Luster vart nasjonalparkkommune

– men Jostedal vart ikkje nasjonalparklandsby. Les meir her: http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article3377872.ece

For ei stund sidan var det debatt i kommunestyret om kor eit informasjonssenter for Breheimen-Mørkridsdalen verneområde skal liggja. Etter det eg forstod argumenterte Arne B. og Morten S. godt for Jostedalen og Breheimsenteret, medan Knut S. kom med faktaopplysningar i Sogn Avis dagen etter – eller var det to dagar. Leiaren i Sogn Avis tala også varmt for eit informasjonssenter på Skjolden.

Næringspolitiske omsyn veg nok tungt i denne diskusjonen. Men så var det dette med å stå samla utad. Slik eg forstår det ligg det ein ikkje heilt ubetydeleg sjanse/fare for at Lom kan gå ut av lokaliseringskampen – med heile potten! Viss Luster framstår som splitta.

Ingen av dei eg kjenner har noko spesielt mot at Skjolden skal få sitt informasjonssenter, absolutt ikkje. Men her er det næringspolitikk – business – og kanskje litt monkey-business som gjeld, etter det eg forstår.

Innaføringane har fått ein retorisk trumf i sjølve namnet: Breheimen-Mørkridsdalen. På den andre sida heiter det Breheimssenteret, retorisk til tusen, også det. Kven dreg det lengste strået? Som jostedøl håpar eg i grunn at senteret vert lagt her.

I starten hadde Breheimssenteret samarbeid med Universitetet i Bergen.  Rye og Faugli var namna, minst ein av dei var utruleg talefør. Men desse er ikkje med lenger.

Breheimssenteret har flotte utstillingar – Sundhell er vel designaren. Korleis er så det faglege grunnlaget? Det veit eg lite om. Men eg vil tru at dyktige folk i den daglege leiinga og styret har jobba mykje med dette. Brefestivalen og klimadebatten i fjor var eit kjempeflott tiltak. Meir av dette, Breheimsenteret! Men eit senter for Breheimen bør også knyta til seg fagleg kompetanse på andre felt. Som mange har sagt om handtverkarar: Fagfolk kostar peng, men det svarar seg i det lange løp…

Eit informasjonssenter, kvar det enn ligg, kan ikkje basera seg på lefser, lusekofter og leskande, gyllen drykk – sjølv om eg er veldig glad i alle desse tre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: