Bulgaria – ved Svartehavets kyst

NB: Denne reportasjen byggjer heilt og fullt på ein ide av OG og NB! Spørsmål kring autensitet må rettast til dei.

2. bolken.

Diverre vart heile 1. bolken av denne reportasjen sletta då eies trykte Delete this post, endå eies var sikker på at det var berre det aller siste som vart sletta. Om det som vart sletta vart sletta fullstendig frå jordas overflate, er ikkje eies sikker på. Dataguru RAa seier at alt ein legg inn på internett er Bill Gates sin eigedom. Så første bolken ligg sikkert i ei søppelkorg borte hjå han Bill. Kanskje eies sender eit kort eller ein fax til han og høyrer om eg kan få det att. Men han Bill har vel så mykje å driva på med.

Ok. Me var altså på ferietur i Bulgaria, Nessebar. Fire vaksne og to ungar som ferjebilletøren seier. Kjempefin tur. Men som somme veit er ikkje eies spesielt glad i bading og soling. For å få dagane til å gå, påstod ein av dei andre i fylgjet at han leitte etter dyregraver. Dette er då ikkje så urimeleg sidan: http://www.aftenposten.no/kul_und/article238209.ece  Og:  http://www.eutopia.no/Heyerdahl.htm Og: http://www.eutopia.no/Odinjakt.html#Kortversjon   Og: http://no.wikipedia.org/wiki/Jakten_p%C3%A5_Odin  Og: http://oaks.nvg.org/sn1.html  Dette må vel overtyda også dei mest kritiske (- men det finst meir bevismateriale for at Odin kom frå Svartehavets kyst.)

I ettertid ser eies at dette minner mykje om ideen bak  “L” av Erlend Loe.

Det hjelpte ikkje at eies påstod at han las i noko som heitte “Retorikk i vår tid”. Det var greitt kva det var.

bilde-007-m-skjegg-3.jpg

Ølet i Bulgaria var minst like godt som heime. Ingen av oss klaga på prisane heller. Etter ein hard dag med bading, soling, lesing (og leiting?) smaka det rett godt. Men han Odin drakk vel helst mjød. 

bilde-005-mbriller-1.jpg

Her har eies nett fått så hatten passar av severingsdama i bakgrunnen. Han forstod ingen ting, for han spurde – rett nok på dårleg engelsk – om ho kunne visa han bogastelle. So sint som ho blei!

Jaja. Dette er dei einaste to bileta eies har fått. Etter 4 e-postar og 11 tekstmeldingar – dels med truslar. So det kjem vel ikkje meir frå turen til Bulgarialandet – ved Svartehavets kyst.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: