Christian Hillmann sluttar

christian.jpg

I nær framtid kjem viltforvaltar Christian Hillmann til å slutta i Luster kommune. Christian er ein kjempekar på alle måtar!

I ein periode tykte eg han var vanskeleg. Tilliks med Fylkesmannen ga han uttrykk for at reetablering først og fremst skulle skje “The Natural Way”. Det var i alle fall slik eg tolka dei. Føler at dei no begge er meir opne for tankane mine om at utsetjing diverre er det einaste reelle alternativet. Diverre, fordi grunneigarar i Skjåk og fagfolk i DN aldri vil gå med på å auka stamma. (dette skriv eg no for 27 (?) gong…, framleis fekk eg spørsmål om dette 28.01.08, på Hotellet).

Christian er ung og svært dyktig fagleg. Eit konkret døme på det er registreringsarbeidet som vart gjort i 2006. Og spesielt om vekt og aldersregistrering, og jakt og Sett hjort-statistikk for Jostedalen. 

Sjølv om enkelte var skeptiske til denne “spirrevippen som kom og tok frå oss fellingsløyve”, trur eg mange etter kvart har fått auka respekt for guten. 

Han er ikkje redd for å seia kva han meiner, frittalande, og du veit kor du har han. Ikkje noko lureri-preik bak ryggen din.

Lukke til i Oslo, Christian!

…………………………………………………………………………………………………………………………………………….

Som dei fleste veit er Einar Fortun sjukmeld. Me håpar at han snart vert frisk att!

Rykta seier at 27 år gamle Maria Collet Knagenhjelm er tilsett som ny naturforvaltar, og me ynskjer ho velkomen!

5 kommentarar to “Christian Hillmann sluttar”

  1. eies Says:

    Frå ein herverande næringssjef – eg skal ikkje nemna namn – er eg tipsa om at jobb og karriere for denne guten står i fare på grunn av noko eg har skrive på bloggen. Dette beklagar eg sterkt!

    Det tragiske/komiske er at viss du “googlar” “Christian Hillmann” kjem det opp ma. dette:”I ein periode tykte eg han var vanskeleg. …”

    Eg har no sett inn: “Christian er ein kjempekar på alle måtar!” Men eg får ikkje dette til å slå inn på google-søket. Kan nokon hjelpa…?

    Kor nær eg er ei injurie m. tort og svie osb. veit eg ikkje.

  2. Ingar Says:

    Står litt om det her Eies: http://www.google.com/intl/no/remove.html

    Står mellom anna at dei oppdaterar registeret sitt automatisk med jamne mellomrom.

    Dersom det hastar med få vekk tekst/bilete står det og noko om korleis du kan gå fram: http://www.google.com/intl/no/remove.html#remove_snippets

  3. eies Says:

    Nei, Han Bill og googling er ikkje lett å forstå seg på. Innlegget ditt, Ingar, låg og godgjorde seg lenge før eg fekk approva det. Interessant det du kjem med, men forsto at han Christian kunne leva med det inntil vidare. Trur neppe eg skal rota meir med dette…

  4. eies Says:

    No har desse google-folki ordna det! Når eg no googlar “Christian Hillmann”, kjem det ikkje lenger opp:”I ein periode tykte eg han var vanskeleg. …”

    No kjem det derimot opp: “Christian er ein kjempekar på alle måtar! …” Dermed har han fått noko til å ha på CV-en sin. Og karrierevegen skulle dermed liggja open for guten!

  5. eies Says:

    Dette innlegget, frå 2008, dukkar stadig opp på “Top posts”. Vel å ta dette som ein honnør, og håpar Christian H. gjer det same.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: