengda gjekk ned i starten. (På den andre sida kan det ha gjort at sprengen i juret vart mindre… «Its hard to be a kvelpeoppdrettar-mann!» ) Så har det kanskje vore litt uroleg nokre dagar no – inn og ut av dørane, og Io som heile tida må sjekka kva det er, har muligens fått for lite ro med kvelpene.

Me satsar no på auka formengd og at Io får ekstra ro, då reknar me med at dette vil ordna seg. Kvelpene verkar i alle fall fornøgde, rolege ligg dei der med smårykkingane sine når dei søv, og aktive, full fart, kaving og ilskne skrik viss yndlings-spenen er oppteken når det er «måltid». Fekk ikkje klyppt klørne i går, så det får eg gjera no.

20. mai:

Kvelpane veks og trivst. Ingen tvil om det. Dei har opna auga, stabbar omkring i kvelpekassa. Viss mora er for treg til å leggja seg, står dei på bakføtene og strekkjer seg etter spenane. Utruleg.

Frå og med førstkomande helg håpar me at det jamnt og trutt vil koma besøk for å helsa på dei – helst litt rolege besøk no i starten. Då blir dei «prega» på forskjellige folk, som det står i læreboka. Dei krev nok snart meir plass.

27. mai:

Forstår at fleire etterlyser bilete. Eg/me skal skjerpa meg/oss!

I går kveld var det idyll heimen. Kona og mannen i huset + dei to døtrene låg/sat i sofa og stresslessar med kvar sin kvelp på magen. Både to- og firbeinte storkosa seg. Kvelpen eg hadde låg og små-nappa i skjeggtustane. Avslutningsvis beit han eit godt tak kring hake-beinet. Heldigvis har dei berre LITT tenner enno!

Dei får no litt kvelpefor eit par gonger for dagen. Ikkje mykje så ikkje dei skal få maga-sykje. Men dei likar det veldig godt, og forlangar høglydt meir, meir!

Litt hektisk for tida: Skal vera med og arrangera blodspor-prøve til helga. Skal ta ein eksamen måndag. Og om 20 minutt skal eg spela hardingfele til ei danseøving… Men eg lovar: Bilde av kvelpene skal prioriterast!

——————————————————————————

Her kjem nokre bilde tekne for nokre dagar sidan:

Ein jentenase er utruleg god!

Hannhunden får stadig smalare kvitt bles.

Desse bilda er frå i kveld:

(Uff, tisseflekkene blir større, og Io klarar ikkje å fjerna alt lenger.) Men kvelpene likar i alle fall kroppskontakt.

Det blir veldig ofte slurva med håndhygienen og annan hygiene i dagens samfunn. Men ikkje i hundeverda. Før dei små skal drikka, må dei sjølvsagt vaskast!

Av og til blir ei heimeverande husmor sliten, og må setja seg ned. Men kva hjelper det når dei umiddelbart syg seg fast som krysningar mellom iglar og sugekoppar… ?

Toalettpapir… ? Det trengst vel ikkje for ein kvelp som alltid har hatt ei mor som utfører intimvask på borna sine fleire gonger dagleg.

Og linoleum er eit håplaust underlag for kvelpar som skal læra å gå. Så er det sagt.

———————————————————————————–

31.05: Nye bilde:

På leit etter litteratur som kan førebu ein ung kar på den store verda.

Det går greitt å sova på tre ulike underlag.

Enno er det ein skilnad i størrelse.

Verda er rar. Om nokre veker blir det skrik og spetakkel når kvelpen gjer dette.

To kosete unge damer.

3. juni:

No har kvelpene flytt ut i eit rom i tilknyting til garasjen. (Bilete kjem snart) Her er det mykje å forska ut. Dei modigaste tek ein liten tur i friluft også. Ei avis kan vera stor fangst som dei sleper med seg. Somme utfordrar mora si til slåsskamp – dei trur nok at dei er større enn dei eigentleg er. Måltida med kvelpefor er vorte nye høgdepunkt i livet deira.

I veke 7 vil ein ein kjend springer-oppdrettar ikkje langt herifrå ta ein test på kvelpene (mentalitetstest – eller noko liknande) Det kan nok bli interessant, på godt og vondt, som det heiter. Men eg ser ikkje på ein slik test som nokon «dom», meir som at me får tips om ting ein bør vera klar over når kvelpene seinare skal trenast.

Og så kjem nokre ute-bilde, tekne i dag:

Tispa er utkomen, medan hannhunden står i døropningen.

Det går med ein del aviser ( – eg hentar gjerne, viss nokon har samla.) Den brune tispa vurderer situasjonen.

Tispene står heilt til høgre, og heilt til venstre.

Dei to tispene.

Tispene.

Tøff kar på oppdagingsferd.

7. juni:

I dag var eg så heldig å få besøk av ein person som kan mykje meir om springer enn eg. Ikkje noko gale vart oppdaga, hittil! [Ingen «vesentlege feil» er vel det rette uttrykket. Eksteriøret: «Frontane» kunne vore betre – men det er eit generelt og heilt vanleg problem i denne rasen. Velvinkla bak, eit par hadde tendensar til litt fallande kryss. Dette er det eg hugsar av kommentarar.] Men mora var «grisande feit». Som herren, så hunden – kan det passa, tru?

Så fekk kvelpene besøk av ein framand hund i garden. Det gjekk heilt fint. Ingen panikk eller angst å sjå hjå nokon. Legg ut nokre bilete frå det kjempehyggelege besøket:

Seinare på dagen kom det nok eit triveleg besøk: To jenter frå Kaupanger. Dei hadde med ein flott hannhund, visstnok krysning mellom border collie og grønlandshund. Han fekk også inn i kvelpegarden, og det gjekk kjempefint. Dessverre har eg ikkje foto frå dette besøket.

16. juni: 

På det første biletet er rekkefølgja frå venstre slik: tispe – tispe – hannhund – hannhund.

Det andre biletet: tispe – hannhund – tispe.

På det siste biletet er det som om mora kviskrar nokre formaningens ord til den toralt utslitne hannhunden. «Jada, mamma, det er greitt. Eg lovar å vera snill!»

—————————–

Til alle foreldre i Jostedalen, og alle andre: No har me sannsynlegvis selt alle kvelpene, så no kan de trygt koma og sjå kvelpene utan å vera redde for å bli lokka, lurte eller trua til å kjøpa ein kvelp!

18. juni:

Ca 07.00. Og svoltne etter ei god natt.

20. juni:

I dag var me til dyrlegen. Alt var i orden. Så no har kvar kvelp sin eigen veterinærattest som kjøparane skal få. Dei vart merka med micro-chips der dei har ID-nummeret sitt. Eg var ikkje nøydd å vaksinera enno, men valde å gjera det likevel. Eg brukar NKK sin kjøpekontrakt, men registreringspapira frå NKK vert neppe klar til overtakinga. I tillegg har kvelpene no fått tre kurar mot innvolsorm.

21. juni:

I dag har det skjedd mykje. Hannhundeigaren med familie og kvelpefar Mille har vore på besøk. Det same har kvelpe-mentalitets-testaren. Litt forskjell mellom kvelpene var det, men med testaren sine ord: «Ingen store ting». Eg fylgjer praksisen til testaren som er ein erfaren oppdrettar: Kjøparane får lesa testen for sin eigen kvelp, viss dei ynskjer det.

Kjempetrivelege besøk, begge to. Borna til hannhundeigaren fekk i alle fall fin, gjensidig kontakt med kvelpene. Kanskje det vert lagt ut bilete i morgon. 

22. juni:

Mor Io og far Mille saman med nokre av kvelpene.

Etter mykje herjing, er det godt med ein liten tår. Etter læreboka skulle dei no vera avvende, men sidan Io har fått så rikeleg med for, mjølkar ho enno. Men no er det nok snart slutt. Kan ikkje skjøna korleis det no skulle vera plass til ti eller fleire ved spenane… 

Litt om mentalitetstesten

Som sagt: Eg følgjer praksisen til testaren, dvs. alle får lesa resultata for sin hund. Men ingen får med seg testen.

Når det gjeld testen, så føregjekk den ved at ein og ein kvelp vart teken inn på eit rom der dei ikkje hadde vore før. det var to ukjende personar i rommet: Testaren og ein skrivar. Golvet var nokså glatt. Eg er veldig godt fornøgd med resultata av testen. Ingen kvelp hadde alvorlege feil eller manglar.

Rom + kontakt. Korleis dei takla eit ukjent miljø, og korleis dei tok kontakt.

Leik/fille 1. Lokkande rørsler med ei kvit fille for å sjå om dei greip, og om dei ville kjempa.

Ball. Ein liten papirball i rørsle. Sjå om dei viste interesse for ballen, evt. apport.

Håndtering. Ei vurdering av om kvelpen var trygg ved håndtering, og om han hadde eigne meiningar.

Lyd. Skei el. mot pannelok. Testa lydreaksjon, og om avreagering etterpå.

Fille 2. Repetisjon av Fille 1

Heilheit. Vurdering av eksteriør, evt kroppslege manglar, auge, pels, tenner. Heilskapsinntrykk, oppsummering.

Det er veldig fint med ein slik test. Men svært mykje kan forandra seg ved at kvelpen møter eit positivt (eller huff: negativt…) miljø. NB: Eg trur eg har vore heldig med kjøparane! Så dette er ingen «endeleg dom», men tips og rettleiing til kva ein kan tenkja på. Dette var eit jamnt og godt kull, med absolutt ingen store manglar eller feil. 

Kva er grunnen til det? Først og fremst ei god kvelpemor. Og ein kvelpefar med dei rette genene. Så har alle me i familien hatt stor glede av å kosa og dulla med kvelpene. Og me har sett på dette som eit spennande prosjekt, der fallgrubene er mange. Krevjande og stressande har det vore i periodar, men når resultatet vert så bra, er alt det kjedelege gløymt.

Nokre profesjonelle bilete

Så kjem nokre meir fagmessige bilete. Her kan dei som har peiling studera nærmare det eksteriørmessige. Det er ikkje mi sterkaste side, men så mykje forstod eg at dette ikkje er mykje å skjemma seg over.

Først to bilde av den lyse hannhunden:

Så to bilde av den mørke hannhunden:

Den brune tispa:

Den mørke tispa:

Her kjem til slutt eit familiebilete av Mille, Io og dei fire kvelpane – godt assistert av tre stykke frå fam. Solheim. Takk til fotografen!

Kvelpekjøparane

Me har truleg vore svært heldige med kjøparane. Det er lettare å overlata ein hund til andre når me veit at dei som overtek er innstilte på å gi kvelpen eit godt hundeliv. 

Den brune og kvite tispa er reist til Lærdal. Der møter ho både Amerikansk Cocker Spaniel og ein Springer. Men me trur absolutt at dei har kapasitet til å ta seg av endå ein hund. Han far i huset er jeger, ettersøksjeger og ein av dei mest entusiastiske eg kjenner til å trena og gå spor – blodspor/viltspor. Mor er kanskje den som kjem til å gå kurs og liknande. Ekstra kjekt hadde det vore om Hedda fekk prøva seg td. på lydigheit – men det er langt fram. Elles har Mor ei veldig stor interesse for hund og det ein hund kan brukast til. To kjekke gutar er det også i familien – den eine har alt fått ansvar for sin eigen hund!

Den svarte og kvite tispa reiste til Os utanfor Bergen. Ein allsidig og spennande familie der far har arbeidd som gullsmed, men no: tømrar. Mor har tidlegare arbeidd ved Fjellangers hundeskole. Det seier ein heil del. Dei har framleis kontakt med Fjellangers og skal gå kvelpekurs der. Rune F. har fått eit fantastisk ry på seg for metodane han brukar og måla han når. Dei bur landleg og fint til. Og når kattemor får tida på seg, går nok også det bra… To alle tiders og sympatiske jenter er det i familien og triveleg liten kar med sprett i.

Den svarte hannhunden skal til Laksevåg. Dei har hatt fleire hundar før. Også noko av det mest «macho» som finst: Ein Rotweiler-hann. «Aldri meir hund», sa dei… Det varde visst nokre veker… Også dei skal gå kvelpekurs hjå Fjellangers. «Heldiggriser», heldt eg på å skriva. Far i huset har vore borti blodspor/viltspor tidlegare. Kjempefint viss han vil prøva til att – når kvelpen er moden for det. Det blir kanskje mor som tek seg av pelsstell og kanskje litt klypp. Elles var det litt artig at Mor i huset til den brune tispa, kjem akkurat herifrå – altså Laksevåg.

Den kvite og svarte hannhunden skal til ein erfaren hundekar i Vik i Sogn, som har hatt mange ulike hundar, og drive med hundeavl. Han har hatt ma. beagle, buhund og gjetarhundar (- var det kelpie…?) Han vil ha hunden først og fremst til ettersøkshund, og han er ein ivrig hjortejeger.

Advertisements

12 kommentarar to “Kor mange kvelpar?”

  1. kjellrun Says:

    det blir sikkert seks!

  2. grok Says:

    SIDAN SEKS ER TIPPA, SEIER EG FEM

  3. eies Says:

    Som de kanskje ser, er det litt uklart om det er fredag eller laurdag som er dag 63. Det kjem av: Skal paringsdatoen reknast som dag 0 eller dag 1. (Kanskje kjem det ei avklaring på dette i dag…)

    Uansett: Det er talet på kvelpar som gjeld, og konkurransen vert avslutta når kvelp nr. 1 er utkomen.

  4. JAa Says:

    Det vert nok 8.

  5. Inger Says:

    7 stk – 4 h + 3 t

  6. Asbjørn Says:

    Eg tippar det blir ni stykkje.

  7. Elin Says:

    Eg tippar 7 flotte kvelpar:)

  8. ove Says:

    4

  9. eies Says:

    Då er konkurransen avslutta.

    Overraskande fåe deltakarar med tanke på den låge innsatsen…

  10. grok Says:

    Gratulerer so mykje med kvelpene.

  11. Anne Marte Says:

    Kanskje du kan legge ut nye bileter av kvelpane? Tippar dei er ganske so søte no!

  12. Kvelpane våre - og Io « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] For å lesa meir om kvelpane skal du klikka her! […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: