Fleire bogastille i Vanndalen mot Mann

mari-160.jpgmari-157.jpgmari-156.jpg

Viss me ser på det første biletet, ser me at viss reinen skulle til fjells, måtte han trekkja over mot venstre for å koma forbi nokre urdar. Reinen går vanlegvis ikkje gjennom urdar. Men det er likevel ein nokså smal passasje i dette “urd-beltet”, og her ligg det minst 2 bogastille.

Nede i dalen over mot Myrhønna ligg det eg vil kalla fleire “mulege bogastille”.

Det eg har sett i klamme her er feil eller misforstått. Kjem truleg til å fjerna det snart: Sverre Fossen har 3 bogastille ved Mannen. [Eg har sett to av dei, dei verka utruleg “fagmessig” oppmurte og skil seg ut frå dei andre bogastilla ein finn i fjella her (unntatt Båtedalen). Inntil vidare går eg ut frå at det er desse bogastilla NK viser til i ein tidlegare diskusjon der han skriv:

“Dei bogastilla eg har studert i Jostedalen, tyder på at plasseringa tok utgangspunkt i a) terrengdetaljar/topografi, b) framherskande vind- og trekkretning og c) tilgang på god murstein. Det siste er truleg mest avgjerande. Utan murstein, heller ikkje noko byggverk.”

Det er nok muleg at dette er bogastille. Me bør likevel vera opne for at dette kan vera noko anna. Kanskje lagerplass for  lav (som vart nytta til fôr). Sameleis med “dyregrava” over Bymannsfossen.  Det at desse bogastilla + det/dei i Båtedalen er bygde ved hjelp av “mur i forband”,  gjer dei i alle fall atypiske. Kan dei vera av nyare dato?]

3 nye bogastille funne i 2008:

Bogastille nr 1:

 

Desse tre bileta viser eit bogastille som ligg ved Mann, litt nedover mot Vanndalen. det kan sjå ut som om at bogastillet skal fanga opp trekket som går frå beitet i Vanndalen, når reinen skal inn på snøbreane for å drøvtyggja.

Bogastille nr 2:

Dette bogastillet ligg også ved Mann, men dette ligg meir oppå fjellet, i høgden.

Bogastille nr 3:

På vegen frå Mann opp mot Myrhøna, passerer du dette bogastillet som ligg til høgre, tett attmed vegen. Verkar genialt i plasseringa. Når reinen har lege lenge nok på snøfennene, trekkjer han rett mot dette bogastillet. “Ikkje nok med det.” Deretter vert han på grunn av terrenget tvinga til å passera på tvers rett bak bogastillet. Skytesektoren vertdermed over 180 grader.

Overnattingstad:

Denne helleren ligg straks ein kjem opp på høgden etter å ha gått opp frå Vanndalsvatnet til Mann.

Muleg overnattingstad:

Fann ikkje tydelegerestar etter oppmuring, men kan ikkje sjå bort frå at dette kan ha vore ein overnattingstad.

Når ein går frå vatnet mot mann, ligg dette litt til høgre i dalføret, og nede i dalføret.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: