Intervju med eies i JSA 2007

Først vil eg gratulera redaksjonen med eit flott jubileumsnummer, både i form og innhald!

Gry hadde eit intervju med meg der eg diverre har gitt ho forvirrande og urette opplysningar. Det er kanskje ikkje vesentlege ting, men eg veit at mange historisk interesserte ynskjer at det skal vera rett. Altså: Eg byggjer deler av det som vert skrive på Ø. Mølmen: “Ottadalsreinen”. Der skriv E. Fortun ma. om Jostedal Statsalmenning: “Det var ofte å sjå rein før 1977, men då reiste Lom Tamreinlag med mykje umerkt rein frå området.” Det rette årstalet skal difor vera 1977 –  ikkje 1975 som det var skrive ein stad.

I mangel av ei “Nettutgåve av JSA”, tillet eg meg å gi att intervjuet nedanfor.

io-sitt-lav.jpg

Eg skuldar Inger Handegård å fortelja lesarane at det var ho som var fotograf. (Viss nokon er interesserte i å vita meir om hunden til bloggaren, så er Io no Godkjend ettersøkshund, Norsk Viltsporchampion og ho har Godkjend Jaktanleggsprøve og to gonger 1.premie på utstilling. Men aller flinkast er ho til å liggja på fanget når nokon i familien ser fjernsyn. Ein ordentleg sofahund, sjølv om ho ikkje har lov opp i sofaen… Me har planar om at ho skal ha kvelpar til våren, så ta gjerne kontakt viss de er interesserte i det.)

Intervju med Einar Ese om blogging , naturvern, villrein og Vestsideutbyggjinga  

 Når starta du med veggavis på nettet (blogging) og kvifor?

Eies: Det er ikkje så lenge sidan: Slutten av mars i år. Eg såg han Frank O. Smedegård sin blogg og tenkte at dette kunne vera noko for ”villreinsaka”. Han Frank var grei og hjelpte meg i gang.

 Kva har vore dei viktigaste sakene du har diskutert i vegg-avisa di?Eies: Eg trudde sjølv det skulle bli «Reetablering av villrein i Jostedalsfjella». Men i ettertid ser eg at eg har fått endå meir respons på det som har vore skrive om «Vestsideutbyggjinga». Når og kvifor vart du interessert i naturvern?

Eies: Det veit eg ikkje. Det vil seia at eg trur at eg meir eller mindre har vore det heilt frå eg var liten. Ei blanding av J.F. Cooper sine indianarbøker og fiske-interessa mi i yngre år trur eg har verka inn. Eg hugsar i alle fall at turrlagde elveløp og foto av slike var nokså skremande å sjå på.

 Kva del av vernet er du mest oppteken av?

Eies: Det trur eg må vera vern av livet i naturen – at plante- og dyreliv ikkje skal skadast. Det er dei store naturinngrepa som er verst. Difor tykkjer eg at me kan godta ein del av planane om småkraftverk. Men desse bør knytast opp til ei eller anna form for lokalt eigarskap. Og gjerne gå inn i ein samla plan.

 Kvifor er du oppteken av re-etablering av ein villreinstamme i Jostedalen?

Eies: Fordi villrein har det truleg vore i Jostedalsfjella i bortimot 10.000 år, kanskje meir. På grunn av menneskeleg uforstand, minka denne stamma sterkt dei siste 100 – 200 åra. Med menneskeleg uforstand meiner eg i første rekkje den tragiske tamreindrifta. Den passa nok ikkje her og har vore særs øydeleggjande for villreinen. Etter 1977 har det ikkje vore det ein kan kalla ei villreinstamme i Jostedalen, kun streifdyr.

 

I 1997 vart det gjort eit prisverdig forsøk på utsetjing av villrein. Diverre vart det mislukka. Dei som stod bak utsetjinga i 1997 møtte stor motstand, særleg frå ein del grunneigarar, men også fagfolk i DN. Ein kan kanskje seia at desse lokale villreinentusiastane ”møtte veggen”, for å bruka ein klisje. Det beklagar eg sterkt, for dei gjorde eit glimrande pionerarbeid. Dei har fått altfor lite ros for dette!

 

Slik eg ser det, nyttar det ikkje å gi opp. Det må gjerast nye forsøk. 1997-utsetjinga må evaluerast, me må læra av eventuelle feil og det må utarbeidast nye planar.

 

Slik eg tolkar Landbrukskontoret i Luster og Fylkesmannen i Sogn ogFjordane, er dei einaste planane i dag ein slags ”venta-og-sjå-og-håpa-plan”. Dei har ma. kome med oppfordringar om at jostedøler og lustringar ikkje skal skyta rein som tilfeldigvis trekkjer over grensa. Dette verkar endeleg velmeint og logisk nok, men det kjem aldri til å gi Luster og Jostedalen attende villreinen. Kvifor har eg forklart på bloggen min.

 

Den andre strategien går ut på at stamma i Sør-Skjåk skal aukast slik at rein vert tvinga ut og over til Luster. Eg har også sagt frå om ved fleire høve, også på bloggen, kvifor dette er ein fin og kjempegod tanke, men heilt og fullt og totalt ein umuleg strategi i praksis. Fagfolka i DN og grunneigarane i Skjåk kjem aldri til å gå med på noko slikt.

 

Diverre har eg inntrykk av at mesteparten av energien blant villreinfolket i Jostedalen og Luster går ut på å diskutera kva som gjekk gale før:

  1. Kvifor drap tamreinlaget dei siste villreinane våre i 1977? (Her stod det feilaktige årstalet 1975!)

  2. Kvifor var det ei eller fleire eldre simle(r) med i flokken som vart utsett i 1997?

  3. Kvifor nektar Sør-Skjåk å auka stamma si?

Alt dette er absolutt betimelege spørsmål, men å kverna rundt og rundt dette for lenge, er ikkje bra. Det blir ei slags sjølvdigging av vårt eige elende. Me må koma vidare.

 

Og slik eg ser det no, er den einaste farbare vegen fleire mindre årlege utsetjingar, kanskje på Fivla. Får me ein liten flokk til å etablera seg her, kan dei seinare spreia seg utover i området. Men det vil krevja mykje og god førebuing og mykje arbeid i den nærmaste tida etter utsetjinga. Og god informasjon til dei impliserte, ikkje minst grunneigarane, på førehand.

 

Men eg vil også nemna at eg i seinare tid ofte har tenkt på å gi opp og kutta ut dette  engasjementet mitt. Eg tykkjer det er nokså meiningslaust å registrera fangstanlegg mm. i fjella viss ikkje dette skal føra til auka interesse for at me på ny skal få att ei villreinstamme i Jostedalsfjella.

 Viss det ikkje vert gjort eit seriøst forsøk på reetablering no i samband med vern av Breheimen – Mørkridsdalen, vil eg skriva om litt på Kjell Bondevik sine ord: Då vert eg djupt såra og vonbroten. 

Korleis ser du på Vestsideutbyggjinga?

Eies: Eg ser på Vestsideutbygginga som ei øydeleggjing av mykje natur, elvar og bekkar. For utbyggjaren er det ein glimrande måte til å tena endå meir. Luster kommune vil truleg også tena noko, det same gjeld nokre få grunneigarar.

 

Det er også interessant å sjå at dei som stod på barrikadane under forrige utbyggjing, stort sett verkar positive til denne utbyggjinga.

 

Ei kort, litt fleipete spissformulering eg har høyrt er slik: «Det einaste Luster har nok av, er peng!»

 

For å sjå det i eit større perspektiv: Valet står mellom endå meir materiell velstand og luksus og bevaring av urørd natur eller villmark, som det også vert kalla.

 

Dessutan er det nokså uklart i kva grad stor-samfunnet verkeleg har bruk for denne utbyggjinga.

 Kva tenkjer du no om Breheimenutbyggjinga, og kva ståstad hadde du mens den pågjekk?

Eies: Eg tenkjer ikkje så mykje om det. Dessuten flytte me ikkje hit til dalen før utbyggjinga gjekk mot slutten. At Styggavatnet vart oppdemt var sjølvsagt trist. Så tenkjer eg vidare at hadde ikkje det skjedd, hadde eg nok ikkje budd i Jostedalen. For byggjefeltet på Gjerde var jo eit resultat av utbyggjinga. Likevel meiner eg det var tragisk at Styggavatnet vart regulert. Kan ein for min del likevel kalla det hell i uhell?

 

Å seia at eg hadde nokon markert ståstad den gongen, er å ta for hardt i. Veg over Handspiki høyrdest forlokkande ut, hugsar eg. I dag er eg av den oppfatning at ein veg over Handspiki ikkje bør byggjast. Ein veg med tunnell gjennom fjellet, vil derimot skåna høgfjellsnaturen meir. Men noko slikt er vel heilt uaktuelt i dag.

 Korleis ser du på helikopterkøyring med turistar og vidare utvikling i Jostedalen?

Eies: For to dagar sidan snakka eg med dagleg leiar av eit større og ikkje minst kjent hotell som ligg nokså nær fylkesgrensa vår. Dei hadde i alle fall store problem med helikopterstøy, og han hadde ikkje mange godord å seia, nei.

 

Det hadde sjølvsagt vore greitt å ha ”nisjer” til helikoptertrafikken, men eg trur det blir vanskeleg å få til.

 Kva meiner du om opprettinga av Nasjonalparken i Breheimen- kva konsekvensar kan det få for Jostedalen?

Eies: Eg håpa at den skulle bli til hjelp for naturvernet i området. Men det var litt rart å oppdaga at deler av turist- og næringsinteressene var mest interesserte i å laga ”hol” i verneplanen. Fylkesmannen er nok under eit visst press, her. Burde det ikkje vore smartare å bruka energien på korleis ein kan utnytta ein verneplan positivt?

 Korleis stiller du deg til at Jostedalen kan verte nasjonalparklandsby, kva trur du dette kan innebere av mogelegheiter og begrensninger for dalens folk?

Eies: Eg veit for lite om kva det inneber i praksis. Umiddelbart høyrest det greitt ut å bu i ein landsby, og eg trur det skal gå bra for dei fleste. Men at denne nasjonalparklandsbyen skal vera omringa av utbygde vassdrag, verkar litt rart.

 Kva framtid ser du føre deg for Jostedalen?

Eies: Det vert ei spennande framtid. Ein del strid vert det heilt sikkert mellom nærings- og verneinteresser. Sjølv om desse også vil ha stor gjensidig nytte av kvarandre.

 

Eg har inntrykk av at Jostedalen i tidlegare tider hadde relativt lite klasseskilje. Fattigdommen var nokså jamt fordelt, og folk var hjelpsame og solidariske. Når no enkelte/mange av oss blir rikare, håpar eg likevel at me kan ta vare på desse positive eigenskapane som det gamle samfunnet i Jostedalen hadde.

 

Og så er eg sikker på at etter harde debattar og meiningsutvekslingar, så er me framleis i stand til å spandera  kamferdrops, kaffi eller sterkare saker, på meiningsmotstandarar.

 

Gry Celius

      

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: