Sosiologisk analyse…

Å analysera ein prosess ein sjølv står midt oppe i, er eit farleg arbeid. Men eg prøver likevel.

Medlemer av «Arbeidsnemdi for Jostedalens framtid» gjorde eit framifrå arbeid då Fåbergstølsgrandane vart verna mot utbygging på 80-talet. I dag ser me at ein del av dei same aktørane går sterkt inn for å byggja ut Vestsideelvane. Eg har diverre også inntrykk av at dei same aktørane ynskjer planane om ei reetablering av villrein i Breheimen-Luster «dit peparen gror». Korriger meg viss eg har feiltolka noko eller eg er urettferdig mot nokon!

Kva har skjedd med desse trivelege, kjekke og på alle måtar positive «aktørane»? Frå å stå på «barrikadane» på 80-talet, har dei no gått over til noko som faktisk minner meg litt om Frp-politikk…

For å koma i gang med analysearbeidet føreslær eg noko som eg vil kalla «Alexander Kielland: En middag-hypotesen». I novella: En middag  http://www.vgskole.net/teachers/norsk/litteratur/1850_1900/enmiddag.htm skildrar Kielland «den hjemkomne student – husets eldste sønn» som nærmast gjer skandale då han tek eit oppgjer med far sin. Sonen står for det han trur på – ideala, sanninga. Men til slutt i novella røpar «adjunkten» med sikker livsvisdom: Den ungdommelege idealismen kjem til å forsvinna, og sonen vert etter kvart nøyaktig lik faren.

Er det noko slikt som har skjedd også her i dalen? Har «dei unge opposisjonelle» vorte til «the establishment»? I tilfelle er det absolutt ei «normal» og «vanleg» utvikling i samfunnet. Men litt rart…

Advertisements

5 kommentarar to “Sosiologisk analyse…”

  1. Lustring Says:

    Eg trur det blir feil å seie at dette er ei «normal» og «vanleg» utvikling. Dette handlar fyrst og fremst om personlegdommen til dei nemnde aktørane. Diverre har ein del av oss ei utruleg evne til å meine det som gagnar oss best dar og då.

  2. SB Says:

    Ikkje var eg med i «Arbeidsnemndi for Jostedalens framtid» – eit forferdeleg namn forresten- på 1980-talet like lite som eg er med i falangen som no går så sterkt inn for Vestsideutbyggnga. Då som no er eg mot meir rasering av den frie fjell- og vassdragsnaturen vår i Jostedalen, ei brebygd og eit berekraftig lokalsamfunn som gjennom generasjonar har levd eit liv i lage med natur og kultur.

    Dei som no ivrar så sterkt for endå meir naturøydelegging i Jostedalen er i stor grad ein gjeng gamle, gretne gubbar som ikkje evnar – eller verre – ikkje vil forstå at skal det også i framtida finnast naturgrunnlag for levedyktige samfunn må ein ta vare på det ein har att av natur- og kulturressursar.

    Styrken til Jostedalssamfunnet ligg i dei openberre naturkvalitetane, me lever i ein naturkatedral som gjer oss alle ansvarlege å ta vare på dei eineståande kvalitetane me må forvalte med vit og klokskap. Skal det skje må framandgjeringa i høve til natur og miljø ta slutt. Naturen må bli kulturens heim..

    Elles vil eg oppfordre Eies å stå på vidare for villreinen i Breheimen-Luster.

    Med ynskje om ei verdig 17. maifeiring i fri natur!

  3. Jostedøl Says:

    Trøysti får vere at dei gretne gamle gubbane som åpenberar seg på eies sin blogg er avgrensa til PK og NK.

  4. nb Says:

    Når eg vakna idag var det i ein herleg 17. mai rus med yttringsfridom og glede over att me alle er like mykje verdt uansett….deretter gjekk flagget ned på halv stong. Uheldigvis gjekk turen som vanleg innom bloggverda og det eg møtte der var ikkje so lysteleg likevel.
    Eies prøver å dra igong att ein tidlegare debatt som dreiar seg om vestsida. Denne bloggdebatten spora heilt av i usakelegheiter og personkarakteristikkar og dauda p.g.a. dette.
    Eies: du har heile tida masa om at me skal vere snille med kvarandre på bloggen din, unngå personangrep o.s.v. I so måte vart det nye forsøket på å dra igong att debatten heller pinleg. Innleiinga til bloggeigar samt dei tre neste innlegga går i si heilheit utpå å karakterisere evt. komande innleiarar som ikkje høyrer til menigheita. Det har faktisk ikkje vore nokon innom og meint noko som helst «avvikande». (var dette meininga)
    Angrep er beste forsvar heiter det og kansje er det det som er meininga likevel: skreme vekk alle som kansje har ei anna meining om emnet. Det er trist hvis det er slik, for alle debattar har godt av fleire innfallsvinklar.
    Eg vil oppfordre alle som ikkje høyrer til i menigheita om å ignorere freistnaden på karakterisere dykk el.gje dykk stempel som nett ikkje alltid er positive. Me er tross allt ute i nettverda og den stoppar ikkje opp i styggegjølet. Lat denne delen av bloggen til eies døy ut uimotsagt, lat dei ha litt ekkel smak i munnen og ta det att på ein sakeleg måte el. på ein finare plass i bloggen til eies.
    Apropos: gretne gamle gubbar….eg vil be dei fire fyrste innleiarane analysere innlegga sine og tenkje på ….gretne gamle gubbar, med undåtak for nr.4 som sikkert ikkje kjem inn under gubbe.
    Til eies: Du driv med eit kjempeflott arbeid på bloggen din so berre driv på. Kom med nye innspel, meiningar, ta gjerne oppatt gamle tema (vestsida og) men prøv å hald debatten på eit slikt nivå att ingen, same kva dei no måtte meine, torer, giddar eller tykkjer det har noko føre seg å vere med. Takk for meg! Eg kjem ikkje att på dette emnet, i allefall ikkje her og heilt sikkert ikkje før debattforma fornyar seg. Ha ei god 17.mai feiring.

  5. eies Says:

    Det var triveleg at du vil koma med eit innlegg. Eg og du tolkar nok det som har vore skrive her for det meste ulikt. Difor var det leitt at du ikkje ville koma att på dette emnet. Men eg håpar at du vil koma med innlegg seinare. Det er viktig for å få belyst sakene frå alle sider.

    Viss eg har rørt ved kjenslene til nokon eller såra nokon ved å nemna “Arbeidsnemdi for Jostedalens framtid” frå 80-talet, så er det sikkert ubehageleg for dei det gjeld. Kan det vera ei lita trøyst for desse at viss eg hadde budd i Jostedalen på 70- og 80-talet, er det ikkje totalt utenkjeleg at eg hadde gått inn for den største utbygginga. Men dette er fullstendig hypotetiske refleksjonar. Eg håpar at vitet etter kvart har utvikla seg i rett retning – hjå eies. Kanskje fleire kan koma til same erkjenning?

    Eg vil personleg ikkje velja akkurat same ordbruken som SB, NK, Lustring eller Jostedøl, men eg set stor pris på at dei er med – uansett motiv. Men eg håpar heller ikkje at den nye «sporten» vert at deltakar etter deltakar proklamerer at dei trekkjer seg frå debatten. Føler at eg har måtta tola ein god del av usaklege karakteristikkar mm. Men å furta over at dei andre er «dumme» har liten hensikt.

    Desse sakene er av dei viktigaste som har vore for Jostedalen på snart 30 år. Då får me gjera oss litt meir hardhuda og heva tolegrensa for usaklege innlegg litt.

    Men saklege innlegg er nok det beste for alle partar. Kom med innlegg, fyr laus! Dette toler me! (Men det er heller ikkje leseplikt på denne bloggen.) 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: