Somme har sagt til meg

– at det er lite “action” på bloggen min for tida. Det kan vera mykje i det. Men i så fint ver som det er no, er det ikkje enkelt å skriva passeleg saklege/usaklege kommentarar.

Ein artig kommentar eg fekk, var at eg hadde prøvd meg på å skriva om historia – soga – på bloggen min. Forsto ikkje heilt kva som var meint – kanskje nokon les for mykje mellom linjene… Uansett: Det eg har skrive har stort sett vore nokså naivt tankegods – slik eg trur ting/verda heng saman.

Folk helsar slik som før. Det er fint. Men slik skal det også vera. Og slik har eg høyrt at dei gamle jostedølene også var – ofte: Lynande ueininge – men hjelpsame og hyggelege mot kvarandre ved neste møte.

Til hausten er det val, då er det tida for å trappa opp diskusjonen, trur eg. Greitt å vita kva meining kandidatane våre har.

Nyt sommaren!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: