Håkon Høgemo-slåttar og Jostedal spelemannslag

 1d4f7f65-aa8e-46f4-8a7f-a7e9913827ef_gamny11.jpgHåkon Høgemo (framme)
På årsmøtet i Josredal Spel- og dansarlag ga eies uttrykk for at det var kjempeflott at laget dei siste åra har fått Håkon Høgemo til å halda kurs her i dalen. Det han ikkje tykte var så bra, var at det ikkje har vore organisert øvingar i desse slåttane mellom desse årlege kursa.
Me tek no sikte på å arrangera øvingar i slåttar me har lært av Håkon Høgemo. Øvingane vert i Gaupne, i lokala til musikkskulen (evt. ungdomsskulen), truleg torsdagar 16.30. Om det vert kvar eller annakvar veke, er ikkje avgjort. Ring gjerne 48214365.
eies brukte faktisk ord som “flautt” og “pinleg” om at me ikkje har fått til slike øvingar. Men han er ikkje kjend for å vera ein stor organisator. Likevel prøver han dette no, saman med gode hjelparar.

 

Etter eies si meining er det mykje som tyder på at Håkon Høgemo er den beste hardingfelespelaren me har i dag.

6 kommentarar to “Håkon Høgemo-slåttar og Jostedal spelemannslag”

  1. eies Says:

    Organisering er ikkje mi sterkaste side.

    Men kanskje ei løysing er: Annakvar veke gamaldans med Helene M. og annakvar veke springar/halling-øving i Håkon H.-tradisjon.

    Ingenting avgjort, enno tid for innspel.

  2. anki Says:

    Eg har ikkje andre innspel å komme med enn at eg tykkjer at det er eit svært bra initiativ av eies og hjelparane hans – og at eg håpar det let seg gjennomføre i praksis. Eg vil i alle fall vere med so ofte tida strekkjer til =) Annankvar veke gamaldas/slåttar må vel vere ei likandes løysing for alle?

  3. eies Says:

    – og anki er ein av desse hjelparane.

    Gamaldansspeling i Jostedalen/Gaupne/Luster har eies inntrykk av har vore ein relativt sterk tradisjon, til dels også i dag. Dei gamle slåttane (springar, halling…) i Nedrelid/Sperle/Hesjevoll-tradisjon – i alle fall slik Håkon H. spelar dei – er arbeidskrevjande og øva inn og til dels teknisk krevjande. Kort sagt: Dei krev mykje, men dei gir også mykje.

    eies vil sjølvsagt støtta opp om gamaldansen, men han vil ikkje leggja skjul på at det er dei eldste slåttane som interesserer han mest.

    Ingen bør lata seg skrema av at slåttane kan vera krevjande. Alle er velkomne, og alle spelar/syng med sitt nebb.

    Viss to spelarar møter opp, vert eies glad. Fleire enn to er glimrande.

  4. eies Says:

    Kjem annonse i Sogn Avis laurdag.

    Oppstart: torsdag 21. februar.

  5. eies Says:

    i kveld startar øvinga 17.00

  6. eies Says:

    Nokre øvingar dett ut no. Neste øving vert torsdag 27.mars.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: