Oppfølgingsmøte 12.04.07 – Jostedal Hotell

Dette var oppfylgjing av ”Open Space” 23. -24- februar. Fylkesmannen (TD) og Fylkesmannen landbruksavdelinga (GD) deltok. Eg skriv berre om det eg meiner angår reetableringssaka. På spørsmål frå eies om korleis ein ser på verdien av villrein i fjella, var Fylkesmannen markert tydeleg og sette nærmast foten ned for diskusjon: “Verdien av villrein i fjella var udiskutabelt positiv!” Dette var forsåvidt hyggeleg å høyra, men eies er framleis uroa av at det er ein del som ikkje deler Fylkesmannen si oppfatning.

Vidare ga eies uttrykk for at han tykte det gjekk seint, og at Kommunen og Fylkesmannen (i alle fall tidlegare) truleg hadde andre tankar om dette enn dei han hadde. Fylkesmannen svara at dei venta på at ei konsekvensutgreiing http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=2218&amid=1362699 ligg føre. Så no ventar me altså spent på denne.

Eies tykkjer at PK stillte eit særs godt spørsmål då han spurde om kvifor reinen ikkje trekkjer hit av seg sjølv. Reinen er jo eit nomadedyr som brukar svært store fjellvidder. Og det kan verka som om at vasskiljet er ei usynleg sperre i Breheimen.

Det har vist seg mange stader at reinen er mykje motvillig til å ta i bruk ubrukte beiteområde. Dette er altså ikkje typisk berre for Breheimen. Veit ikkje om ei god vitskapleg forklaring. Kan kalla det hittil stort sett ukjende biologisk-geografiske faktorar. Viss ein ynskjer at reinen skal ta i bruk nye område, er det einaste som nyttar å forvalta så konsekvent at deler av reinstamma vert tvinga inn i det nye området. (Les: Auka Sør-Skjåk-stamma)  Noko slikt er forsåvidt ynskjeleg sett frå Luster/Jostedalen si side. Underteikna hevdar derimot bestemt at dette vil aldri grunneigarane i Skjåk, viltkonsulentar, beitekonsulentar, fagfolk i DN… gå med på. Dei hevdar at dette vil øydeleggja dei alt no hardt pressa vinterbeita i Sør-Skjåk. Det vert hevda at det i dag føregår ei overbeiting her, og at ein auke i stamma kan få fatale konsekvensar for beiteområda. “Å tru på julenissen” er eit anna uttrykk eies har brukt om denne auka-reinstamma-i-Skjåk-myta. Men ingenting ville gjort eies meir glad enn at han tok feil – her. 

Eies var lett undrande til utsegnet frå anna hald om at det hadde vore “høglydte diskusjonar” i denne saka tidlegare i Open Space. Diskusjonen har vel vore meir “høglydt” i andre fora – til dømes her på denne bloggen. Men å lulla verneplanarbeidet inn med ein smånikkande pludre-forsamling er vel ikkje nødvendigvis så mykje betre.

Men for all del: Kaffien og kakene var som vanleg gode!

(Kom gjerne med innspel om de meiner eg har mistolka noko.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: