Villrein, turisme og “Open Space”

Korleis turisme kan verka inn på villrein 

No vil eg skriva noko som truleg vil lokka vårsløve debattantar inn att til datamaskina frå hagearbeidet. Kjem sikkert til å bruka eit par kveldar på å bli ferdig, men kom gjerne med commentsar eller replyar før det.

Villrein og turisme

Villrein og turisme i lag, er svært vanskeleg. Det blir ikkje heilt rett å samanlikna det med bjørn og sau, men… Fotturistar likar seg på Hardangervidda. Der er det etter kvart eit flott nettverk av merka stiar, og mange fine DNT hytter. Om sommaren går folk frå hytte til hytte, fiskar litt og har det triveleg – vekke frå byens mas og larm. 

Villreinen trivst ikkje like godt, han samlar seg på ein mindre, avgrensa del av Vidda. “Tilfeldigvis” er det i dette området lite DNT-hytter og DNT-stiar:

img015__sommar1.jpg

(Kjelda til kartet er Jon Erling Skåtan, Lars Arne Bay, Jan Thomassen: “Jakt på villrein, praktiske råd og vink)

Kartet viser fordeling av villrein (jo mørkare jo tettare) på Hardangervidda om sommaren. Dei raude stipla linjene er turløypenettet til DNT. Dei raude sirklane viser overnattingsvolumet på DNT-hyttene.  (Punsvik/Jaren: “Målrettet VILLREINFORVALTNING skjøtsel av bestander og bevaring av leveområder”, Tun Forlag, 2006)

 

Open Space

Me er 4 stk i gruppa + evt. Fylkesmannen. 2 har tilknyting til/representerer turistnæringa og næringslivet i Luster, og ynskjer gjerne “masseturisme light” i Breheimen (at dei er med i gruppa som privatpersonar er forsåvidt muleg, men kanskje noko undarleg og vanskeleg i praksis… Dei må gjerne avklara kva slags “hatt” dei har på seg i dette tilfellet. Og no forventar eg altså innvendingar…!)

Dei to andre medlemmene tykkjer at villrein er eit såpass “allright dyr” at dei meiner det er bryet verdt å streva litt for å få til ei reetablering.

Me har høyrt rykte om at dei to førstnemnde har hatt kontakt med DNT om bygging av turisthytter og merking av fleire turiststiar. DNT er absolutt interesserte.

Korvidt planar om eit kjempemessig “filmstudio” på Spørteggbreen er med i desse planane, veit eg ikkje (  :-(   Dette må evt. leggjast til Jostedalsbreen, meiner eg.)

Fylkesmannen har signalisert at han trur konflikten mellom villrein og fotturisme er større i Nørstedalen – Middalen på grensa til Skjåk, enn vest mot Jostedalen. 

Mi innvending: Korleis mæler ein ei konflikt? Er det på grunnlag av talet på personar som klagar og nærleiken til Skjåk, eller er det etter ei vurdering av området som framtidig eigna beiteområde – men i konflikt med eventuell turisme? Planane til landbrukskontoret i Luster om å bruka auke i Skjåk-stamma som middel for å “pressa” villrein over til Luster, vart vel nokså tydeleg imøtegått/kritiserte i NINA 227.

Det er eit rosverdig mål å få fleire turistar til å bruka Jostedalen som innfallsport til Breheimen. Likevel: Å ha fotturismen i Jotunheimen og på Hardangervidda oa.  som eit ideal, er heilt feil reiselivspolitikk. For å få fleire til å bruka Jostedalen som “Breheimsport”, er det mange uproblematiske grep som bør gjerast i og frå Jostedalen før ein set i gang med fleire turisthytter i fjellet.

 

Om å gjera ting i rett rekkefølgje

Viss det “mot formodning” skulle bli gitt klarsignal for DNT i Breheimen, er det viktig at ting vert gjort i rett rekkefølgje. Først reetablera – deretter DNT-prosjekt. Viss ting blir gjort i omvendt rekkefølgje, kan etablerte turist-installasjonar hindra reinen frå å ta området i bruk.

Viss det etter seriøse forsøk viser seg at det er komplett umuleg å reetablera villrein i Breheimen – Luster, så har eg i ei spissformulering – som ikkje er meint å tolkast bokstavleg – skrive dette i ein e-post til Open Space-gruppa: “Bygg gjerne DNT-hytter og merk nye stiar på kvar fjelltopp og i kvar dal i Breheimen!”

 

Verneplanen – ein gul ost?

Turistnæringa seier det er flott med eit verneområde i Breheimen. Så langt er me einige. Men så vil turistnæringa ha fleire “dispensasjonar” og “unnatak” eller kva det no heiter. Og det kan nok henda at det finst fleire utholingsplanar enn dei eg nemnde ovanfor – det kjenner eg ikkje til.

Har høyrt fleire døme på at ein stakkars småbrukar som ynskjer å hogga seg litt ved, eller køyra traktor på stølen, blir møtt med ein “skog” av innvendingar, reglar og paragrafar. Det endar oftast med eit Nei! Er det her same reglar for Loke som for Tor (- eller Kong Salomo og Jørgen Hattemakar)?

Alle desse dispensasjonane som turistnæringa krev: Vil dei gjera verneplanen om til ein gul ost av “Norvegia” eller “Jarlsberg”-typen? Det sistnemnde må me i alle fall unngå.

Eg trur også at turistnæringa er best tent med ein minst mogeleg uthola verneplan. Dette håpar eg dei vil tenkja over.

 

Masseturisme – kvaitetsturisme: Korleis er økonomien?

Ein hotellvert prøvde å forklara meg følgjande reknestykke: Om 1000 turistar brukar 100 kr kvar – eller om 100 turistar brukar 1000 kr kvar, så kan det faktisk svara seg best med 100 turistar…

 

Turistnæringa i Jostedalen

Næringa går i dag stort sett godt, trur eg, men ynskjer truleg å bli større. Eit gode for meg og andre som bur her er ein vinteropen kafe – me set kanskje ikkje alltid nok pris på det. Eg forstår likevel godt at næringa ynskjer større inntening til nedbetaling av lån, løner,  investeringar mm.

Det turistnæringa i Jostedalen er best på, er den bre-relaterte turismen. Dette kan dei, og dette bør dei byggja vidare på. “Norsk Brefestival” må nærmast vera ein genistrek! 

Å byggja “masseturisme ligt” kan kanskje gå på vestsida av dalen – kanskje me alt har det på/ved Nigardsbreen om sommaren. I Breheimen må “masseturisme light” for all del unngåast. Lat Hardangervidda og Jotunheimen saga av greina dei sit på (Meiner no ikkje eigentleg det, men “nesten”…)

I Breheimen skal det vera KVALITETSTURISME!

Og lat villreinen vera ein KVALITETSBUDBRINGER i Breheimen!

Så får de vri og vrengja på dei uttrykka så mykje de vil, dei er gode nok for meg inntil vidare.

12 kommentarar to “Villrein, turisme og “Open Space””

  1. SB Says:

    Godt formulert og godt skrive, Einar. Du får fram det viktigaste i motsetnaden mellom villrein og fotturisme. Eg meiner at Luster no har nok av DNT-hytter og merka stigar, Luster er faktisk den kommunen i heile landet med flest DNT-hytter inannfor kommunegrensene. Framtidas kvalitetsturisme er ikkje masseturisme etter oppgåtte og merka stigar. Det ein burde satse på i Jostedalen i tida framover er tvertimot å demme opp mot ytterlegare inngrep i fjell- og brenaturen vår, anten det dreiar seg om vasskraftutbygging, fotturstiar eller evt. DNT-hyttebygging. Reiselivet har i alle år slite med eit s.k. kopieringssyndrom, dvs. at ein skal etterlikne mest mogeleg det alle andre har gjort. I stadenfor burde ein gå mot straumen, satse på færre men meir kjøpesterke turistar og i mykje større grad slå ring rundt naturkvalitetane våre. Naturen har nemleg sitt eigenverd. Som menneskja har det. Og som kjent er naturen kulturen sin heim.

  2. eies Says:

    Takk SB, eg var faktisk nokså spent på kva du meinte om dette!

    Og eg vil berre understreka at eg gjerne ynskjer ein seriøs fotturisme hjarteleg velkommen. Men sameleis som ein bjørn kan skapa problem viss han skal gå saman med sauer, så lagar ukontrollert fotturisme problem for villreinen.

  3. pk Says:

    Det er nesten rørande å sjå slik semje.
    Eg trudde at naturen er felleseige og tilgjengeleg for alle, og ikkje berre dei rike. So feil kan ein ta.
    Dette brunsvidde vrøvlet om seriøs fotturisme og naturen sitt eigenverd er ikkje anna enn simpel elitetenkjing frå eit forhistorisk samfunnssyn.
    Men det er like greit at haldningane kjem til overflata. Lukke til med å skilje dei verdige frå dei ikkje-verdige.

  4. eies Says:

    Det var flott å sjå PK attende i diskusjonen, og no endå meir direkte og med eit endå ærlegare språk!

    Det er med naturen som med Gudsordet: Det bør i prinsippet vera gratis og tilgjengeleg for alle. I mange høve er det også det. Men i vår materialistiske verd er det no ein gong slik at nokon har høve til å gjera seg eit levebrød ut av desse. Og slik situasjonen er, så er det forsåvidt greitt, tykkjer eg.

    Når det gjeld “det brunsvidde vrøvlet” mm., vil eg prøva med ein annan metafor: Når den daglege leiaren ved eit herværande senter arrangerer brepøbbar, så veit eg sjølvsagt ikkje kva han tenkjer. Men for meg verkar det som om han har ei slags “elitetenkjing”: “Han vel ut artistar som på ein eller annan måte står for ein elitistisk kvalitet. Han kunne sikkert satsa meir på karaoke (- eventuelt trekkspelar med rytmeboks. Det siste er vel forresten snart ein raritet, kanskje verneverdig – mest som fangstminna i Breheimen…)

    Eg er kanskje ikkje den rette til å gi råd til PK. Eigentleg kan han meina og gjera kva han vil for meg… Eg tillet meg å venda meg mot den daglege leiaren ved eit senter her: Ver open og lyttande. Prøv å sjå saka frå fleire vinklingar. Kvalitet treng ikkje vera dyrt, og søppel treng ikkje vera billeg -det trur eg du veit. Er det ikkje plass til både “kvalitetsturisme” og “masseturisme light” i Jostedalen – har me ikkje begge deler alt i dag?

    Som ansvarleg for denne bloggen vil eg til slutt berre minna om at ein i debatten tek BALLEN og ikkje MANNEN. Det gjeld alle, og sjølvsagt også eies.

  5. NK Says:

    Signaturen SB skriv 6/5:

    “Framtidas kvalitetsturisme er ikkje masseturisme etter oppgåtte og merka stigar. Det ein burde satse på i Jostedalen i tida framover er tvertimot å demme opp mot ytterlegare inngrep i fjell- og brenaturen vår, anten det dreiar seg om vasskraftutbygging, fotturstiar eller evt. DNT-hyttebygging.”

    Eit par-tre spørsmål:

    Tolkar eg deg rett dersom eg forstår deg slik at du no tek avstand frå masseturismen ved til dømes Nigardsbreen, ein turisme som vel må kunne seiast å gå nettopp etter ‘oppgåtte og merka stiar’, slik du så treffande skriv?

    Og – meiner du då at den masseturismen som i dag går føre seg ved og på Nigardsbreen ikkje høyrer til det du kallar ‘framtidas kvalitetsturisme’ og at den såleis bør reduserast i omfang, evt avviklast totalt?

    Du nemner ‘kopieringssyndromet’. Er det slik at masseturismen ved Nigardsbreen er nettopp det: Eit resultat av at den mellom-europeiske turistfilosofien, der alle skal vere på same stad til same tid, er kopiert her i Noreg – på Nigardsbreen?

  6. SB Says:

    Til PK: Med så mykje vrøvl og vås som du skriv i det førre innlegget ditt er du eigentleg diskvalifisert for vidare deltaking i denne debatten. Og ja, du tek feil i denne saka slik som du så ofte gjer i diskusjonar om dette temaet. Men det er diverre ikkje fyrste gongen du vel å gå baklengs inn i framtida. Og det er eigentleg synd på deg og den verksemda du leier når ein ikkje forstår at ein grev si eiga grav med slike meiningar og haldningar. Men mest synd er det for folket og bygdesamfunnet i Jostedalen. Dei fortener noko heilt anna og så mykje betre.

    Til NK: Du tolkar meg aldri rett fordi du rett og slett ikkje forstår kva eg meiner, eller, meir sannsynleg: Du vel å tolke alt i verste meining. Og det er i større grad eit problem for deg enn for meg.
    Framtidas kvalitetsturisme – også i Jostedalen – blir nok færre turistar i og rundt Nigardsbreen enn det ein opplever i dag. Men det treng ikkje bety dårlegare inntening og færre arbeidsplassar knytt til reiselivsnæringa enn det som er i dag. Framtidas reiseliv vil og måtte tilpasse seg strengare krav til avgrensingar i privatbilisme og persontransport, mindre klimagassutslepp og derigjennom meir resitriksjonar på ferie- og fritidsreiser. Dette er aktuelle tema som m.a. VF og HSF driv og forskar på i det nye instituttet sitt for geoturisme og berekraftig reiseliv.

  7. pk Says:

    Der kom det endå meir grums til overflata frå SB.
    Flaks for bygd og folk og land at dei har ein som SB, feilfri og blant dei utvalde verdige.
    Ingenting er som sjølskryt, SB. Det kjem frå hjarta.
    Og ja, eg er ferdig med denne debatten.

  8. eies Says:

    “Nå må dere være snille barn i bukke hus”, sa alltid ho bestemor. Veit ikkje heilt kva ho meinte, men det fungerte.

    Eller kanskje eg skal prøva denne: No må de ikkje bli sinte. Hugs, det blir snart verre!

    Nei, denne debatten blir ein ikkje ferdig med berre med eit tastetrykk.

    Eg føresler at PK, SB og NK tek nokre rundar med privat straumpost. Viss de kjem inn på sårbare felt, kan de eventuelt tilkalla meg eller ein kompetent person. Så er de alle velkomne til ein sakleg debatt om eit viktig tema etterpå. Som Erlend Loe skreiv:

    “Dette er alvor! Dette er ikke TV2!”

  9. NK Says:

    eies: Eg prøver (nesten) heile tida å legge opp til eit sakleg ordskifte basert på fakta, argument, synspunkt og spørsmål til mine blogg-vener, og kan ikkje, heller ikkje med min beste vilje kopla inn, forstå at det siste innlegget mitt kvalifiserer til noko form for ‘påtale’ eller refs frå moderator.

    SB: Bra at du no får fram det du meiner klårt og tydeleg – og på ein slik måte at også eg kan forstå det. Og då er me – tru det eller ei – samde om at trykket frå masseturismen på Nigardsbreen no overstig det som er den lokale og naturlege tålegrensa. Verre var det ikkje.

  10. eies Says:

    Det kan kanskje finnast ulike meiningar om kva som er “sakleg”. Mitt forslag er at me brukar Arne Næss sine seks punkt (men viss det finst innvendingar, så kom med dei – for all del!):

    ARNE NÆSS’ NORMER FOR EN SAKLIG DISKUSJON

    1. Unngå tendensiøst utenomsnakk
    Eksempler: Personkarakteristikker, påstander om motpartens motiver, årsaksforklaringer til argument.

    2. Unngå tendensiøse gjengivelser
    Gjengivelsen må være nøytral med tanke på stridsspørsmål.

    3. Unngå tendensiøs flertydighet
    Flertydigheten gjør at argumentet kan tilpasses kritikken.

    4. Unngå tendensiøs bruk av stråmenn
    Dette vil si å tillegge motstanders standpunkt et innhold han ikke står inne for.

    5. Unngå tendensiøse originalfremstillinger
    Informasjon som legges frem, må ikke være usann, ufullstendig, skjev og/eller holde tilbake relevant informasjon.

    6. Unngå tendensiøse tilberedelser av innlegg
    Eksempler: ironi, sarkasme, skjellsord, overdrivelser eller trusler.

    Eg vil også minna om at eg har høve til å fjerna innlegg frå diskusjonen, og at eg då vil basera meg på ei vurdering av om innlegget er sakleg. Men eg håpar indarleg at eg slepp det.

    Så håpar eg på ein knallhard, men sakleg diskusjon vidare. Og hugs på at dette er ikkje TV2, dette er alvor!

  11. eies Says:

    GLADNYHEIT: Ryktet seier at hotellet har kjøpt ei “skikkeleg” kaffimaskin, og at det er kjøpt inn kaffibønner som dei skal mala sjølve🙂

    Me gler oss!

  12. eies Says:

    Det var ikkje meininga å knebla debatten – med det eg skreiv om saklegheit! 🙂

    Eg har ikkje praktisert noko slags null-toleranse mot usaklegheit enno, og det kjem eg truleg ikkje til å gjera heller. Det var kun for å hindra at debatten glei over i kverulering at eg skreiv om korleis ein kan tolka “saklegheit”.

    Så ALLE er velkomne med kreative innspel – for eller mot!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: