Vetle-Grødalen, 1 dyregrav og fleire “mulege” bogastille

mari-423.jpgmari-422.jpgmari-421.jpg

Ved å sjå på dei to første bileta, ser ein kor dyregrava ligg – i forhold til Vetle-Grødalsvatnet og dei små tjørnene ovanfor vatnet, under Gravdalsbandet.

mari-424.jpgmari-425.jpgmari-426.jpg

Nedanfor Vetle-Grødalsvatnet (Kor er Store-Grødalen forresten…?) og nord-aust for elva som renn frå vatnet er det nokre stein-formasjonar som eg trur er menneskeskapte. Eg trur det er bogastille/restar av bogastille, men sikker kan eg ikkje vera.

Eg har her ein hypotese: På Austlandet finn ein mykje fleire bogastille enn på Vestlandet. Terrenget på Austlandet er mykje flatare og opnare. Ein jeger som skal stilla inn på rein med pil og boge har ein svært vanskeleg jobb. Eit bogastille vil gjera jobben mykje enklare for jegeren i eit ope og lite kupert terreng

Terrenget vårt er mykje meir småkupert og med små og store stein-blokker som jegeren kan utnytta som skjul. Det var difor mindre behov for bogastille her hjå oss. Dei vart difor kun bygde der terrenget ikkje gav naturleg skjul for jegeren. 

Ved Styggevatn der ein fann 8000 år gamle minne etter jakt, er det ikkje funne bogastille hittil. Det vert også fortalt etter Hallvard Horpen at her kan ein gå forbi rein på under 10 meter utan å sjå dei.

Fleire stader i villrein-fjellet her har eg funne eit par-tre steinar oppå ei større blokk. Meir skulle det ikkje til for å laga ein brukbar gøymestad. Så dette blir då eit enkelt bogastille.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: