Stort bogastille-anlegg og 2 dyregraver på Gravdalsbandet

dyreskori-036.jpgdyreskori-029.jpgdyreskori-027.jpg

Søren Åsestøl synte meg dette anlegget. Det er muleg han sa kor mange bogastille der var, men i alle fall er det opp mot 20 – kanskje meir. Det er det største anlegget eg hittil har sett i Jostedalsfjelli. Gravdalsbandet er ein relativt smal passasje. Det må, etter våre forhold, ha vore ein stor og viktig jakt- og fangstplass. Alle bogastilla er retta same vegen, og dei var truleg retta mot rein som kom på trekk frå Vetle-Grødalen og Buskrednosi.

Her ser me dei typiske bogastilla – primitive i konstruksjonen, men sikkert uhyre effektive. Kan bogastilla vera frå før tida at teknikken «mur i forband» var kjend? Eller var denne teknikken lite eigna til bogastille?

dyreskori-031.jpgdyreskori-032.jpgdyreskori-039.jpg

På Gravdalsbandet ligg også 2 dyregraver. Denne har halde seg godt, og er lite prega av forfall. Denne er «fagmessig» murt i forband, og dyregravene vert rekna for å vera yngre enn bogastilla, frå folkevandringstida.

Kuriositet: Det vert fortalt at nokre jegerar ein gong fann nokre bein i denne dyregravi. Som seg hør og bør vart beina sende inn til vitskapleg undersøkjing, datering mm. Ventetida var sikkert lang, men endeleg kom brevet med svaret. Jegerane vart nok skuffa då dei las at beina var frå sau! Alderen veit eg ikkje…

dyreskori-040.jpgdyreskori-041.jpgdyreskori-042.jpg

Den andre dyregravi ved Gravdalsbandet ligg litt nede i bakken mot Vetle-Grødalen, og inn mot Grånosi.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: