Om Stig Eikaas, Gjest-statua og litt til

 

I dag stod dette lesarinnlegget i Sogn Avis:

Snømenn, skulpturpark og strie bukkar 

I laurdagsnummeret av Sogn Avis, 24. november, er det to innlegg som eg vel å plassera i det eg kallar ein kunst- og skulpturdebatt. Dei handlar for det meste om Stig Eikaas, det han har gjort og eventuelt kan koma til å gjera av skulpturarbeid. 

Først ut er Johs. Thaule. På side 3 karakteriserer han Eikaas sine arbeid som ”- høgst tvilsame og for svært mange heilt utan kunstnarleg verdi.” No er rettnok Gjest Baardsen-statua på Fossetunet ikkje nokon atletisk ”David-skulptur” i marmor eller bronse. Men for meg er i alle fall ”snømannen” meir enn god nok. Like traust sit han der, i solskin og regn, i slaps og snøvêr. Ein og annan hannhunden har nok letta på bakbeinet attmed leggen hans. Så noko høgstatus-tilvære har han ikkje hatt, akkurat.  

Men med det eg tolkar som ein traust og jordnær naivitet, er skulpturen for meg likevel ein roande stad for sjel og sinn, ikkje minst no i den hektiske førjulstida. Eg håpar verkeleg at han ikkje vert fjerna. 

At mange meiner noko anna om skulpturen, er greitt. Men viss det er slik at Thaule nærmast gjer seg til talsmann for eit slags ”kunstpoliti” som skal godkjenna, ja, kanskje til og med fjerna uønska kunst frå Sogndal og Fjøra, då tykkjer eg i tifelle at det er skuffande. Eg kjenner Johs. Thaule både som ein jovial kar og dyktig høgskulemann. Men dette smakar av fin-kulturell arroganse og sneversyn. Håpar verkeleg at eg har misforstått han. 

 Så nemner han også ”bronsehjorten” (som må vera laga av simpelt støypejern, eller noko liknande) utanfor Sparebanken. Geviret er kanskje i ferd med å rusta opp innanfrå, i alle fall har det vore utsett for hærverk. Det er ikkje bra. Rett nok feller hjorten geviret ein gong for året, men…  

På den andre sida: Eg har alltid reagert – litt negativt – på denne hjorten. På skulpturen har geviret kløyvd/delt/greina issetakk (nedste takken som vender framover). Dette har eg aldri observert hittil på nokon hjort, verken levande, slakta, på gevirutstillingar eller på foto. Men eg har lese at ein skade i forplantingsorgana kan føra til misvokster på geviret.  

Nokre har antyda at Gjest-skulpturen ikkje har dei rette proporsjonane. Proporsjonane på Sparebank-hjorten minner meg i alle fall ikkje om ein kraftig kronhjort i si velmakt. Det ser meir ut som ein forstørra råbukk. Eller kanskje ei hjortekolle som det er plassert eit slags gevir på.  

Svein Mardal skriv under ”Sognablikk” på side 28 i same avisa. Slik eg forstår innlegget hans, ironiserer han over Stig Eikaas som kunstnar. Han avsluttar med eit håp om at ordførar og politikarar vil ”ta grep og diskutera det offentlege rom”. Med dette trur eg han meiner at Eikaas sine arbeid ikkje bør finnast i Sogndal, korkje no eller i framtida. 

No er det vel slik at så godt som alle dei største kunstnararane i historia møtte til dels svært hard kritikk i samtida si. Slik sett kan det kanskje lova godt for historias dom over Stig Eikaas. På den andre sida har eg lese for lite kunsthistorie til å spå om ettermælet hans: Er han ein stor og genial kunstnar? Er han ein tullebukk som i alt for lang tid fritt har fått leika seg i det offentlege rom? Eller kva er han eigentleg…? 

Kom an godtfolk. Køyr kunst- og skulpturdebatt!

 Einar Ese  

5 kommentarar to “Om Stig Eikaas, Gjest-statua og litt til”

  1. rypa Says:

    Nja… eg tykkjer kanskje ikkje han Stig Eikås har vore så veldig heldig med denne (men eg har no igrunn ikkje peiling). Men han må gjerne få bli omdømesjef i fylket, dersom me no absolutt skal ha ein.

  2. eies Says:

    Tykkjer faktisk at portrett-likheita med faren: Ludvig Eikaas, er nokså tydeleg. Men anar ikkje om det er tilsikta.

    “- eg har no i grunn ikkje peiling”: Er det kun dei som har hovudfag og doktorgrad i kunsthistorie som har peiling?

    Og viss me tek på oss “paradigme-brillene”: Om me prøver å tvinga Stig Eikaas inn i same paradigmet som til dømes Michelangelo, då kjem ein av dei dårleg ut. Men er det hensiktsmessig å tvinga dei inn i same paradigmet?

    Tusen takk for at du gidda skrivaein kommentar! I følgje Sogn Avis si undersøkjing er det 36,4% som ikkje bryr seg om dette “problemet” i det heile. Her i dei indre stroka hadde truleg talet vorte mykje større.

  3. kjellrun Says:

    Kunst eller ikkje, det held med ein Gjest for min sin del! Kanskje kunst skal vere meint til å skape debatt, men det er noko med utsmykking i offentelege rom som eg tykkjer skal vere det-utsmykking…..

  4. Olaf Pedersen Says:

    Har aldri vært i Sogndal eller sett statuen av Gjest Baardsen i virkeligheten, men på bildet sitter han med en lenke om foten. Og Gjest blev som kjent kristen de siste år av sitt liv og døde i Bergen som en fri mann, så kanskje skulle fotlenken fjernes om der skal gjøres noen forandring på statuen av Gjest Baardsen.

  5. Aksel Strand Says:

    Hei Stig
    Var heldig å¨besøke kulturparken i Byrkjelo i sommer. Den gjorde inntrykk . Mange flotte skulpturer plassert i fine omgivelser. Stig er en spesiell og energisk kunstner som vil sette spor etter seg.

    Hilsen Aksel

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: