Utbygging av Vigdøla og Vestsideelvane i Jostedal

UTBYGGING AV VIGDØLA OG VESTSIDEELVANE I JOSTEDAL  

 

(Dette innlegget har tidlegare stått på trykk i Sogn Avis. Me får tru at ikkje vassdraget vert gjort om til ein ørken.  – eies –  )

 

På eit folkemøte i Jostedal den 8. februar la Statkraft fram planar for vidare kraftutbgging i Jostedal. Planane kom og  fram i eit avisoppslag i Sogn Avis 3. juni, der ein kunne lesa at ” Statkraft ønskjer å realisera nye utbyggingsprosjekt der omsynet til miljø er like viktig som omsynet til økonomi”. Utbygginga går ut på å overføra restvassføringa (!) i Vigdøla til ein ny kraftstasjon på Myklemyr, med avløp til eksisterande djupvassutslepp i Gaupnefjorden.  Til saman 8 mindre elvar frå og med Hompedøla på Myklemyr, til og med Tverradøla i Krundalen, er planlagd overført til Tunsbegdalsdammen ,og vidare til djupvassutslepp. Det er opplyst at dette utgjer   ca. 16 % av vassføringa i Jostedøla i dag, og er i det alt vesentlege klart vatn, som ikkje er brepåvirka. Frå salen vart det spurt om Statkraft hadde vurdert kva konskvensar ei slik utbygging  ville få for temperaturen og fisken i elva , og svaret var at dette, saman med andre miljøomsyn, skulle utredast i den vidare planleggingsfasen.

For Jostedøla føreligg det mange tidlegare fiskeribiologiske rapportar, og av dei går det tydeleg fram at vasstemperaturen er den klare minimumsfaktoren for fiskeproduksjon i vassdraget. For at lakseyngel skal ta til seg næring på plommesekkstadiet treng han ein temperatur på minst. 70 C, for aure er tilsvarande temperaturkrav 40 C. Dette på grunn av at stoffskiftet til yngelen ikkje fungerer når temperaturen vert lågare. Ved låg temperatur veks og eldre fisk seint,  og vaksen fisk har vanskeleg for å passera vandringshinder på veg opp eit vassdrag. 

Temperaturmålingar på Myklemyr i ei årrekke, viser at temperaturen i den perioden yngelen kjem opp av grusen, og skal ta til seg næring,  stort sett ligg rundt 6 grader, og  under det lakseyngel treng for å ta til å eta. Når likevel lakseyngel utgjer ca. 2% av yngelen på den anadrome strekninga, kjem dette truleg av at ein og annan er så heldig å få veksa opp ved ei oppkomme eller ein bekkeos. 

I samband med skjønnet ved den forrige utbygginga i Jostedal, vart det lagd fram ei vurdering av kva dette ville få å seia for fisk og fiske i elva. Det vart då lagd ei ”takrenne” frå Smådalane til Styggevatnet, og det vart teke inn både brevatn og klart vatn som går på djupvassutsleppet.  Konklusjonen den gongen vart at temperaturen truleg ville stiga med ei grad etter utbygginga, resultatet har i ettertid vist seg å verta ei temperatursenking  på om lag ei grad. 

Av di temperaturen i Jostedøla i dag er heilt marginal med tanke på fiskeproduksjon, har ein etter Luster Jakt- og Fiskelag si vurdering ingen ting å gå på når det gjeld å senka temperaturen ytterligare. Me fryktar derfor at dersom den planlagde utbgginga, med ”takrenne” på begge sider av dalføret, bortsett frå stort sett berre nokre breelvar heilt fremst vert realisert, vil dette øydelegga det fisket ein trass alt har i dag, og i tilleg riva beina under aktuelle biotopforbetrande tiltak. Skal sideelvane byggast ut, må dei etter vår meining ha avløp til Jostedøla på ein slik måte at dei flate fiskeproduserande bekkene i dalbotnen vert upåvirka. 

For Luster Jakt og fiskelag

– kultiveringsgruppa-

Olav Hermansen

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: