Trygve Skjolden fortel om korleis villreinen forsvann frå Mørkridsdalen

trygve-skjolden.jpg Trygve Skjolden

Onsdag 9.januar fekk eg møta Trygve Skjolden. Han hugsar og veit mykje interessant, og han fortalde mellom anna dette om korleis villreinen forsvann frå Mørkridsdalen:

Det var ein mann som gjekk gjennom dalen med to laushundar (fuglehundar?) Reinsflokken vart skremd, og sidan har det ikkje vore villrein i Mørkridsdalen. (Hugsar ikkje om dette hende like etter 2. verdskrigen…) Fortalde Trygve.

Denne korte historia illustrerer på ein enkel måte kor sårbar villreinen er for menneske og menneskeskapt aktivitet. Vitskapen og forskarane seier akkurat det same.

No kjenner ikkje eg til at det er nokon som ynskjer å stengja av fjellet for folk/turistar. Det det er snakk om er å planleggja fotturismen, og ha DNT-stiar i fjellet  slik at ma. dyrelivet ikkje vert uroa unødig.

Dette har tidlegare vore eit tungt arbeid. Villreininteressene blir helst eit irritasjonsmoment. Særleg no når villreinen er borte, og me arbeider for ei reetablering. Slik eg har oppfatta det, gjeld dette også deler av turistnæringa her i dalen.

Eg stiller spørsmålet utan å forventa svar, diverre: Korleis ser deler av næringslivet og turistnæringa i Luster og Jostedalen på planane om ei reetablering av villrein? Kan det bli eit aktivum og ein framtidig ressurs, eller fører det stort sett berre til bal og restriksjonar?

35 kommentarar to “Trygve Skjolden fortel om korleis villreinen forsvann frå Mørkridsdalen”

  1. SB Says:

    For den delen av reiselivet som eg representerer her i dalen er ikkje reetablering av ei villreinstamme noko irritasjonsmoment, snarare tvert imot. Eg ynskjer deg lukke til i dette viktige arbeidet med å få til ei villreinstamme i fjella i Jostedalen og Breheimen. Eg kan heller ikkje sjå at det skal vere nokon vektige argument mot slike planar og forstår heller ikkje at delar av reiselivet i bygda skal vere mot dette. Det er for meg komplett uforståeleg og må represenetere marginale delar av turistinteressene i Jostedalen.
    Noko anna er om sauebøndene i dalen er redd for at villrein vil trekke til seg freda rovdyr som ulv. Det veit nok Eies alt om, i alle høve mykje meir enn eg.
    Ein må likevel ha i minnet at sjølv om jordbruket i dag spelar ei lita rolle i næringsliv og sysselstejing i Jostedalen er likevel notidas tankegong, mentalitet og kultur sterkt merkt av arven frå det førmoderne agrarsamfunnet der motvilja og hatet mot rovdyra stod sterkt.

  2. eies Says:

    Om jerven:
    Både frå veterinærhald og frå andre som hadde med utsetjinga i 1997 har eg høyrt dette: Viss utsetjinga i 1997 hadde lukkast og me hadde fått ei lita villreinstamme i fjella her – kven hadde då fått skulda for at jerven har kome hit og diverre herja i saueflokkane…?

    Men no kom jerven LIKEVEL, og mange av dei eg har nemnt ovanfor er i dag glade for at 1997-utsetjinga vart mislukka: Då slepp i alle fall villreininteressene få skulda for det – førebels.

    Så vidt eg veit har det vore gjort lite forsking på dette. Det eg skriv no, skal eg prøva å sjekka i løpet av dagen, men sentrale forskar ser ikkje på jerv og ulv som noko stort problem. Dette gjeld mellom anna den diplomatiske “villreinguru” Per Jordhøy.

    Eg veit at det ikkje er spesielt populært å nemna “vitskapen” og “forskarar” til dei som er prega av tankegongen i det “førmoderne agrarsamfunnet”. Men det er ikkje tvil om at redsla for ein auke i rovdyrbestanden er ei stor utfordring i arbeidet mot ei reetablering av villrein.

    Deler av reiselivet og næringslivet er ei anna utfordring.

  3. Tomas Says:

    Særs ueining i SB sitt innlegg om at landbruk spelar ei lita rolle i “næringsliv og sysselsetjing i Jostedalen”. Tvert i mot, du kan byrja på Alsmo og ta for deg gardbruka framover og sjå kor mange som har landbruk som leveveg/attåtnæring. Hadde det ikkje vore for landbruket som inntektskjelde hadde vel ikkje så mange av dei menneska som bur på gardbruka budd der!

  4. SB Says:

    Til Tomas:
    Det er heilt feil det du påstår om at jordbruket er viktig som næringsveg for Jostedalen. Dei fleste som driv med gardsbruk i dag er hobbybønder og dei som har jordbruket som einaste inntektskjelde kan du telje på ei hand.

    Også mange av dei som har stor og moderne nok gard til å kunne leve av mjølke- og kjøtproduksjon åleine driv kombinasjonsbruk, dvs. at ein vesentleg del av inntekta kjem utanfrå landbruket.

    Heldigvis er det slik at sjølv om mange har arbeidet sitt utanom Jostedalen så har dei valt framleis å bli buande i bygda, gjerne då på garden/småbruket dei er vakse opp på og har ikkje late seg freiste til å flytte til etablerte byggjefelt.

    Nei Tomas, velkomen til dei økonomiske og sosiale realitetane i jostedalssamfunnet!

  5. Tomas Says:

    Sjå vedlagt link; så vert då kanskje ikkje så kjepphøg i framtida.

    http://www.nationen.no/landbruk/tilskudd2007/

    Der ser du at det ikkje treng vera hobbybønder sjølv om ein gjev seg ut for å vera det. Og at jordbruksinntekta er viktig. Kva hadde vel Jostedalssamfunnet vore om ikkje bonden hadde halde halde landskapet ope? Greit nok, no veks det vel meir og meir att der framme og…

  6. Tomas Says:

    Kor mange hadde sete på balkongen til Laila og teke ei pils, om det hadde vore krattskog og jungelliknande tilstandar rett oppetter hotellet, med påfølgjande null utsikt?

  7. SB Says:

    Til Tomas:
    Oversynet viser på ingen måte at jordbruket er ei viktig næring i Jostedalen, det viser m.a. at også hobbybønder får utbetalt ein del statstilskot, om det no er direkte prod. tilskot eller arealtilskot. Kanskje det er grunnen til at nokre vel å ha nokre vinterfora sauer, også når den eine eller begge eigarane har fulltids jobb utanom garden.
    Du må nok hoste opp betre argument enn dette for å underbyggje påstanden din.
    Det er både krattskog og jungeltilstandar på oppsida av vegen ved hotellet, eg har sjølv vore i terrenget der. Og attgroinga i Jostedalsnaturen har kome så langt at det er lita hjelp i beitedyr for å redusere den. Det er og realiteten. Her kan det visast til den innsatsen som vart gjort sist haust med rydding av skitrasear ulike stader i Jostedalen. Ikkje mange bønder som var med der, nei…
    Eg trur du Tomas vil ha stor nytte av å ta deg ein tur til dalen for å sjå korleis det verkeleg ser ut, ikkje sitje å synse om noko du ikkje har peiling på.
    Og like mange – både fastbuande og tilreisande – hadde site og drukke øl hjå Lailas uavhengig av all skogen. Turistane kjem ikkje til Jostedalen for å sjå og oppleve kulturlandskapet. Det er bre og høgfjell som trekkjer og som er magneten. Det er også ein realitet. Kanskje på tide å kave seg ut av mytane si verd, Tomas?

  8. Tomas Says:

    Kva er myta du pratar om?

  9. Tomas Says:

    Kva er myta du pratar om? Linken syner berre halvparten av tilskotet ein bonde får. Likemykje kjem i andre enden av året. Kva med ein hobbybonde som får 200000 i tilskot? Er det ein hobbybonde? Tidsperspektivet eg snakkar om er ikkje siste åra. Bønder for mange mange tiår sidan la grunnlaget for at Jostedalen er såpass open som han er når det gjeld kulturlandskapet. Men viss landskapet ikkje har noko med reiselivet i Jostedalen kvifor er altanen til Laila på nedsida av hotellet og ikkje på oppsida av hotellet? Sidan det er krattskog de vil ha.

  10. SB Says:

    Dei innbilte førestellingane og lause påstandane som du her kjem trekkande med om forholda i Jostedalen og som ikkje stemmer med den faktiske røyndomen, det er mytane du treng å reinske hovudet ditt for. Så enkelt men kanskje og så vanskeleg for den som ikkje greier å skilje fakta frå fiksjonen..

  11. Tomas Says:

    Dette er ikkje meir lause fakta enn at me skal ha landbruk i Jostedalen og Norskprodusert mat skal me ha, og då er Jostedalsbøndene ein del av den produksjonen. Bønder driv næring og då spelar landbruksnæringa ein stor del av næringsgrunnlageti dalen dykkar, sidan det er registrert mange bønder og mange som har deler av inntekta si frå landbruket. Noko anna vert å seie at du ikkje vil ha norske bønder. Dette me døme frå alten til Laila er eit seriøst innlegg om at turistar og anre gjester der vil ha ope landskap, og det får ein ikkje viss ein sit seg på oppsida og ser inn i skogen.

  12. SB Says:

    I denne debatten trengst det ein solid dose fakta. Og her kjem dei:
    1) Jordbruket i Jostedalen i dag sysselset berre eit mindretal av innbyggjarane/husstandane. Det er i dag andre næringar som er langt viktigare som leveveg og inntektsgrunnlag. Det er i dag relativt få bønder i Jostedalen og dei blir stadig færre.

    2) At jordbruket var heilt avgjerande i det gamle førindustrielle samfunnet, burde ikkje vere noko nyhende for nokon. Men ikkje i dagens moderne informasjonssamfunn.

    3) Eg har aldri sagt at eg er mot norsk jordbruk og norskprodusert mat. Den jordbrukspolitikken som har vore ført i mange år – uansett politisk farge på regjeringa – har medført ei massiv nedbygging av distriktsjordbruket i Norge og ikkje minst dei små bruka som jordbruket her i dalen består av.
    Også nedbygging av produktiv matjord er del av nedgongen for norsk distriktsjordbruk. Jordvernet står relativt svakt her i landet.

    4) Plasseringa av altanen på hotellet må du nok spørje eigaren om. Eg kan tenkje meg at utsynet mot Myrhønna og Vangsen har noko med det å gjere.

    5) Attgroinga av landskapet vil berre auke uansett beiting og skjøtsel. Om det vil få negative følgjer for turisttilstrøyminga tvilar eg på. Då vil nok aukande bresmelting vere meir alvorleg.

  13. Tomas Says:

    Punkta dine talar fortel om deg og ikkje om desse faktaane som du vil ha. Kan eg få namn og omsetning på ei yrkesgruppe i Jostedalen som ikkje omset og og skapar indirekte fleire arbeidsplassar enn bøndene der framme? Dei finn du ikkje mange av.

    Bønder skapar arbeidsplassar for utruleg mange i tjenestegruppa. Døme: Transportnæring, som har mange tankbilsjåførar, kraftforleverandørar som køyrer ut kraftforet i tillegg til mange seljar- og forskarstillingar i t.d. FK. GENO sysselset mange inseminørar i tillegg til å liggja i internasjonal toppsjikte når det gjeld forsking på avl. Mange har levebrødet sitt av å selja diverse utstyr i den daglege drifta elles.

    Kan t.d. grupper du siktar til stilla med tilsvarande indirekte positive konsekvensar?

    Dette er ikkje noko bøndene i Jostedalen greie åleina, men poenget er at dei er ei lita brikke (som ein ikkje kan missa) av ein heilskapleg norsk matproduksjon.

    SB har nok ikkje fatta poenget med altanbidraget, ein treng ikkje spørja eigaren om valet av plasseringa av den. Sjølvsagt er den plassert slik at ein får mest mogleg utsikt!!!
    MEN, du utsikt til Myrhyrna og Vangsen får du ikkje viss vegetasjonen vert høg og tett på nedsida av hotellet.

    Jau me kan stoppa mykje av attgroinga viss me aukar andelen av beitedyr, og er det nokon som skal gjera det er det bønder. At folk er med å rydar skitrasear er bra, men det er bonden sjølv som diverse hjelpemiddel kan rydda t.d. gjengrodd beitemark.

  14. eies Says:

    Frå sidelina:

    Flott debatt, med nerve!

    SB er ikkje kjend for å pakka meiningane sine inn i lekkert innpakningspapir og sløyfe. Misunner han litt den evna. Godt jobba!

    Tomas forsvarar ei yrkesgruppe som historisk sett aldri har hatt større tibakegong enn i dag. Diverre. Godt jobba!

    Køyr debatt!

  15. SB Says:

    Tomas, det du skriv blir god dag mann, øksaskaft. Det nyttar ikkje å diskutere så lenge du ikkje vil halde deg til fakta og så må du må lære deg realitetane i det du debatterer. Det er fyrste bod. Her kjem difor endå meir fakta om norsk landbruk og situasjonen i Jostedalen per i dag (pedagogisk punkt for punkt):

    1) Det norske landbruket sysselset stadig færre personar og stadig mindre del av den totale verdiskapinga i Noreg føregår i jordbruket.

    2) Som alle veit har Noreg ein globalisert økonomi basert på eksport og import, det gjeld og matvarer. Kven skulle elles ete all oppdrettsfisken som blir produsert m.a. i Sogn og Fjordane om ikkje dei utlandske marknadene? Då må ein og tillate import av matvarer i stor skala.

    3) Den same situasjonen gjeld sjølvsagt i Jostedalen. I dag arbeider det fleire på Jostedal Industrier AS og Bionordic AS enn det er heiltids sysselsette i jostedalsjordbruket.

    4) Jordbruket har sjølvsagt sysselsetjiongseffekt på andre samfunnsområde og i andre næringar, på same måten som div. industriproduskjonar også har. Dette er elementær samfunnslære og samfunnsøkonomi.
    Det kan her nemnast at omsetninga i reiselivet i Jostedalen om sommaren i stor grad er med på å berge økonomien til nærbutikkane og hotellet i dalen. Utan denne ‘turistøkonomien’ hadde det sett mørkt ut for t.d. eit heilårsope hotell. Og i Jostedalen er utanlandske turistar i stort fleirtal.

    Dette er realitetane ein må forhalde seg til. Bøndene både i Jostredalen og i utkant-Noreg elles er ei utdøyande yrkesgruppe på veg inn i solnedgongen. Årsakene er i stor grad at viljen til politisk styring på dette samfunnsområdet har abdisert i høve til marknadsmakt og globalisert liberalistisk økonomisk politikk.

    5) Om attgroing og bondens innsats i kulturlandskapet: Den innsatsen bøndene legg ned i skjøtsel og i å ta vare på kulturlandskapet er tilnærma lik null, også i Jostedalen, diverre uavhengig av statlege og kommunale tilskotsordningar. Bøndene – verkar det som – greier ikkje å takle omstillinga frå å drive rein vareproduskjon om det no er kjøt eller mjølk til å bli kulturlandskapsarbeidarar. Det må skje ei radikal omstilling i topploket på bøndene skal dei greie å møte framtida på ein fornuftig og berekraftig måte. Maktar dei ikkje å ta detet innover seg er norske utkantbønder dømde til å tape. Slik er situasjonen, diverre.

  16. thore Says:

    En liten kommentar til eies opprinnelige spørsmål. I Rondane vil fylkesmannen ha større restriksjoner mot løypepreparering for å verne om villreinstammen. Dette motsetter reiselivet seg som sedvanlig. En aksjon i Sel kommune er i gangsatt.
    Motsetningen mellom vern og næringsinteresser ligger implisitt i spørsmålet ditt, “kan det være en ressurs?” Ressurs betyr noe sånt som kilde til ting. Reiselivet i Norge har tradisjon for å tenke egen
    (bytte)verdiskapning framfor faglighet/profesjonalitet. Hvis naturvernet ikke er en “ressurs” for reiselivet blir det tradisjonelt oppfattet som en hemsko. I disse klimatider er det merkelig at så få innen reiselivet ikke setter større spørsmål ved eget markedsliberilastisk tankegods.
    Til slutt, hvem eier fjellene?

  17. eies Says:

    :-*

  18. Tomas Says:

    SB er heilt på viddene. Meinar du at bønder som driv gardsbruk i vanskelgestilte områder skal halda landskapet ope utan å då kompensasjon? Kven pokker kan slå seg saman og hausta inn til 40 kyr (som har vore ca. minste antal for å støtte til ny driftsbygning dei siste åra.) her på desse steinrøysane me har? Det må

    – Meinar SB at alle bøndene som sler markene bør slutte med det med ein gong?

    – Er ikkje konsekvensen av reiselivet “elementær samfunnslære og samfunnsøkonomi.”, med tanke på at dei bergar butikken dykkar og hotellet? Det må då jamnstillast med jordbruket sine bidrag og vera ein grunn til å påstå at reiselivet treng me ikkje? Kva i alle dagar skal me gjera på då?

    – Kva me eksporterar av fisk er ein anna produksjon enn landbruksproduksjon. Dei skal ikkje blandast. Skulle det gå troll i ord m.t. på utsegna at me eksporterar mykje fisk, soleis må me importera like mykje anna mat, sit eg på gjerde og ventar på dei neste store verdskatastrofane. I tida etter at me har opna grensene og avvikla den hittil gode sjølvberginga av landbruksprodukt, kan me rekna me at importen til Norge plutsleg ikkje vert slik SOMME rekna med. Då var det jammen dumt at me lot det gro igjen, blant anna og i Jostedalen. Kanskje må me til å bruka milliardar på nydyrking og oppattbygging av det norske landbruket??? Då er dei som eig noko jord heldige so mkan livberga seg av noko flekker her og der med dyrka mark! Så kan resten av folket sulta ei stund.

    Men påstanden om at bønder, SJØLVSAGT medrekna inntekta av jordbruket frå dei som har jobb utanom, er den gruppa som betyr mest i Jostedalen når det gjeld omsetning, står eg for inntil noko anna er prova med tal. Dessutan om reiselivet bergar nokre butikkar o.l. Kva så? Er det ikkje betre me har ei landbruksorganisering som fungerar? Og som kan takla evt. kriser basert på importmat! Det handlar om menneska sine behov nr. 1; MAT.

    Det skal kosta å få tak i mat, nett som det kostar å kjøpa tjenster.

  19. Tomas Says:

    Dessutan SB, aldri i verda om du held deg til fakta!!!

    Reiseliv, butikkar, ting og tang kan me greie oss fint utan. Mat må me ha. derfor skal me ha eit system som gjer at me alltid er sjølvberga av dei viktigaste matvarene i Noreg. Den dagen folk utan innsikt har styrt Noreg sin matproduksjon i grøfta (då meinar eg total underskot på Norsk mat), den dagen er ein ikkje trygg i Noreg lenger.

  20. SB Says:

    Her er det mykje tåketale frå Tomas si side som også tillegg meg meiningar og synspunkt som eg aldri har hevda på denne tråden. Skal ein halde fram denne debatten er fyrste bod at ein argumenterer mot det som faktisk er skrive om dette emnet, om ein då skulle vere usamd i konklusjonane. Ikkje som Tomas gjer, å argumentere mot innbilte meiningar som han har konstruert i sitte eige forvirra hovud.

    Eg føreslær at Tomas tek seg eit kurs i tekstlesing og argumentasjonsanalyse, slik at denne og andre debattar ikkje endar ‘in absurdum’.

    Elles vil eg til slutt seie at om nokon har halde seg til fakta på denne tråden så er det underteikna. Eg kan nemleg ikkje hugse sist eg tok feil i noka vesentleg sak. Eg har mest, utan unntak, alltid rett. Slik er det berre..

  21. Tomas Says:

    Jøsses for ein type du er. Oppblåsen ballong som snart sprekk. Du må aldri få uttale deg offentleg.

    Eg vil referera til deg viss eg snakkar med nokon som vil flytta til Jostedalen. Då får dei sjå at det LANGT i frå er berre rosenraude tilstadnar og personar der. Kanskje det gode gamle samfunnet der framme, er i ferd med ferd med å verta øydelagt av slike som deg?

    Viss du er uening er mine fakta, så får du først kommentera dei sakleg. Slik du angrip saken vert det: “den som tiger samtykkjer”. Då du går til angrep i staden for å debatera.

  22. Tomas Says:

    SB skrive lenger oppe at flaire bønder har så store gardar at dei lett kunne leva godt av den. Å leva lett, meinar du då løn på lik linja med snittet til industriarbeidarane? I sofall finst ikkje dei bøndene i Jostedalen. So takk og pris at dei framleis driv med dyr og orkar å jobba utanom i tillegg.

  23. SB Says:

    Ein mykje brukt diskusjonsmåte er å gå til åtak på personen istadenfor meiningane når ein sjølv manglar argument for det ein måtte meine. Det er Tomas her eit godt døme på. Å slenge rundt seg med ignorante personkarakteristikkar i mangel på saklege fakta kan sjølv ein 4-5 år gammal unge greie. Og det er tydeleg at Tomas plasserer seg sjølv på dette nivået.

    Eg vel å avslutte debatten med dette, giddar ikkje å kaste bort tida på tullingar.
    Og når det gjeld å uttale seg offentleg, så gjer eg det stadig vekk i ulike fora og kjem garantert også til å gjere det i framtida. Slik er det berre..

  24. eies Says:

    Håpar at du kjem att SB!

    Dette har vore den debatten eg tykkjer har vore best og med mest NERVE på bloggen min, hittil.

    Ingen har halde ut så lenge mot SB, Tomas. Det skal du vita! Dei fleste har trekt seg, rysta, etter kort tid.

    Får overta for SB inntil vidare. På Radio Luster sist fredag vart det sagt noko slikt som at: Attgroinga i Noreg kan til ein viss (liten) grad kompensera for øydeleggjinga av regnskogen. Dermed har me ein positiv verknad av attgroinga. Eller?

  25. Tomas Says:

    Kven som kjem med barnlege kommentarar kan kvar einkelt gjera seg opp ei meining om. Eies sitt innlegg her er eg 25% eining i og då 75% ueining fordi:

    I regnskogområda finn ein mange rødlisteartar som ein ikkje har i Noreg, uansett attgroing.

    Medisinplantar som veks i regnskogen har ein så å sei ikkje i den norske naturen samanlikna med regnskogen.

    Regnskogen bind jorda og hindrar erosjon og ørkenspreiiing.

    25% einig fordi:

    Skog i ung alder bind CO2, så viss norske vedahoggarar skal tenkja klimegassredusering, bør ein driva plukkhogst på dei eldste trea.

  26. Tomas Says:

    Men Einar, kvifor ta sympati med SB, kva med å støtta meg?

  27. eies Says:

    Støtta deg som berre f.., eg!

    Du hadde eit godt poeng i det at Norge bør vera sjølvforsynte med ein del mat. Me bør ha ein viss beredskap i tilfelle krig, ein miljøkatastrofe, andre katastrofar… Dette trur eg faktisk han SB er einig i også.

    Men å kjempa mot attgroinga, er ein kamp me har tapt. Om nokre år har skoggrensa gått, tja 500 m ( Ok, sikkert ikkje rett tal, men skogen kryp nok til fjells…) høgare opp, og mange av slåttemarkene er attgrodde. Slik var det visstnok i steinalderen også, seier dei som hugsar det. Og det er ikkje berre mindre husdyr som gjer dette. Klimaendringar har visstnok mykje meir å seia.

    Me får hogga ut til fiskeplassane våre, skiløypene, utkikspunkta våre. Å sukka og øya seg over kor fælt det er at det gror att, har lite for seg. Men kjempeflott at bøndene får gode vilkår, så kan dei gjera så godt dei kan – og redusera busk og kratt så godt dei kan.

    For å få perspektiv: I sommar snakka eg med ei dame frå Skottland. Ho sa at deira høgste ynskje var å få opp skog. Dei stellte med nyplantingar som det skulle vera – gull… Men bøndene der (les: godseigarane) ville ha så mykje hjort (stalk) på godsa sine, til å jakta på, slik at skogen aldri fekk sjanse til å veksa opp. Ho såg nok annleis på skogen enn mange av oss gjer.

  28. Tomas Says:

    Berre stor trang etter mat vil gjere at det for alvor vert sett tiltak i verks for rydda og skaffa oss meir mat. Eg meinar at eit konkret tiltak som å gje gode for å kjøpa seg ein beitepussar bakpå traktoren kan verka veldig positivt på krattvoksten. Den tek småbuskar og knuser kratet/graset til ny naturleg gjødsel. Der traktoren ikkje kjem til lyt ein kanskje ty til handamakt. Eller kanskje det kunne vera ei entreprenørskaps-> nyfinningsprosjekt for lokale/nasjonale Petter Smartar?

  29. eies Says:

    Fine greier, alt dette. Men for å bekjempa attgroinga vert det vel som å pissa i havet.

    For å provosera: Kva med fly som sprøyter ut Roundup eller liknande? Då først vart det noko som monar.

  30. Tomas Says:

    Pissa i havet for f.!!!! Det er nok med ein mann/dama som går på leige med ein beitepussar i kvar bygd! Viss det hadde skjedd overalt i Noreg, så hadde me vore langt på veg. Så enkelt, men så vanskeleg.

  31. eies Says:

    Veit ikkje heilt kva slik beitepussar er, men innbillar meg at det er ei slags forhaustar-greie til å ha på traktoren. I bratt vestlandsterreng er det då heilt begrensa kvar du kjem til, og inntil vidare: Musapiss i havet!

  32. eies Says:

    Men eit musapiss er no meir enn ingenting. Greitt det!

    Men attgroinga i utmarka er det minimalt me kan gjera med.

    Som eg har sagt før: Kjempefint at bøndene får løn for å hindra attgroing. Hald fram med det!

    Lærte ein gang ein leveregel som var om lag slik:
    1. Det du KAN gjera noko med – gjer du noko med.
    2. Det du IKKJE KAN gjera noko med – må du akseptera så snøgt som råd er.

    Elles har eg vel ikkje meir å bidra med i denne debatten. Kjempekjekt å møta fok som deg som entusiastisk forsvarer ei næring i nedgang: Bondenæringa. Trur eg skal føreslå deg (også) til ein eller annan pris – kulturprisen?

  33. Tomas Says:

    http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.4576924

    http://www.slf.dep.no/portal/page?_pageid=53,418236&_dad=portal&_schema=PORTAL&p_d_i=-121&p_d_c=&p_d_v=7933&p_d_i=-221&p_d_c=&p_d_v=7933

    Ver venleg ikkje bruk omgrepet tilskot lenger. Bruk heller omgrepet løn.

  34. eies Says:

    Kjært barn har mange namn.

    Men no har eg fiksa det slik du ville ha det. 🙂

  35. Tomas Says:

    😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: