Fangstminne sør for Spørteggbreen – mellom Vigdalen og Mørkrisdalen

Desse bileta har eg vore så heldig å få tilsendt frå Trond Rune Flikki. Tenk om også fleire ville fotografera og registrera fangstminne i Luster sin del av Breheimen! I tillegg til den reint lokalhistoriske verdien, er dette argument for reetablering av ei villreinstamme i området.

Eg har ikkje sjølv vore der bileta er tekne:

hamarsdal1.jpghamarsdal2.jpg

Dyregrav, Hammarsdal.

kongsdal1.jpgkongsdal2.jpgkongsdal3.jpgkongsdal4.jpgkongsdal6.jpg

Dyregrav, Kongsdal. Ein ser at begrepet “dyregrav” ikkje er heilt godt. Heller ikkje “fangstgrop“, som er brukt ein del i faglitteraturen. “Fangstbås” hadde kanskje vore betre.

Denne dyregravi illustrerer svært godt den byggeteknikken som oftast vart brukt, i alle fall i Jostedalsfjelli: “Dyregravi” vart bygd over bakkenivå, og så vart stein og masse fyllt innåt etterpå. Litt “dandering” med jord og mose til slutt, og så var alt klart. Jorda og mosen har sidan vorte vaska vekk av vêr og vind.

kongsdalsvatnet.jpg 

Restar av dyregrav? Lagerplass? Kongsdalsvatnet.

kringlekongsdalen1.jpgkringlekongsdalen2.jpgkringlekongsdalen3.jpgkringlekongsdalen4.jpg

Dyregrav/dyregraver? Kringlekongsdalen.

midtfjellet-mur-1.jpgmidtfjellet-mur-2.jpg

Midtfjellet. Kva kan dette vera – to sirklar/halvsirklar? (Trur eg veit svaret…)

Ute i denne vesle tjørna som lokalt vert kalla Jøgravatnet er det nokre “artefakter” – menneskeskapte stein-formasjonar.

Skarsstølen. Mur – tuft?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: