Statkraft svarar eies

Den 9. november 2007 09.25 kom dette svaret frå informasjonssjefen i Statkraft: 

Hei Einar!

Eg forstår det slik at du ikkje ønskjer eit møte der du kan bli informert direkte av kraftverkssjef  Edvard Leirdal og vassdragsteknisk ansvarleg Roar Lund. Det tek eg til orientering, og sender deg i staden ein kort e-post som svar på/kommentar til dei spørsmåla du stilte – på bloggen din og i e-post direkte til meg. Skulle desse svara syne seg utilstrekkelege, så får du heller kontakte dei to nemnde på telefon for ei vidare utdjuping.

Steinbrotet ved Styggevatn har kanskje ikkje ei optimal plassering. Høge stup ikkje langt frå stien fram mot Styggevasshytta/Handspiki kan nok utgjere ein viss risiko for folk som ferdast i området, særleg om ein vel å forlate stien og gå i terrenget. At det finst naturlege stup andre stader i fjellet gjer ikkje steinbrotet mindre farleg. Brotkanten på steinbrotet ligg over høgste regulerte vasstand i magasinet, men om steinbrotet hadde vorte plassert noko lågare i terrenget, så ville nok situasjonen vore mykje den same, fordi det berre av og til om hausten er situasjonar der magasinet er fullt. Statkraft er for tida i gong med eit prosjekt som skal vurdere risiko i høve til alminneleg ferdsle kring våre produksjonsanlegg. Det arbeidet vil og fange opp eventuelle faremoment knytte til steinbrotet ved Styggevatn. Inntil vidare må me difor avvente kva konklusjonar ein kjem fram til her. Det er likevel eit faktum at Statkraft ser alvorleg på det spørsmålet du tek opp, og at det er eit ønskje om å betre på situasjonen.

Flaumsikringa langs tilløpstunnelen er konstruert på ein slik måte at tilsig som overstig tilløpstunnelen si totale slukeevne skal kunne fylle ledig kapasitet i til dømes Geisdalsvatn og Sandhaugedalsvatn. Kva vassnivå som til ei kvar tid er i Styggevatn har ingenting å seie for denne funksjonen – det som avgjer om flaumdempinga trer i kraft er det totale tilsiget inn i det enkelte vatn/inntak, og om det tilsiget overstig overføringskapasiteten. Og skal ein makte å halde attende flaumvatn, så må det og vere ledig magasinkapasitet i det enkelte vatn. Dersom flaumvatn går direkte i det enkelte vassdrag uregulert, så oppstår det heller ikkje nokon flaumdempande effekt. For ordens skuld nemner eg at dette er ei ordning gitt i vår konsesjon for bygging og drift av Jostedal kraftverk.

Fundamentet for den gamle ferdslevegen framanfor tunnelen, like før Bjønnstegane, har me planar om å rehabilitere, truleg kan det skje allereie så tidleg som i 2008 eller 2009.

Vasstanden i Viva-tjønni er ei anna utfordring du tek opp. Statkraft har ein dialog med NVE om eventuelle tiltak, men NVE er skeptiske til større, synlege inngrep nettopp her. Inntil vidare har me gjort visse tiltak for å tette lekkasje, men har vel kanskje ikkje lukkast fullt ut så langt, men me arbeider for at dette skal bli betre enn situasjonen er i dag.

Dyregravene du nemner, som låg langs anleggsvegen, må ein nok i dag karakterisere som  tapte. Kvifor det skjedde er for meg uklart, og det er vel heller ikkje noko trøyst at arbeidet med anleggsvegane vart planlagt og utført i samsvar med konsesjonen for bygginga av Jostedal kraftverk. Det er heller ikkje noko å bli oppstemd av at det var diskusjonar fagfolka mellom i høve til desse dyregravene sin status og tilstand før anleggsarbeidet tok til. Om ein då vel å vende blikket framover, så er det kanskje ekstra viktig å ta vare på dei dyregravene som er att i Jostedalen.

Med helsing Norman

Ei tilbakemelding to “Statkraft svarar eies”

  1. Steinbrotet ved Styggevatnet « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] I 2007 gav forsåvidt ei forklaring, det skal dei ha! Les gjerne svaret deira her. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: