Hallvard Horpen

hallvard-horpen.jpg

Eg møtte han aldri. Eit fortal om han som gjorde sterkt og varig inntrykk på meg, er om lag slik: Då Styggevassdammen og vegen dit var ferdig, vart han tilbydd bilskyss slik at han kunne få sjå att staden som han var så glad i. Dette var etter at han var vorten eldre og dårlegare til beins. Men han sa nei, takk. Ingen skulle få han opp dit. Han ville beholda minnet av Styggevassosen og området kring slik han hugsa det frå han var yngre og sprekare.

I “LUSTRAFJELL – om fjell og fjellfolk i Luster” har PK eit interessant og velforma intervju med Hallvard Horpen. Det kan gjerne lesast fleire gonger!

Det burde vore skrive ei heil bok om Hallvard Horpen.

Å sjå på rein med berre eitt auga

PK skriv at Hallvard hadde eit underfundig språk. Noko av forklaringa ligg truleg i bruk av ironi og språklege bilete eller metaforar. Eg vågar påstå at ein del av dette er mykje det same som i norrøn skaldedikting vart kalla kenning. Eg har høyrt gode forteljarar også i dag som kan bruka dette verkemiddelet. Døme: I staden for snø kan dei seia den kvite mann(en).

Sverre F. fortalde om ein gong han og Hallvard tilfeldigvis hadde sett nokre reinsbukkar i Martadalen. Dette var ein vanleg fjelltur, så det vart med at dei fekk nyta synet av dei gilde bukkane. Ei god stund seinare treffte han att Hallvard, og praten kom inn på reinsbukkane og om han visste meir om dei. Jau, sa Hallvard, han hadde vore oppe att og sett på reinane. Første gongen hadde han sett på dei med to auge, men andre gongen hadde han brukt berre eitt.

Noko særleg meir vart det ikkje sagt om dette temaet, men Sverre forstod med ein gong kva som hadde skjedd. Det gjorde ikkje eg – kva med lesarane av bloggen, kva hadde skjedd?

Å få fisken til å bita

Når du fiskar med makk skal du tre ein 25-øring inn på snøret før du knyter på ongelen. Mynten skjenar att og fram i vatnet og lokkar fisken til å bita på makken. Skal han Hallvard ha fortalt.

Eg lova å ikkje fortelja dette knepet vidare, så no får nok ikkje eg så mykje fisk meir! Men så er det ikkje så lett å finna 25-øringar lenger, heller…

 

Svein Kvitingen

“Svein Kvitingen – det var god kar,  det!” sa Hallvard. Svein grunnla og dreiv Sota sæter. Han må ha vore ein utruleg flink kar, men også ein som ikkje var redd for å bryta med det som vart sett på som kotyme i samtida. I staden for å vaska, høvla han ned golv og møblar framfor turistsesongen. Han var urmakar, børsemakar, smed mm. Slipte linser og laga langkikkertar.

Han førte turistar og kunne då ikkje ha med synlege våpen. Han gjenga og bora difor ut et løp av eit 40 cm langt minebor. (Korleis greidde han det med dei reiskapane og verktøya dei hadde då…? Utruleg!) Dermed hadde han eit demontert våpen i sekken, og kunne skyta rein på tilbaketuren. 

Hallvard fortalde at han hadde eit fast uttrykk: “I Krossbakkom er det lugomt med rein.”

Eit fortal eg har høyrt her i dalen er om lag slik: På jaktturane sine kunne han også slå seg ned nokre dagar i Jostedalen. Ein gong spurde dei han om korleis avlinga (kornet mm.) var i Skjåk. Han vart kanskje litt forlegen og gav eit slags inkjeseiande og “rundt” svar. Men dei som spurde visste så inderleg vel at slike praktiske, “jordiske” ting hadde ikkje Svein peiling på.

Som så mange flinke, dyktige og intelligente føregangsmenn i det gamle bygdesamfunnet, såg truleg somme på han som ein slags “raring”.  Denne lagnaden har han nok delt med fleire.

 

2 kommentarar to “Hallvard Horpen”

  1. eies Says:

    Rett svar frå SB: “Å sjå på rein med berre eitt auga” er det same som (bilde/metafor/kenning) “å sikta på og skyta rein”.

  2. Ein høgtideleg lovnad! « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] I motsetning til i fjor då eies var uheldig under hjortejakta, har han i år hatt hellet med seg. Såleis kunne han gjerne tenkja seg ein tur på jakt etter villrein i Jostedalsfjelli. Men at her kan etablerast ei villreinstamme, er langt viktigare enn at eies får sjå på rein med berre eitt auge. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: