Kva har småkraftverk og høgspentlinjer felles?

Det er bra at media er opptekne av naturvern. Til og med vår vesle Sogn Avis har i nesten kvart nummer oppslag om at høgspentlinjer må leggjast i kabel, og om at småkraftverk-utbyggjarane må nektast konsesjon. Eit stykke på veg kan eg vera med på denne protestbølgja. Naturvern er noko av det viktigaste me kan vera opptekne av.

Det som er felles for småkraftverk og høgspentlinjer, er at dei fører til det eg vil kalla ei visuell forureining. Dette er etter mitt syn ei nokså uvesentleg forureining samanlikna med den reelle/verkelege forureininga.

På mange område heng me altfor fast i nasjonalromantikken. Ein foss er storslått og vakker! Om det er «turistvann» som blir slått på om dagen, medan det vert avskrudd om natta for å produsera kilowatt – det er mindre viktig.

Ei høgspentlinje gjer seg ikkje på eit vakkert prospektkort. Det er forsåvidt greitt. Men eg er bekymra for at den sterke fokuseringa på føremunene ved jordkabling, kan ta fokuset vekk frå anna viktig naturvern-arbeid. 

Det kan sjå ut som om at me vil ha eit sminka landskap – kanskje plastisk kirurgi er meir dekkande? Alle inngrepa me gjer skal kamuflerast. Men kan ikkje kamufleringa av natur-øydeleggjingane våre føra til at me blir mindre opptekne av naturvern? Det ser jo så fint ut på overflata…

Småkraftverk bør etter kvart knytast opp til ei eller anna form for buplikt. Ei varsam småkraftutbygging er relativt små inngrep i naturen som må tolast. Då er det mykje verre med ei større utbygging.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Kva har småkraftverk og høgspentlinjer felles?”

  1. eies Says:

    Innlegget er litt endra.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: