Villrein truga av gondolbane

13379495img33794561.jpg– Villreinen i Noreg er under eit stadig utbyggjingspress, så me er veldig skeptiske til auka aktivitet i området.
Av Elin Thingvoll Berge og Eivor Brandseth  Publisert 06.03.2008 10:42 .

Martin Lindal, leiar i Villreinnemda, fryktar den planlagde gondolbana i Flåm vil få store konsekvensar for villreinstamma i områdetBana som skal stå ferdig innan eit år, skal gå 2000 meter opp til fjelltoppen Furukamben, kor det vil vere lett å ta seg vidare inn i villreinområdet.

Ikkje sjølve bana

– Sjølve bana er ikkje noko problem, men det at ein så lett kan bringe folk frå toppen og vidare inn, det er hovudproblemet vårt. Dette er jo eit veldig godt utgangspunkt for ein skitur på vårparten, altså midt i kalvingstida, og det vil jo forstyrre villreinen på eit veldig sårbart tidspunkt.

Det er Flåm Utvikling som byggjer bana for å gje turistar og fastbuande eit breiare spekter av naturattraksjonar. Men i eit skriv til Aurland kommune ber Villreinnemda om at det må takast større omsyn til villreinen i den vidare planlegginga.

Internasjonalt ansvar

– Me har eit internasjonalt ansvar for villreinen. Me er det einaste landet i Europa som har eit nokonlunde intakt høgfjellssystem.

John Bottheim som har ansvaret for planlegginga av bana, vil ikkje uttala seg før det er blitt gjort ei konsekvensvurdering av området.

————————————————————————————————————————-

(Dette har eg henta frå http://www.nrk.no/sognogfjordane/, men linken fungerte ikkje.)

Eies vil også minna om det ein lokal tenkjar uttalte for ei stund sidan:  “Viss eg skal velja mellom rein og folk i fjellet, vil eg inntil vidare velja folk.” I si unyanserte form, føler eg at denne utsegna passar godt inn, også i problematikken i Flåm.

3 kommentarar to “Villrein truga av gondolbane”

  1. kalvatreet Says:

    Som du har vore inne på før Eies, så treng me meir enn nokon gong eit overordna grep. Det er behov for å sjå villrein- /rovdyrvern og naturvern i ein mykje større samanhang enn det eg opplever at skjer no. Sjølv om me har eit internasjonalt ansvar så er det så tydeleg at det stort sett berre er pengane som rår.

    Eg kjem attende til billete ditt om osten som vert hola ut alle stader, og så sit ein berre igjen med nokre små restar her og der som såvidt heng saman – og kanskje knapt nok det. Av og til kan ein verte trist, både for villrein og folk.

  2. eies Says:

    Hyggeleg at eg får skryt for oste-metaforen. Men for å vera heilt ærleg: Eg har aldri skrivenoko slikt! Men eit fint bilde var det, og eg skal gjerne bruka det.

    Overordna grep – lokal forvaltning: Ein krevjande balansegang.

  3. kalvatreet Says:

    Hehe, moro at du seier det. Kan godt vere at eg tek feil, men eg meiner så tydeleg å hugse at du brukte oste-metaforen i samband med diskusjonen om å innlemma Jostedalen i nasjonalparken/planleggjing av nye stiar for turistforeninga/Mørkridsdalen. I fjor. Namnet på innlegget kjem eg ikkje på. Diverre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: