“Kongen av Jostedalen”

Denne melodien har eg høyrt mykje frå spelarane til ein del ungdom i Gaupne. Verkar nesten som ein slags kult-melodi.

Melodien er den same som “Kongen av campingplassen” av Ole Ivars, teksten må også vera inspirert av denne.

Men – er dette:

  1. Mobbing og harselering over jostedøler og Jostedalen? I tilfelle burde det vel koma inn under arbeidsfeltet til Dan Olweus.
  2. Eit ironisk uttrykk for at ein beundrar og respekterer jostedalsmiljøet/jostedøler?
  3. Begge deler? 
  4. Noko midt imellom?
  5. Eller kanskje noko heilt anna?

Korleis melodien har hamna på datamaskina mi er eg ikkje heilt sikker på. Heller ikkje kven som syng og spelar. Kan dei ha tiknyting til Fjøra-revyen og “Tunheim-The Movie”? Kanskje eg er lovbrytar når eg legg dette ut på bloggen min? Døm sjølve.

Høyr “Kongen av Jostedalen” her.

3 kommentarar to ““Kongen av Jostedalen””

  1. TT Says:

    Denne melodien hadde eg aldri høyrt om før eg fekk han på e-post kl 17.24 i går. Kl. 21.07 sende eg han vidare til ca. 10 stk. Kl. 21.45 fekk eg han på nytt på e-post. Altså: det er fort å formidle noko i desse datatider. Men eg oppdaga fort at eg er vorten for gammal. Marianne på 9 kunne fortelje at melodien ei god stund hadde vore ein hit i ballbingen. Både ho og Tora kunne det meste av teksten.
    Mobbing? Ha, ha! Eg landar vel ned på pkt. 2.
    Kven som syng? Eg har ein vill ide, men eg torer ikkje nemne det.

  2. eies Says:

    Rykte seier at melodien kjem frå ein nedlastingstad som heiter LimeWire – eller noko liknande.

  3. Tomas Says:

    Ein kombinasjon av 1 og 2, trur eg…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: