“Der det er villrein, bør det også vere yngling av jerv. Økologisk sett”

Tippar at det er som medlem av Naturvernforbundet at Eli Heiberg kjem med denne uttalen. Forslaget hennar er sikkert velmeinande ut frå ein økologisk tankegang.

Men i denne økologiske modellen passar ikkje sauebonden inn – i alle fall er han brysom og nærmast uønskt av ein del av naturvernarane. Bonden vil ikkje byrja med pyreneisk gjetarhund, lama, gjeting og andre “kreative” forslag.

Personleg meiner eg at det er landbrukspolitikken og ikkje rovdyra som er problem nr. 1 for sauehaldarane. Bøndene får altså altfor dårleg betalt for kjøt og ull.

Sau + bjørn/jerv går ikkje. I alle fall ikkje her i dalen. Ingen orkar i lengda å leva med herjingane til rovdyra. Skjønar ikkje korleis td. ei effektiv gjeting eller inngjerding  skulle gjennomførast.

Reetablering av villrein

Det er både ei stor misforståing og veldig trist viss jerve-redsla skal hindra planane om ei reetablering av villrein i Breheimen-Luster. Eg er likevel førebudd på at dette argumentet vil dukka opp.

Eg har ikkje hittil funne forskning som tilseier at rein verkar som ein “magnet” på jerv. Har til og med høyrt lause påstandar om at reinen kan trekkja jerven bort frå sauene, men dette er sjølvsagt berre spekulasjonar. Mekanismane i naturen er vanskelege å spå om.

Villreinsforskarar ser ikkje på jerven som nokon trussel mot villreinstamma. Dei medgir at jerven kan ta enkelte dyr, men at han er med på å syta for ei “sunn” villreinstamme ved å fjerna sjuke og svekka dyr. Dessutan, seier forskarane, er jerven først og fremst ein åtseletar og et restane etter rein som er drepen av andre rovdyr (ulv, gaupe, bjørn, ørn …) Her finst det mykje dokumentasjon, ma:  http://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2007/227.pdf

Ein annan ting er at lokale, kommunale funksjonærar,  jegerar på “grasrotplanet” mfl. ikkje deler dette synet.

Å få nokre jervar inn i eit kalvingsområde for villrein, vil nok uansett verka inn på bestanden. Særleg i små villreinstammer, og i oppbygginga av ei ny stamme i samband med ei reetablering.

Humor

Rovdyrdebatten kan vera eit alvorleg tema for alle partar. Eg ynskjer ikkje å skåra billege poeng på kjenslene til folk. Litt “edruelegheit” er likevel heilt nødvendig viss me skal nå fram til konstruktive handlingsplanar som kan godtakast av dei fleste. Eg kjenner Eli Heiberg som ei triveleg og kjekk jente, og eg håpar at ho ikkje vert såra av at eg vrir litt på argumentet hennar. Altså:

1. Der det er villrein, bør det også vere yngling av jerv

2. Der det er maur, bør det vera yngling av bjørn.

Aller verst er vel denne:

3. Der dert er ynglande bestand av blåbær, bør det vera bjørn.

NRK skal ha ei samling på Jostedal Hotell kl 18.00 der dei som har ei meining om rovvilt skal få sleppa til. Viss dei vil.

God debatt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: