Badeland i Gaupne – Vestsideelvane i Jostedalen

Ting tyder på at det vert badeland. Eg unner alle vassglade Lustringar det. Trivsel er viktig.

Kva har så dette med Vestsideelvane å gjera? Ein gong i framtida skal kommunestyret ta stilling til om desse elvane skal byggjast ut. Trass i mykje etterøkjing har det vore vanskeleg for eies å få presise tal framlagde, men eg meiner at 4 mill. kroner årleg inn i kommunekassa frå utbyggjar har vore sagt. Ein forlokkande sum… ?

Kva kostar det kommunen årleg å avbetala og driva eit badeanlegg? Anar ikkje. Men kanskje nokre av blogg-lesarane kan hjelpa meg? Når rådmann-gruppa har fått gjort ei konsekvens-utgreiing eller kva det no heiter, vil det truleg koma meir frå den kanten. 

Lesarane av denne bloggen kjenner til fleire tifelle der eg har vist at tal og matematikk ikkje er mi sterkaste side. Men eg prøver meg att! Meiner at eg har høyrt 8 mill. i årlege utgifter for at me skal kunna ha og driva eit badeland. Med alle forbehold: Lat oss “leika” at desse tala er rette. Då vågar eg meg til å dra denne konklusjonen: Ei utbygging av Vestside-elvane vil dekka berre om lag halvparten av dei årlege utgiftene med badeanlegget!

Viss dei tala eg har brukt er tilnærma rette. Og då har ein vel heller ikkje rekna med at etter +/-  20 år er anlegget håplaust forelda og må oppgraderast/nybyggast. Ok, eg veit at det er lett å vera etterpåklok, men det er vel enno lov å tenkja og argumentera?

Slik den økonomiske stoda for kommunen truleg vert etter badeland-vedtaket, er Vestside-elvane endå nærare ei utbygging. Kvar einaste lusne million inn i kommunekassa vert “gull” verdt.

Ein skal vera varsam med å misbruka sterke ord og uttrykk. Men å selja noko av det aller kjæraste ein eig for pengar, vil eg i enkelte tilfelle kalla prostitusjon. Naturen i Luster, ma. Vestsideelvane, er noko av det kjæraste me eig.

Dei som må selja kroppen sin har det oftast  vondt. Det er mogeleg at dei såkalla “luksus-prostituerte” har det noko betre. Dei tener visstnok meir, og nokre er i stand til å leva eit anstendig liv, hevdar enkelte. Andre meiner at det å selja seg sjølv alltid vil bryta ned sjølvkjensla.

Kva eg vil med dette? Naturen vår må ikkje bydast fram for sal – nærmast på ein slags kjøt-marknad. Viss me likevel steller oss slik, og fell så djupt, så håpar eg at politikarane har vit til å krevja ein anstendig og respektabel pris.   

Men “Rike Luster” må for all del unngå å stella seg slik at me vert tvinga til å selja meir av naturen vår.

Eller sagt med andre ord: By fram naturen vår for sal – billegsal – sidan kommunen så sårt treng pengane til å dekka underskot på drifta.

9 kommentarar to “Badeland i Gaupne – Vestsideelvane i Jostedalen”

  1. JAa Says:

    ” smask” 🙂 helsing kjellrun

  2. eies Says:

    Ein ekstra hyggeleg start. Takk!

    Det kjem vel smaskar som svir meir, etter kvart.

  3. Tomas Says:

    Gløym badeland, bygg tunnel frå Røneid til Veitastrond, og bygg eit opplevingssenter der.

  4. SB Says:

    Frå velinformerte og pålitelege kjelder har eg fått opplyst at Vestsideutbygginga blir såpass dyr for Statkraft at dei vurderer å ikkje bygge ut. Om det skulle bli utfallet er det utan tvil det mest positive som har hendt i Luster på lang tid, ja, det kan nærast samanliknast med den ultimate påskemorgon i den kristne trua.
    Ei slik gladmelding er det vel lenge sidan du har hatt på bloggen din Eies?

  5. eies Says:

    Ja, dette var ei triveleg melding! Har høyrt liknande rykte tidlegare, men har ikkje heilt vilja tru på det.

    At det kan vera del av eit taktisk spel, til dømes for å pressa ned talet på millionar som dei skal betala til kommunen vår, er nok trass alt lite truleg.

    Sidan du nemnde påskemorgonen, så er det vel litt av læresveinen Tomas – tvilaren – i meg: Eg trur det ikkje heilt før eg ser det. Dessutan var det vel ein i nokolunde same forteljinga som vart seld for lusne 30 sølvpengar…

    Nei, eg skal ikkje lata tungsinnet stengja for gleda. Ingenting er betre enn at kampen om utbygging er over før slaget er begynt.

    Lat oss feira det!

  6. JAa Says:

    Eg spretter ei flaske raudvin i kveld og feirer!
    kjellrun

  7. kalvatreet Says:

    Oppstandelsen for nye og gode beslutningar rundt Vestsideutbyggjinga er kanskje allreie på trappene? Gledelig å høyre at det er positive rykte som no sprer seg. Du får vere vår mann på staden Eies. Flott at du held denne saka varm! Nokon som veit konkret når beslutningar i saka vert tekne?

  8. kalvatreet Says:

    Ein ting til før eg gløymer det… – er det nokon som for alvor trur at eit Badeland i Gaupne vil kunne trekka stor nok mengd folk til å forsvara denne investeringa? Skulle likt å sjå dei kalkylene som ligg til grunn her…

  9. eies Says:

    Feira skal me gjera!

    Men vurderingane om å byggja ut Vestsida er vel avhengig av straumprisane. Når dei går oppover, kan vel prosjektet fort bli lønsamt att. Ikkje for å vera gledesdrepar, men…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: