Fangstminne i Jostedalen avslutta – halvparten av tilgjengeleg MB oppbrukt

“Used: 54% of 50MB. Buy more“, står det no.  Med bakgrunn i mine tidlegare skamfulle feilberekningar innan prosentrekning,  er det med skjelvande peikefinger eg skriv dette.

Eg har no lagt ut det meste av det eg har frå fangstminne i Jostedalen. Men ute i fjelli finst det nok meir.

 I morgon skal eg prøva å leggja ut ein del foto som eg har vore så heldig å få av Trond Rune Flikki. Dei er av fangstminne i Lustrafjelli.

5 kommentarar to “Fangstminne i Jostedalen avslutta – halvparten av tilgjengeleg MB oppbrukt”

  1. SB Says:

    Flott arbeid du har gjort her, Einar! Det er av stor kulturhistorisk verdi at dette blir dokumentert for ettertida, ikkje minst med tanke på evt. reetablering av villreinstamma i Breheimen-Luster. Og so ser eg at du er einig med meg i at Statkraft sine planar for Vestsideelvane bør plasserast der dei hører heime, på historias skraphaug. Og noko stort tap for Bloggen din er det ikkje at NK verkar vere ute av debatten. Snarare tvert i mot..

  2. eies Says:

    Takk skal du ha, SB!

    Reetableringa er det desidert viktigaste. Kulturhistorisk verdi har det nok, men eg har for tida sterkt blanda kjensler til ordet “kultur”.

    Eg meiner å hugsa at felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa ikkje kunne fordra “kulturdagar”, “kulturveke”, ” kulturfest” med meir. “Kultur er noko me skal ha i kvardagen, det”, sa han, “og ikkje noko dei skal koma dragsande med ved høgtidelege anledningar!”

  3. pk Says:

    Reinsjakta i gamle dagar hadde ingenting med høgtid å gjere. Det var matauk i kvardagen, ein kvardag dei færraste har ynskje om å oppleve.

  4. eies Says:

    ???

  5. eies Says:

    Så må de også hugsa på Sverre Fossen og karti hans. Utan dei hadde det truleg teke mykje lenger tid!

    All æra for det kulturhistoriske arbeidet kan de gi til Sverre Fossen. Han er den rette. Og han veit mykje som eg håpar kjem ned på papiret.

    Den EINASTE honnør eg er interessert i, er at det snarast vert sett i gang arbeid med reetablering av ei villreinstamme i Breheimen-Luster. Sjølvsagt hyggeleg med gode ord, men desse orda vert meiningslause for meg utan villrein i Jostedalsfjelli!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: