Vestsideelvane

Gå inn på Statkraft si heimeside. Nyt dei vakre logoane og naturbileta. Viss du etterpå  skrur på varmekablane dine og ikkje kjenner at du med det nærmast gjer ei god gjerning for naturen og miljøet, då er du kanskje ein kynisk og kjenslekald person.

“Mer naturlig enn naturen selv”

Og nett på dette området trur eg at eg er litt kynisk og kjenslekald. Det er ikkje det at eg trur at Statkraft er så mykje verre enn andre konsern på same storleik. Det har eg ingen grunn til å tru. At Statkraft ynskjer å profilera seg som miljøvenlege og lite forureinande, er naturleg i vår tid. Betre reklame er vanskeleg å finna. Men viss slagordet over verkeleg har vore brukt av Statkraft, kan det tyda på ein snev av gigantomani og mangel på sjølvkritikk. Då har eg faktisk meir sans for det gamle, men litt naive: “Alt vatn som renn til sjøs utan å renna i røyr, renn forgjeves.” Det er i alle fall ærleg sagt.

Det Statkraft er flinke til, er å driva eit konsern og tena pengar. Det kan dei. 

Kommunale inntekter

“Ingen er vel blinde for det faktum at kommunale inntekter frå kraftutbygging er den berande finansierinskjelda for det meste av aktiviteten i Luster. Skular, helsevesen, eldreomsorg, barnehagar, forsamlingshus, symjebasseng, idrettsanlegg, kommunale veger, næringsutvikling, kulturliv, billege byggjefelt, breiband til blogging, stipend, sommarjobbar til ungdom, rassikring, og sikkert endå meir, ville vore på eit heilt anna nivå utan inntekter frå vasskraft.” Dette skreiv ein av debattantane tidlegare på denne bloggen. Og isolert sett har eg ingen vanskar med å vera samd i dette.

Men kva med Luster kommune i framtida? Treng me endå meir av desse kraftpengane, konsesjonsmidlane eller kva dei no blir kalla? Skal flest mogeleg av oss ha varmekablar i innkøyrsla til garasjen? Kor mange fleire offentlege bygningar og anlegg treng me? Eg ser absolutt det verdifulle i mykje av dette. Men er det ikkje rom for eit snev av sjølvkritisk måtehald i vekstfilosofien vår? Vil berre minna om to gamle ordtak i denne samanhengen: “Mykje vil ha meir” og “Det skal god rygg til å bera gode dagar.

Og kor lenge får me vera “Rike Luster kommune” som naboane ser misunnelege opp til? Det går neppe i all framtid at nokre kommunar skal vera “rike” medan andre skal vera “fattige”. Ein viss solidaritet vil nok tvinga seg fram mellom kommunane. Og kva sit kraftkommunen Luster att med då når “arvesølvet” (= naturen, vassdraga…) er selt? Om lag slik var det vel også ein samfunnsvitar uttala seg nyleg.

Pengar, og endå meir pengar…

Eg har lyst til å sitera PK nok eingong: “Ingen er vel blinde for det faktum at kommunale inntekter frå kraftutbygging er den berande finansierinskjelda for det meste av aktiviteten i Luster. Skular, helsevesen, eldreomsorg, barnehagar, osb…” Isolert sett er dette både godt og rett sagt. Ingen tvil om det.

Likevel vil eg minna om at at Luster truleg vart utsette for ein variant av “bondefangeri” ved utbygginga av Leirdøla. Lovnadene om arbeidsplassar i Gaupne flaut lett og ledig før utbygginga, men då utbygginga var ferdig, var bortforklaringane minst like mange og gode – om kvifor arbeidsplassane ikkje kom.

Sameleis har eg no, fleire gonger, i uformelle samanhengar høyrt kor mange “x antal millionar” Luster kommune skal tena på Vestside-utbygginga. Men då eg på folkemøtet Statkraft arrangerte på Jostedal Hotell, torsdag 8. februar, stillte spørsmål om kor mange x-ar det var snakk om, fekk eg eit velforma og grundig svar. Men kor stor denne årlege inntekta som kommunen kunne rekna med å få kunne dei ikkje antyda ein gong! Kan det nok ein gong vera snakk om bondefangeri… Eg håpar ikkje det.

Trygge Statkraft

ABN skreiv i april ein på mange måtar fin og nyansert kommentar. Utdrag: “Statkraft; Stødig, trygt og tildels miljøvenleg utbyggjing, nyttar eksisterande anlegg i stor grad. MEN: Påverkar vassføringa i i elva framom Stegegjerdet.”

At det berre er vassføringa framom Stegegjerdet som vert påverka, har eg ikkje forstått. Trykkfeil…?

 Statkraft er trygt og miljøvenleg – må vera varmande ord å lesa for konsernet. Eg har nok eit litt anna syn på det. Men at konsernet har stor makt og har dyktige medarbeidarar, er det liten tvil om.

Lokalbefolkninga

Ei utbygging gir mange lokale “frynsegoder”. Nærliggjande er å nemna arbeidsplassar under anlegget. Så er anlegget slutt, og desse må sjå seg etter eventuelt anna arbeid. Demningane, bekkeinntaka og anleggsvegane ligg der og minner oss om – ja, eit eller anna er det…

Eg tykkjer ikkje at Statkraft har vore like heldig med dei små detaljane som kan gjera at lokalbefolkninga ser med velvillige auge på utbyggjaren. Ein del av dette kan de lesa tidlegare på denne bloggen, men eg vil kort repetera dette:

Farleg stup under Styggevasshytta

“Sørgjerender” rundt Sandhaugedalsvatn og Geisdalsvatn

Vart fundamentet for den gamle ferdslevegen sprengt bort – mellom Bjønnstegane og tunnelen/brui?

Fiskedaude i Viva-tjønni?

Vart 3 dyregraver øydelagde av vegen til Styggevatnet?

Og lista kan nok gjerast lenger. Stikkord, mellom anna: Snøbrøyting vinterstid og opning om våren av anleggsvegane, vatn i Geisdalsfossen, og sikkert mykje meir. Det meste av dette vil eg tru er “peanuts” for ein velvillig utbyggjar. Sett i den store samanhengen. Og den store samanhengen er her ei bedrift med 16 milliardar kroner i omsetning – eit “resultat” på 9,3 milliardar kroner – “resultat” etter skatt: 6,3 milliardar kroner. Tala har eg etter fattig evne funne på heimesidene til Statkraft.

Eg vil tru at Statkraft har flust med konsulentar og rådgjevarar. Difor tykkjer eg uansett at det er merkeleg at ikkje noko av det eg har nemnt vert retta på – ikkje minst no i tida føre kommunevalet, og når planane for utbygginga av Vestsideelvane skal opp i kommunestyret. Med enkle grep kunne innbyggjarane i Luster fått eit meir positivt syn på Statkraft. Kor positive dei alt no er, vil mellom anna valet av representantar til kommunestyret visa.

Er eg urettferdig, ser eg berre det negative? Kanskje eg rettar skytset feil veg – kanskje Statkraft står uskuldige og makteslause når det gjeld all denne påståtte “elendigheita” mi? “Time vill sjåvv!” som det heiter i Flåklypa-filmen.

Arvesølvet

Eg ser føre meg eit bilete i Sogn Avis. Kanskje eg alt har sett det – nokre utvalde byråkratar/formannskapsmedlemar står saman med ein eller annan representant for den rike Statkraft-onkelen. Men det eg skreiv er ikkje heilt rett. Det bør vera Luster og Lustra-naturen som er den rike, og Statkraftrepresentanten som lett respektfyllt ber om eit samarbeid. Gjensidig samarbeid, heiter det visst.

(Innlegget er noko endra.)

 

Ei tilbakemelding to “Vestsideelvane”

  1. eies Says:

    Har fått tips om at dette kan oppfattast som eit angrep med mange “stikk” mot Statkraft.

    Eg vil då understreka at eg ikkje nødvendigvis ser på Statkraft som “verre” enn andre liknande bedrifter eller konsern. Eg vil altså ikkje automatisk plassera horn i skallen, hestehov, hale og høygaffel på konsernet. På den andre sida vil eg heller ikkje hengja glorien over hovudet på bedrifta. Miljøprofilen dei legg opp til ma. på heimesida, er ikkje på grunn av deira “godhet” som han Emil sa, men snarare ei kynisk utnytting av situasjonen. Og denne situasjonen (såkalla mijøvenleg vasskraft) utnyttar dei for alt den er verdt til å tena 6,3 milliardar (etter skatt) sist år.

    Og eg har nemnt minst åtte punkt ovanfor som konsernet billeg og med lettheit kan retta på, trur eg. Det ville gitt konsernet mykje større goodwill lokalt i Jostedalen/Luster. Og skal Statkraft få gjennom planane i kommunestyret, trur eg dei treng litt velvilje hjå veljarane. Så her har eg gitt Statkraft gode tips. Gratis.

    Så forsåvidt er eg kanskje verdt både løn og godtgjersle for å gi frå meg slike gode råd og idear…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: