Villreinrapporten om Breheimen er ferdig!

Som førstemann i VERDA  – før fylkesmannen.no, før villreinen.no, før  viltforvaltning.no, før ju neim itt – kan Breheimen-Luster Villrein Blog koma med gladnyheita:  Bevanger, K., Hanssen, F. & Jordhøy, P. 2007. Villreinen i Ottadalsområdet. – NINA Rapport 227,  kan no lastast ned i pdf-format! 

Framleis med dårleg skjult stoltheit, var det hyggeleg og inspirerande å sjå at “Ese 2006” var brukt som referanse eit par stader i rapporten. Så vil framtida visa om arbeidet framover vert like hyggeleg…   

 

Kommentarar

(Sidetalet refererer til sidetalet som står nedst på sida, ikkje til sidetalet i den “digitale” lesaren. Der er sidetalet stort sett 1-2 sider “for høgt”.) 

Side 10: Høyringsutkastet fekk kritikk for at det var ein “klypp og lim”-rapport. Denne kritkken vert imøtegått her. Det kunne klart vore ynskjeleg med meir “nytt og originalt” stoff, men i vår “klypp og lim”-tid så har eg inntrykk av at dette er ein vanleg måte å skriva rapportar på. Meiner eg har høyrt liknande kritikk av andre rapportar også. Det vil verta utarbeidd ei “konsekvensutgreiing” seinare.

Side 26: Under opprettinga av Ottadalen Villreinområde, skulle etter avtalen 100 Trio-rein fordelast mellom Jostedalen og Luster. Trio greidde likevel ikkje å driva dyra slik avtalen var. Mølmen: “For villreinutvalget var dette tilfredstillende nok! – – – Enhver med den minste forstand på rein visste at de 150 dyrene (100 til Luster og 50 til Stryn) ville være tilbake i Skjåkfjellet etter noen timer”.

Ein lokal informant har fortalt at dei reiste frå Luster/Jostedalen til Skjåk for å hjelpa til med drivinga vestover. Men då dei kom fram, fekk dei beskjed om at reinane var sleppte fri! Kor lurt det er å grava fram att gamal misnøye, veit eg ikkje. Men for å få eit litt meir nyansert syn på historia, bør også dette med.

Side 31: Figur 8 viser kjende dyregraver i Sør-Noreg. Sjølv om registreringane i Jostedalen truleg er grundigare enn i resten av kommunen, viser det tydeleg at reinen trekkte heilt vest til Jostedals-dalføret.

Side 35: “År om anna synest det å vere ei utveksling av bukk av stammane i sør og vest via Sprongdalseggi – Tverreggi. Den sørlegaste delen av sør-området, dvs. den som ligg i Luster kommune og Lustrafjella, var tidlegare eit område med fast stamme av rein. Etter kvart har det vorte eit “gap” i utbreiinga av reinen i Lusterfjella – i området mellom Vest-Jotunheimen villreinområde og sør-området i Ottadalen. Mange har ivra sterkt for å få villreinen attende til desse områda (sjå til dømes Ese 2006).”

Side 46: Den mislukka utsetjinga av 37 tamrein frå Røros er skildra her. Dyra heldt seg 1 – 2 mnd. i Luster, og er no “over alt” i Ottadalen-nord. Det var ei stund frykt for at desse tamreinane kunne føra til ei “genetisk forsimpling” av Snøhetta-reinen.

“Om utsetjing er vegen å gå andsynes det å få att reinen i Luster eller andre stader den meir eller mindre har blitt borte, er slik erfaringane hittil har vore, noko uvisst Det er vel kanskje og i stor grad ei sak som handlar om økonomi. Slik stoda andsynes situasjonen i Luster og dei nordlege og vestlege delane av nordområdet er, synest det vera ei utmaning for dei lokale handsamingsstyresmaktene å gjera noko med situasjonen.

Kva som er årsakene til den situasjonen ein har, er og eit vanskeleg spørsmål. – – – 98 rein vart slakta på grensa mellom Luster og Skjåk i 1975 […namnet Bøverkinnhalsen vert her “behendig” unngått, sameleis at reinane var umerka…, men så var det dette med å grava fram att gamal misnøye, bitterheit… ] Desse og andre hendingar var kan hende med på å ta ut “tradisjonsberarane”, dyr som kunne vise veg til dei beste leveområda. – – – ” 

Side 47: “Å auke talet på individ for å sjå på om ein på denne måten kan lukkast i å få reinen til å ta i bruk nye område, kan likevel vera noko av eit sjansespel ut frå det faktum at lavmattene er særs kjenslevare for hard beiting og mykje trakk. Dersom lavbeita først er borte, kan det gå 25 – 30 år før dei på ny kan seiast å vera gode beiteområde for reinen.” 

Dette tolkar eg som ei klår åtvaring mot å auka Skjåk-stamma og nærmast “pressa” dyr over til Luster, slik det har kome til uttrykk frå Luster Landbrukskontor og ein del “gamlekarar”…! (Her reknar eg med å få kommentarar og presiseringar…) Men rapporten antydar at å spara storbukk i grenseområda kan ha ein positiv effekt.

“Ei framtid med mildare klima og mindre areal med snaufjell, vil og kunna gjera Ottadalsområdet viktigare som leveområde for rein, ikkje minst høgfjellsstroka i vest (mi utheving). Dette kan vere eit av fleire argument for å auka innsatsen for å få reinen attende til dei fjellstroka dyra i dag meir eller mindre er borte frå.”

Før ein set ut ny rein, må ein gjera granskingar for å finna ut kvifor ein ikkje har lukkast tidlegare. Så kjem rapporten med desse råda:

  1. Tenkja nøye på kva slags rein [ikkje tamrein…?!?!] ein slepp fri?
  2. Kor mange av bukkar – simler – ungdyr?
  3. Kor tame er dyra?
  4. Kvifor når ikkje reinen desse områda i dag ?
  5. Er “tradisjonsberarane” borte eller er der barrierar?
  6. Hindrar turismen?
  7. Beite- og snø-tilhøva?
  8. Uroing?
  9. Jakt – omfang og kor vert det jakta? 

Side 76: “Å få rein attende til eit område den har vorte utrydda frå, er ei særs vanskeleg oppgåvedet ikkje finst noko lett svar på for å kunne løyse”. Deretter blir det repetert frå det som står tidlegare i rapporten. 

Men til slutt står ein liten “brannfakkel”: “At ein ikkje jaktar på dei dyra som står på dei areala ein ynskjer fleire dyr, er vel nokså sjølvsagt”. Dette er det same argumentet som Olav Hermansen har brukt: “Ein rein som er skoten i Luster/Jostedalen kjem i alle fall aldri attende.” Logikken kan verka enkel og grei. Kor effektiv metoden er – kan sikkert diskuterast. Om den får gjennomslag i alle jaktvalda, veit eg ikkje. Kanskje ein her kan få ei ny kjelde til mistru, latterleggjering og vonde rykte om grådigheit mm.?

Personleg vil eg likevel støtta ein slik “fredningstanke”, då det ser ut til at dette er ein føresetnad for å bli oppfatta som seriøs i reetableringsproblematikken. Og det vil nok uansett gi meg ein dårleg “magafølelse” viss eg er med på å skyta ned dei einaste reinane som år om anna våga seg inn i Breheimen-Luster. Sjølv om eg visste at dei kunne bli skotne hjå naboen – i Skjåk –  like etterpå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: