Kommunestyrevalet i år

Eg har prøvd å lesa gjennom alle partia sine program. Det har vore sagt at valet i år vert eit miløval. Det står att å sjå om det blir slik.

Av dei programma eg har hatt tilgang til, er det heilt tydeleg at LUSTER VENSTRE merkjer seg ut. Sett ut frå ein naturvern-ståstad, er dei tydelege og presise i programmet sitt. Det er nesten for godt til å vera sant at det går an å vera så presis i eit politisk program:

NEI til bygging av veg over Handspiki

NEI til utbygging av vestsideelvane i Jostedalen        

Dette er to saker, det finst meir. Terningkast 5/6…? Senterpartiet og SV er meir forsiktige og utydelege med td: -skeptiske til Vestsideutbygginga. Dei held altså på den klassiske, politiske, runde og inkluderande måten å formulerande seg på, av redsle for å støyta frå seg medlemer, listekandidatar og veljarar.

Vil det svara seg å vera presis og tydeleg, eller rund og utydeleg? Time vill sjåvv! Klokare folk enn meg har kome med tips om at han Ernst og han Anders på ein eller annan måte vil søkja saman etter valet. Blir SV med dei… ?
SV bør forresten kunna gjera eit bra val med dame på topp og elles mykje bra folk. Men ting tyder på at det er for mange kraftsosialistar der. Tek eg feil? Difor kan det nok bli vanskeleg for meg å bruka lista deira i år.
 Dessverre.

 

 

 

26 kommentarar to “Kommunestyrevalet i år”

  1. SB Says:

    Venstre har berre teke konsekvensen av at det er eit miljøparti. So enkelt og so vanskeleg.. Dersom ein meiner alvor når det gjeld å ta vare på natur og miljø so må ein vise det i praksis og, difor NEI til utbygging av Vestsideelvane og til bygging av Handspikvegen. Eg tek neppe for hardt i når eg sler fast at det er eit samla Krundalen som går mot denne kraftutbygginga og ikkje minst er det massiv motstand mellom ungdomane i Jostedalen mot å rasere den siste resten av den frie vassdragsnaturen i Jopstedalen. Til slutt ei oppmoding til alle som er opptekne av å ta vare på dei siste naturressursane i Jostedalen: Røyst på VENSTRE! So enkelt er det, altså.

  2. JAa Says:

    At ikkje SV (som eg forøvrig trudde at også eies var eller er medlem av?) torer å sei nei nei til utbygging av Vestsideelvane er jo rett og slett sjokkerande. Trur dei at ein sankar velgarar på å ikkje meine noko? ein heilt anna ting er jo att ein på http://www.sv.no ma. kan lese:

    “..ta hensyn til dyr, planter og naturområder framfor å tillate nedbygging av strandsoner, grønne lunger, dyrket mark og verdifull skog. ” og dei held fram: “Ved å ta vare på gjenværende naturområder får også fremtidige generasjoner levende nærmiljø, frisk luft, fornybare ressurser og fungerende økosystem som kan opprettholde landbruk, utmarksnæring og frilufts- og reiseliv.”

    Meinar dei ikkje dette når det kjem til konkrete saker?

  3. eies Says:

    Kan ikkje heilt tru at det er så viktig vita om eg er medlem, men for sikkerheits skuld: Det er eg. Og eg er stolt over å ha vore med på å dra i gang Luster SV. Dette partiet er eit av dei sunnaste innslaga i Lustra-politikken. Og eg hadde i utgangspunktet sjølvsagt tenkt å stemma på dei også i år.

    Men for dei av oss som ser på miljø- og naturvern som særs viktige saker – spesielt i år, så har Luster Venstre vore så tydelege og presise i programmet sitt at dei nok får stemma mi denne gongen.

    Med mindre nokre sentrale toppkandidatar på Luster SV si liste klårt og tydeleg presiserer at dei har eit naturvernstandpunkt, og at dei ynskjer å verna Vestside-elvane.

    I den grad eg har eit politisk hjarta, så ligg nok det framleis nærmast SV. Og eg reknar med at eg ved neste val kjem til å stemma på dette partiet.

    Viss det skulle ha noka interesse å vita dette.

  4. oddmund Says:

    Sp er vel elles kjent for å stilla seg positiv til det meste av små og halvstore kraftutbyggingar både her og der, så i det lyset er det heller sterkt når Luster Sp faktisk skriv i programmet: “Stilla oss kritiske til fleire større vasskraftutbyggingar i kommunen (som Vestsideutbygginga i Jostedalen) …”

    Sidan dette er ein slags SV-blogg, lurer eg òg på noko som eies er innom: SV har sagt at dei vil støtta ein ordførar frå Ap. Grei skuring, men gjeld dette òg om Ap og Frp går saman i eit valteknisk samarbeid med ordførar frå Ap og varaordførar frå Frp? Og om SV i denne situasjonen kjem på vippen – vil SV heller slå seg i lag med dei og sikra ein varaordførar frå Frp enn å gå til hi sida og sikra ein ordførar frå td. Sp?

    Eg vil tru kanskje somme som vurderer å røysta SV av miljøomsyn kunne tenkja seg eit svar på om dei dermed er med på å sikra Ap+Frp makta, for det er vel ingen strålande mlijøkonstellasjon?

  5. eies Says:

    ” – ein slags SV-blogg”: Tja, viss det hadde vore ein “Håkon Lie” i Luster SV, hadde eg nok alt vore ekskludert.

  6. Arve B. Røneid Says:

    Oioi, her var det ein del å kommentera!
    Først og fremst: Ja, me har faktisk nokre “kraftsosialistar” blant oss i SV. Det lyt me tola, på same måten som andre parti lyt tola enkelte svarte får… Styret i Luster SV er usamde når det gjeld vestsideutbyggjinga, difor vart det ei noko vag framstilling i programmet vårt. Eg er samd med dei som meiner dette ikkje høver seg eit miljøparti som SV, men skulle me heller vald å ikkje skriva noko om det?

    Og; dersom det skulle vera tvil: SV i Luster kjem ikkje under noko omstende til å støtta ein konstellasjon der FRP deltek. Dette var SV, som EINASTE parti, klare på under “ordførardebatten” under lustradagane i juni.
    Og; Einar: Takhøgda er stor nok hjå oss. Det kjem ikkje noko “eksklusjonsbrev” herifrå🙂

  7. Tomas Says:

    Ein kan ikkje stemma på eit parti berre fordi det er ei kvinne på topp. Eg håpar folk kryssar av på kandidatar, og kvinner, ein veit engasjerar seg, og kan gjera ein god jobb for innbyggjarane i Luster Kommune.

    Det er nominasjonsnemda som må syta for at dyktige mann- og kvinnfolk kjem på listene, og at dei vert plassert i rett rekkjefølgje på listene. Eg og meinar det er bra med fleire kvinner i politikken, men å stemma på eit parti berre fordi det er ei kvinne på topp, det vert for enkelt.

    Alle parti er representert med begge kjønn på listene, det er opp til veljarane, med dei haldningane dei har, å kryssa ekstra av på dei kvinnne som ein eventuelt vil ha inn frå deira liste.

  8. eies Says:

    Hyggeleg med stor takhøgde i Luster SV! Men kanskje takhøgda var FOR stor då programmet skulle lagast så inkluderande at både utbyggingsmotstandarar og kraftsosialistar skulle føla seg komfortable i Luster SV? Den tydelege miløprofilen vart nok øydelagd.

    På den andre sida forstår eg dilemmaet til det unge partiet, enno i etableringsfasen: Det ville ha vore tungt å visa frå seg listekandidatar.

    Luster Venstre har kome med eit modig og tydeleg program. Eg unner dei å gjera eit godt val i Luster denne gongen.

    Eit argument til for å bruka Venstre-lista: Ungdommen! Skal dei over 40 ha monopol på all fornuft og klokskap? Venstre har teke ferske og friske ungdomskandidatar inn på lista. Ikkje minst nokre frå Jostedalen. Eg trur dei vil tena på det.

  9. eies Says:

    Til Tomas: Med den store negative fokuseringa det har vore på Luster for kvinnerepresentasjonen, var det likevel kun eitt parti som klarte det: Få ei dame som nr. 1. Her må me vera stolte av Luster SV. Dei klarte det ingen av dei andre partia klarte! (Men så var det dette andre, då…)

  10. oddmund Says:

    Bra at SV er tindrande klåre på Frp-samarbeid. Noko anna hadde vore særs overraskande, men bra å få det stadfest frå høgste hald.

    Elles interessant at det ser ut til å vera større usemje om Vestsideutbygginga i SV enn eg har registrert at det er i Sp.

    Miljøpartiet Venstre: Jau då, prisverdig klåre ord i programmet og i avisa om dagen – jamvel nei til småkraftutbygging som gjev synlege naturinngrep (=alle). Klårt og tydeleg for veljarane. Men det er under fem månader sidan Venstre var med på eit kommunestyre-ja til ei stor småkraftutbygging på Veitastrond og ei kraftline frå Strondi til Hafslo som i høgste grad er særs synlege naturinngrep. Finst det eigenleg kraftutbyggingar dei siste fire åra som Luster Venstre har sagt nei til?

    Sp har aldri lagt vinn på å tevla med andre om dei store orda i miljøpolitikken. Partiet har heller sagt klårt og tydeleg ifrå om at gode miljøomsyn og omsynet til næringsutvikling må vegast opp mot kvarandre og at ein må finna best moglege kompromiss.

    Og det gjeld visst i praksis andre parti med miljøvimpelen høgt oppe òg. I kommunestyremørkret blir dei fleste miljøkattar gråe.

  11. eies Says:

    Fortida til Venstre har eg lita synsing om. Og eg må berre ta opp att at eg ser ikkje på småkraftverk som noko stort miljøproblem.

    Men å velja partiliste vert no ein gong mest som å velja det minste av mange vonde. Og framleis kjem Venstre best ut. (Sjølv om bror min hevdar at ein kan ikkje BÅDE lova og halda…)

  12. Arve B. Røneid Says:

    Det som kunne vore interessant å få vita noko om, er kven Senterpartiet ynskjer eit samarbeid med i kommande periode? Her har det vore ein rungande stillheit… Sit dei og ventar på kven som byr mest etter valet? Kan dei t.d. svelgja ein “frp- kamel”, men den politikken det innebèr for t.d. landbruk og miljø, dersom dei får ordførarkjeda?
    Time vil sjåvv…

  13. SB Says:

    Til Oddmund:

    1) Venstre sa ja til småkraftutbygginga på Veitastrond pga. eit lokalsamfunn som er i ferd med å gå til grunne. Det var eit konkret og moralsk handslag til ei bygd som slit noko veldig med å rett og slett overleve. Ein x-traordinær situasjon som krev særskilde tiltak og prioriteringar som ein elles ikkje ville ha gått inn på.
    2) Seier ein A må ein i mange tilfelle seie B og. Kraftlina gjennom Hafslofjella var – og er – Venstre kitisk til og det kom og fram på nemnde kommunestyremøte. Elles var det ikkje mange motførestellinagr å høyre frå SP-lægeret i den kommunestyredebatten. Ein skal som kjent ikkje irritere grunneigarane for mykje, det er på mange måtar særinteressepartiet SP i Luster i reindyrka form. Elles vart det heldigvis eit samla kommunestyre – og med Venstre som pådrivar – som samla seg om ei kristisk innstilling til NVE om denne saka.

  14. oddmund Says:

    No er eg ikkje meir enn meining Sp-medlem utan listeplass, så eg synsar i veg her på frittståande grunnlag. Men langt fleire enn meg blir nok særs overraska om Sp under noko omstende samarbeider med Frp etter valet. Det har me nemleg alt prøvd (2003). Torodd Urnes hadde knapt fått fatt i ordførarklubba før dei hoppa over til Ap, som dei har samarbeidd med gjennom heile perioden (som kjent har det òg vore noko flytande skilje mellom dei på personellfronten).

    Rungande stillheit har det ikkje vore. Som Sølvi sa på debatten i Jostedalen, har me hatt eit godt samarbeid (inkl felles gruppemøte) med Venstre og Krf denne perioden, og det mest nærliggjande er å halda fram dette. Men ikkje ein gong gudane veit kva valresultatet vil by på.

    SB gjev ei framifrå grunngjeving for kvifor heile kommunestyret gjekk inn for både Veitastrond-utbygginga og kraftlina. At Venstre argumenterte imot og røysta for, sette berre ein ekstra spiss på det heile og stadfeste at Venstre er og blir Venstre.

  15. TT Says:

    Kan nokon gje meg ein eksakt definisjon på “kraftsosialist”. Ut frå denne definisjonen, kven er “kraftsosialistar” på SV si liste?

  16. eies Says:

    I til dømes ein vitskapleg rapport bør du kunna finna eksakte definisjonar og eit “korrekt” språk. I ein blogg kan nok begrepa kunna verta meir upresise og av og til sleivete – utan at det nødvendigvis gjer diskusjonen dårlegare. Tippar me alle har ei ikkje altfor ulik oppfatning av ein “kraftsosialist, eller me kan googla litt.

    Ein person, gjerne sosialist, som i dag vil gå inn for utbygging av Vestside-elvane, ut frå ynskjet om “meir pengar” til diverse gode føremål, vil eg kalla kraftsosialist.

    At det på denne bloggen skal setjast opp ein “gapestokk” med namn på kraftsosialistar, vil eg ikkje.

    Det kunne forsåvidt vore ynskjeleg, men trur ikkje det er bra for lokaldemokratiet slik det er i dag, mellom anna med rekruttering til listene. Men dei som ynskjer det, må gjerne koma ut av skåpet.

  17. eies Says:

    Eg nemnde tidlegare at Luster Venstre har ein uvanleg tydeleg ungdomsprofil. Dei har modig satsa på fleire ungdomar, ikkje minst her frå dalen.

    I den andre enden har dei ein kapasitet på 10. plass: Olav Stølen. Hugsar godt kronikken han hadde i “Sogn Avis” for nokre veker sidan. Meiner han der hadde fleire sunne, kritiske merknader til dyrking av biodiesel, altså brennstoff frå jordbruksvokstrar.

    Han er nok ein nasjonal- og truleg også internasjonal fagleg kapasitet.

    Om han har reelle sjansar til å koma inn, veit eg ikkje. Men sjansen er der.

    (Dette blir vel ein fin SV-blogg, Oddmund?🙂 )

  18. eies Says:

    I dag er ei stemme like mykje verdt, anten ho kjem frå Kong Salomo eller frå Jørgen Hattemakar.

    Takk til dei som deltok i denne vesle debatten. Men kjem ein eller annan på noko meir eller mindre lurt å skriva i løpet av dagen, så berre gjer det.

    Eller ein kommentar etter at resultatet av valet er kjent.

    Godt val!

  19. eies Says:

    Lukke til alle som vart valde inn!

    Etter mykje tenkjing og grubling har eg kome til at dette likevel også lyt gjeld han frå det sosialistiske venstrepartiet. Guten er jo både intelligent, kunnskapsrik, retorisk og verbalt sterk, dyktig, flink å formulere seg skriftleg, uredd, direkte, kjapp i replikken, presis i formuleringane – to the point, har gode kontaktar – også i AP, tenkjer logisk, argumenterer godt – også ut frå innvikla logiske tankerekkjer, får lett kontakt med folk, hyggeleg, morosam, populær blant veljarane – ikkje berre i Jostedalen, kvikk, effektiv, brukar ikkje unødig taletid, ikkje minst jovial, kjekk, snill og grei, men…

    Dette valet vart nok ikkje eit miljøval her i Luster, heller.

  20. Arve B. Røneid Says:

    Me får hjelpa han, samt halda han litt i øyrene både du og eg, Einar. Uansett; ein kjemperessurs både for dalen og partiet🙂

  21. eies Says:

    Kjemperessurs – absolutt, både for dalen, partiet, kommunen og regionen. Og sidan eg har tillagt han så mange positive eigenskapar, er han sikkert villig til å høyra også på det eg meiner er fornuft – etter kvart.

    Kommunestyret treng absolutt ein slik gut! (Sagt utan ironi denne gongen.)

  22. stemte ikkje SV Says:

    Ser det er mange SV,ar på denne bloggen, prøvar difor nokre spørsmål. Kva er forskjellen i praksis på AP og SV i Luster? Kvifor i all verda støttar SV Jesus og Smørbukk som ordførar og varaordførar?

  23. Tomas Says:

    Hadde vore kjekt å fått sett nokre setningar om kvifor folk stemmer på akkurat SV i Luster!?

  24. eies Says:

    Kvifor folk stemmer Sv – tja, eg er vel eigentleg ikkje kvalifisert til å svara på det i år. Men me kan jo “leika” at eg hadde stemt SV, og då hadde eg sett pris på at partiet går inn for ei fordeling av verdiane, ikkje berre at dei som har mykje skal få meir. Dette minner forresten om det eg oppfattar som eit sunt, kristent livssyn – og som bør finnast også i Luster Krf.

    Så hadde eg likt miljø- og naturvern-profilen (som diverre etter mitt syn var mangelfull i Luster SV i år og som var avgjerande for meg).

    Eg hadde likt at Luster SV hadde ei dame på topp, og elles mange fornuftige kvinner og menn på lista.

    Pluss mykje meir.

    Kunne sikkert skriva mange sider om dette, men hadde nokon gidda å lesa det?
    ——————————————————————————-
    Elles vil eg berre minna om at den som “eig” ein blogg også har tilgang til ein del opplysningar som gjer at det ikkje er spesielt vanskeleg å finna fram til kven som skriv “anonyme” innlegg. Men til vanleg har eg verken tid eller interesse av det. Innlegga kan også slettast o

  25. eies Says:

    Fleire argument for å stemma SV: Viss du meiner at du har ei sosialistisk innstilling, men også er einig i ein del av det favorittjournalisten min: Tor Yttri, skreiv i “Sogn Avis” laurdag, så har du nok ein grunn til å stemma SV.

    Sjølv om eg tykkte at han brukte nokså brei pensel. Men for å dra i gang ein debatt, må det nok kanskje spissformulerast endå meir…

  26. Tomas Says:

    Nei takk, ikkje sosialisme for min del….

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: