Godt nytt år!

Og takk for alle gode og mindre gode meiningsutvekslingar på denne bloggen. Utan å nemna namn, vil eies spesielt senda ei helsing til  to med etternamn K. Det skjedde i alle fall noko den tida de var med. Diskusjonane vart aldri dei same etter at de slutta å skriva kommentarar. Velkomne attende!

Eit årskifte er tida for refleksjon og ettertanke. Har eies såra nokon? Har fått tips om at somme meiner at eg har freista å skriva historia frå 1980 og utover på nytt – og at eies då ikkje har halde seg til “fakta”. Time vill sjåvv! Kanskje ein eller annan kunne skriva den nyare “Jostedalssoga” snart: Ein skribent av typen A. Hompland, J.B. Thue – eller lokale krefter…?

Eies har etter kvart danna seg ei oppfatning av kven som er tilhengjarar av Vestsideutbygginga. Det som er merkeleg er at det stort sett er akkurat dei same personane som stiller seg kritiske eller negative til ei reetablering av ei Villreinstamme i Jostedalsfjella. (Her håpar eg på veldig mange protestar!) For å vera litt svulstig: Dette gjer meg meir og meir overtydd om at det heile dreiar seg om ei djupare forståing av verdien av villmark. Kor mange årlege millionar inn i ei botnlaus kommunekasse er villmark verd…?

Eg tykkjer det er stor stas at nokre fleipar med interessa mi for fangstanlegg. Håpar det kjem meir av den sorten!

Men det som NB, OG, PK, NK, Ingar og truleg mange andre ikkje forstår, er dette: For meg kan gjerne dyregravene fyllast med betong, dynamitt, klasebomber eller anna fanteri berre det vert gjort seriøse forsøk på å reetablera ei villreinstamme i fjella våre, og tilhøva vert lagt til rette slik at villrein kan trivast i fjella.

Sjølvsagt har fangstanlegga ein viss kulturhistorisk verdi, men den er for meg heilt underordna. Slik dyregravene ligg no,  er dei for meg eit monument over faunakriminaliteten forfedrene våre utførte då villreinstamma vart utrydda. Men me bør tilgi dei. Dei fleste visste ikkje kva dei gjorde. Men er me som lever i dag betre?

Eg håpar og trur at eg framleis vil bu og trivast i Jostedalen. Med eller utan Vestsideutbygging og med eller utan ei villreinstamme i fjella. Men no er det ein gong slik at denne bloggen er mitt vesle bidrag til å prøva å påverka framtida bitte lite granne. Godt nytt år alle saman.

Ei tilbakemelding to “Godt nytt år!”

  1. kjellrun Says:

    Godt nytt år til deg Eies!!! Eg håpar du kan lukkast i å endre verda bittelittegranne 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: