Statkraft kjem med generøst tilbod – eies nølar

Som sagt: Etter at Kjellrun nærmast “over natta” fekk eit nokså oppklarande svar frå informasjonsavdelinga i Statkraft, skulle eies prøva det same. Men han hadde nok ikkje same lukka med seg. 23 dagar gjekk det før han fekk eit meiningsfullt svar, og det etter to “purringar”. Men rett skal vera rett: Informasjonssjefen var på ferie i ein større/mindre del av perioden. Dessutan har Statkraft også truleg hatt problem med maskina som sender ut automatiske e-postsvar.

I svaret datert 23.10, men som eg av ymse grunnar ikkje finn det rett å gi att her, vert eies invitert til eit møte der nede med: Krafverksjefen i Sogn, Vassdragsteknisk ansvarleg – kanskje endå fleire… Eies føler at dette er både smigrande og ein honnør: Tenk at Statkraft vil spandera slik av sine tilsette si arbeidstid!

Av grunnar som eg ikkje ynskjer å koma inn på her, måtte likevel eies takka nei til denne invitasjonen. Her gir eg att resten av svaret frå eies – til informasjonssjefen:

Som sagt: Eg forventa eigentleg berre nokre enkle, oppklarande, skriftlege svar i ein e-post. Men sjølvsagt takkar eg for det generøse tilbodet frå Statkraft om eit møte. Sjølv om det kanskje minner litt om ordtaket om “sporv og kanoner…”.

Viss Statkraft framleis ynskjer eit møte, føreslær eies: Eit møte med informasjonssjefen, andre i informasjonsavdelinga, ein eller fleire av informasjonssjefen sine overordna…

Håpar at det er greitt at samtalen vert teken opp på band el., slik at eg seinare kan formidla informasjonen til jostedøler, lustringar og andre interesserte – via bloggen min. 

Eg ser fram til eit fruktbart samarbeid, og ventar spent på svar.

Helsing eies

(Einar Ese)

8 kommentarar to “Statkraft kjem med generøst tilbod – eies nølar”

  1. bjorjost Says:

    hehe, den er god

  2. TT Says:

    Dette skjønnar eg ikkje. Du sender nokre konkrete spørsmål til Statkraft som delvis skriv seg frå bygginga av Jostedal kraftverk, delvis frå driftinga av same kraftverket. Statkraft legg seg i selen og seier seg villig til å stille med den beste kompetansen i eit møte slik at du kan få rettast mogeleg svar. Men du takkar nei “av grunnar du ikkje ynskjer å komme inn på” (nok ei halvkveda vise frå eies).
    Når det gjeld dyregraver (om noko slikt var der) ser eg ikkje vekk frå at eg ein gong i 1985 sette nokre vegstikk slik at desse antatte dyregravene gjekk dukken. Men det skjedde etter ein detaljplan for Handspikvegen utarbeidd av Norconsult og profilert av Ing. Frode Halle med Gammern, Finnabøblesten og Høvdingen i spisssen. Mi oppgåve var å få bygt ein anleggsveg slik at denne vart liggjande innafor Norconsult sin plan, dvs. innafor det som skulle bli ein framtidig heilårsveg gjennom Handspiki.
    Elles skal du ikkje kvi deg for å møte Vassdragsteknisk Ansvarleg. Han er ein tvers igjennom sindig kar frå Skjåk som garantert ikkje gjev deg opplysningar han ikkje kan stå inne for.

  3. eies Says:

    Nei, dette har du nok ikkje skjønt.

    Men eg er i alle fall ikkje ute etter å kritisera deg. Har ingen grunn i det heile til å tru at du har hatt “vikarierande motiv” eller kva det no heiter i høve nokre stakkars dyregraver. Gammern mm. – det er vel ikkje dei verkelege namna? Eg kom jo for seint til dalen til å ha møtt desse.

    Ansvaret for å ta omsyn til dyregraver og andre kulturminne, meiner eg ligg hjå arkeologane og funksjonerar høgare i “systemet”. Og samarbeidet mellom desse. Eg trur me skal leita der.

    Du skriv heilårsveg gjennom Handspiki altså ikkje OVER Handspiki? Her er eg også usikker på begrepa som vert brukte i debattar. Du får klara opp i dette du…

    “Nok ei halvkveda vise” – kva er dei andre visene mine?

    At Kraftverksjefen i Sogn og Vassdragsteknisk ansvarleg representerer den beste kompetansen på sine område, har eg ingen grunn til å tvila på. Men dette veit du mykje betre enn meg!

    Det vesle eg kjenner desse to karane, har eg heller ingen grunn til å tvila på at dei er trivelege, greie, sindige og sannferdige. Absolutt ikkje.

    Problemet ligg ikkje her i det heile teke. Og det håpar eg at både du og Statkraft no vil respektera utan fleire spørsmål. Det er ikkje alt her i verda som treng brettast ut i ein blogg.

    Eg retta spørsmåla til informasjonssjefen. Ynskjer ikkje han å svara eller møta meg, kan vel andre i informasjonsavdelingen gjera det. Eventuelt nokre av hans overordna. Dei må ha kompetanse i fleng.

    Men det enklaste ville vel ha vore å skriva nokre punkt i ein e-post, ville eg tru. Ein meir open dialog mellom Statkraft og bygdafolk trur eg at ikkje minst Statkraft ville tena stort på.

    Og du TT kjenner vel begge partar nokså godt.

  4. TT Says:

    For å fastslå det: mi rolle ved bygginga av vegen var heilt underordna. Ikkje viste det dyregraver på Norconsult sine planar, ikkje var det markert dyregraver i terrenget og ikkje såg eg noko før anleggsarbeidet starta. Men eg skal innrømme at eg nok ikkje er den flinkaste til å sjå slikt i naturen.

    Heilårsveg. Ja, Norconsult utarbeidde (på oppdrag frå??) detaljplan for ein høgstandard heilårsveg frå Elvekrok til Viva. Planen slutta i tunnelmunninga på Viva på kt. 860 hugsar eg ikkje heilt feil. Som ein del av planen vart det også laga detaljert byggjeteikningar for alle bruene langs denne vegen. Eg ser ikkje vekk frå at eg har deler av denne planen liggjande ein eller annan stad.

    Halvkveda viser. Eg siktar til utsegna di om SV og kraftsosialistar som du ikkje ville utdjupe nærare.

    Klengenamn. Dette var litt intern moro. Mange i Jostedalen på min alder hadde i åra før utbygginga sommarjobb hos Ing. Frode Halle. Dei tre nemnde karane var ingeniørar der, og var litt av nokre ruggar. Berre spør naboane dine.

    Du har rett i at alt ikkje treng utbrettast i ein blog. Men kvifor då leggje inn e-post korrespondanse på blogen – i alle fall deler av den. So er det vel heller ikkje slik at om me vender oss meir eller mindre personleg til ein organisasjon – det vere seg offentleg eller ikkje – kan me ikkje forlange eller vente å få svar frå den personen. Det må bli ei intern sak i organisasjonen kven som skal svare.

    Til slutt: eg arbeider ikkje i Statkraft, og har ikkje noko behov for å forsvare dei. Eg òg lurer av og til på vitsen med “sørgjerendene” på Sandhaugedalsvatnet og Geisdalsvatnet. eller at det ikkje går an å etablere ein stabil vasstand i Vivatjønni. Eit moment til det siste: ca. år 2000 fekk Statkraft konsesjon til å leie ei grov inn i Styggevassmagasinet som tidlegare rann nedstraums dammen på vestsida.

  5. SB Says:

    Eg stiller gjerne på eit møte med Statkraft, Eies, om du vil ha med deg nokon. Og Statkraft kan gjerne ha med Vårherre på dette møtet, for min sin del, berre dei kan gje skaplege og saklege svar på dei spørsmåla du over lengre tid har teke opp på bloggen din i samband med både planlagd og tidlegare kraftutbygging i Jostedalen. Også for Statkraft må det vere viktig å lytte til ålmenta og bygdefolkets interesser i slike alvorlege saker som går på rasering av fri natur og våre siste frittrennande elvar og vassdrag.

  6. eies Says:

    TT: Viss eg hadde gått ut med ei liste over sokalla “kraftsosialistar” på SV si liste, hadde det truleg ført til ein usakleg persondebatt rett før valet, og det var eg absolutt ikkje interessert i. Det håpar eg du forstår. Dessutan håpa eg at kanskje nokre av kandidatane hadde teke utfordringa og presisert standpunkta sine sjølve. Partiet hadde diverre eit litt tvetydig program på dette området.

    Kandidatar på SV-lista som vil byggja ut Vestside-elvane. valde eg å kalla “kraftsosialistar”. Men eg innrømmer også at slike begrep ikkje bør brukast for mykje. Men i kampens hete framfor eit val, florerer det med meir eller mindre saklege/usaklege begrep.

    Ok, har eg ikkje sunge fleire halvkveda viser, så skal eg kunna leva med det.🙂

    Du bør skriva manus/deler av eit manus til historia om utbygginga! Det trur eg faktisk Statkraft vil sponsa.

    Kvifor e-post/deler av e-post i ein blogg? For å gjera bloggen meir autentisk og meir interessant, håpar eg.

    Men GENERELT meiner eg at ein bør vera varsam med å nemna personar med namn – i alle fall viss dei ikkje har bedt om det. Titlar/funksjonar meiner eg er enklare, særleg viss det gjeld personar i det øvre sjefs-/leiar-skiktet. Men kanskje de tykkjer dette er dumt…? Eg prøver i alle fall å gjera det slik, hittil.

    Intern sak i organisasjonen kven som skal svare: Sjølvsagt. Og eg er førebudd på at Statkraft kjem til å nekta å svara/møta meg på dette grunnlaget. Det må eg vel godta, men eg kjem nok også til å gjera meg ein del tankar…

    Ja, eg var faktisk inne på tanken at no hadde TT fått seg deltidsjobb i Statkraft.🙂

    Men skulle det vera meir som var uklart, så kom igjen…!
    ————————————————————————————–
    Flott SB!

    For å seia det på boksespråket: SB/eies vs Statkraft/Vårherre – det må bli årets match. Hardtslåande argument mm. Som tidlegare medlem av Jostedal Sokneråd og som ein som i alle fall i periodar har rekna seg som kristen/religiøs, vil eg likevel ikkje spå om utfallet. Kan det bli snakk om knockout, tru…

  7. kjellrun Says:

    Les du Gert Nygårdshaug , Eies?

  8. eies Says:

    Nei………., men viss du vil anbefala noko så skal eg prøva.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: