Nokre spørsmål til informasjonssjefen i Statkraft

Lett oppstemd etter Kjellrun sine spørsmål til informasjonssjefen i Statkraft og hans raske og delvis oppklarande svar, les: http://jostedal.wordpress.com/2007/09/26/eg-har-lese-sogn-avis-att-eg/#comments , ville eies prøva same strategi. 

Difor sende eies 1. oktober ein e-post med dette innhaldet til informasjonssjefen i Statkraft:

Hei.

Då eg såg på bloggen hennar Kjellrun at ho hadde fått svar frå dykk, tillet eg meg å stilla nokre spørsmål sjølv og. Vil også minna om det i utgangspunktet positive svaret som eg fekk frå dykk tidlegare på e-post ang. villrein.

Eg lever i den trua at Statkraft har overteke, og at dei no har ansvaret for anleggsvegar, magasin, bekkeinntak mm. som høyrer til  anlegget i Jostedalen. Vidare trur eg at Statkraft ynskjer “goodwill” og ein positiv dialog med innbyggjarane i Jostedalen og andre som brukar og har glede av naturen.

Viss det er slik, har eg nokre spørsmål:

  1. Kvifor er det eit Farleg stup under Styggevasshytta ?
  2. Kvifor er det “Sørgjerender” rundt Sandhaugedalsvatn og Geisdalsvatn og vatn/tjørn i Vetle-Sprongdøla?
  3. Kvifor Vart fundamentet for den gamle ferdslevegen sprengt bort – mellom Bjønnstegane og tunnelen/brui? Noko som gjer faren for steinsprang og ras stor?(Stadig ligg det stein i vegen her. Sjå 2 vedlagde foto.)
  4. Kvifor er vannstanden slik at det kan ha vore Fiskedaude i Viva-tjønni?
  5. Kvifor Vart 3 dyregraver øydelagde av vegen til Styggevatnet?

Kunne ha nemnt meir, men dette er vel ein grei start.

Statkraft ynskjer å ha det juridiske ansvaret i orden reknar eg med. Legg til at eg i det i det eg skriv ikkje representerer nokon annan enn meg sjølv og bloggen min: https://eies.wordpress.com/

Men ma. med tanke på “goodwill” kan det vel også koma inn eit “moralsk” ansvar?

Uansett: Dei økonomiske utgiftene for mykje av det eg har nemnt ovanfor er truleg “peanuts” for ei bedrift som Statkraft. 

Viss eg har vore urimeleg i noko av det eg har skrive, vil eg gjerne ha attendemeldig slik at eg eventuelt kan retta opp det!

Eg håpar eg ikkje verkar einsidig negativ. Sjølvsagt har Luster hatt svært stort økonomisk utbytte av kraftutbyggingane. Ingen tviler vel på det. Dessutan gjer ma. anleggsvegane at mange kjem seg lettare ut i naturen. (At anleggsvegane også har negative aspekt, skal eg la liggja denne gongen). 

Håpar at det er greitt at eg viser heile- eller deler av svaret dykkar på bloggen min.

Kanskje det går an å få til eit samarbeid?

 Helsing Einar Ese.

Men det varte og det rakk, og ikkje fekk eies svar. Etter ei veke sende han eit spørsmål om kva som hadde skjedd, og då kom svaret innan eit par sekund, var det visst:

Hei!På ferie i Frankrike-Italia-Sveits til 15. oktober!!med helsing Norman.

__________ NOD32 2576 (20071007) Information __________

This message was checked by NOD32 antivirus system.
http://www.eset.com

Dette var forsåvidt greitt. Den automatiske svararen ved fråver hadde sikkert vore ute av drift eller noko slikt den 1. oktober. Så no ventar eies i oppriktig spenning på svaret frå Informasjonssjefen i Statkraft.

 

Ei tilbakemelding to “Nokre spørsmål til informasjonssjefen i Statkraft”

  1. eies Says:

    Nei………., men viss du vil anbefala noko så skal eg prøva.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: