Fornuftige tankar frå Statkraft!

Eg har teke meg den fridomen å senda ein e-post til Statkraft. Nedanfor kan de lesa svaret frå Statkraft øvst, og spørsmålet mitt nedst – som vanleg i e-postar. Svaret var frå “Prosjektleder” (i Statkraft), til eies, med kopi til “Miljøfaglig ansvarleg”, “Grunn/fallretter” og “Informasjonssjef”. Eg fann desse kontaktpersonane under statkraft si heimeside, “Vestsideelvane”.

 

Dette svaret som eg tolkar som positivt og imøtekommande, vel eg å ikkje kommentera meir i denne omgangen:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hei,

 Takk for et godt forslag. Reetablering av villrein i Jostedalsfjella høres umiddelbart ut som en god ide, selv om dette er litt på siden av det Statkraft vanligvis støtter (vi er naturlig nok mest opptatt av vannrelaterte tiltak: fiske, flom etc.).  Jeg ser imidlertid at villrein er et viktig tema i forbindelse med Verneplan for Breheimen – Mørkridsdalen.  Jeg vil derfor anbefale at prosjektgruppa sender en formell søknad og presenterer helheten i prosjektet, der formål, metode, budsjett, mandat/deltakere skisseres, og også hvordan Luster kommune, grunneiere i området, Fylkesmannen og friluftsinteressene inngår i prosjektet. 

Med vennlig hilsen Prosjektleder Overføring Vestsidelvane


 

Hei.

På denne bloggen min: https://eies.wordpress.com/  har det vore diskusjonar, ma. om utbygging av Vestsideelvane i Jostedalen og Reetablering av ei villreinstamme i Breheimen-Luster.

I denne samanhengen meiner eg at eg har eit godt forslag som eg på denne måten vil leggja fram for Statkraft: For å oppnå “goodwill” frå Jostedøler/Lustringar i samband med at søknaden om utbygging skal handsamast av Luster kommune, så er det ein del “grep” som eg trur Statkraft relativt enkelt kan gjera.

Det eine er at eg føreslær at Statkraft løyver ein “høveleg pengesum” til reetablering av ei villreinstamme i Breheimen-Luster. Dette prosjektet er enno heilt i startfasen, men eg vil tru at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Luster kommune vil vera aktuelle samarbeidspartnarar viss Statkraft er interessert i å løyva pengar til eit slikt prosjekt.

Eg understrekar at ei slik løyving no i tida før kommunevalet truleg vil skapa endå større “goodwill” til Statkraft frå lustringar. Det vil også verka inn på det eg skriv på bloggen/i media i tida framover.

Eg håpar på eit positivt samarbeid til beste for alle partar. Fint med ei snarleg tilbakemelding om korleis Statkraft ser på dette forslaget.

Jostedalen 11. mai 2007

“eies” (Her har eg sett inn nikkneimet mitt.)

__________ NOD32 2270 (20070516) Information __________

This message was checked by NOD32 antivirus system.
http://www.eset.com

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: