Bogastille-anlegg ved Vangsen

2005-09-23-133029_dxo_raw.jpg2005-09-23-133026_dxo_raw.jpg

Begge fotografia over har eg fått tilsendt frå Arve Tvedt.

Nordaust for Vangsen ligg ein lten topp som vert kalla Bogastillenosi. Sverre Fossen fortel at det skal ha vore talt opp 13 bogastille her på eit lite område. Dette må hå vore eit viktig jaktområde. Så store samlingar av bogastille i Jostedalsfjelli har eg elles berre sett ved Gravdalsbandet.

Bogastillet på nærbiletet til høgre er det same som ein ser nede midt på oversiktsbiletet til venstre – med Vangsen. Dette er det eg kallar eit “typisk” bogastille frå Jostedalsfjelli – nærmast som eit “reir” med primitiv oppmuring  i ein halvsirkel. knausar og blokker i terrenget vert utnytta. Alle bogastilla her har retning mot Vangsen. Kvifor? Eg reknar med at reinen samla seg på snøfennene rundt Vangsen på varme sommardagar.

Truleg kunne jegeren/jegerane liggja samankrulla her i fleire timar mens han/dei venta på reinen. Dei var nok meir småvoksne før. Det er ikkje i alle bogastilla eg ville hatt det særleg komfortabelt. Hadde nok fått krampe etter nokre minutt…  

mari-335.jpgmari-336.jpg

Her ser me korleis ein knaus har vore utnytta av jegerane som bygde bogastillet. Hunden har funne ein sval skugge, og me ser oppmuring både til høgre og venstre for knausen.

Dessutan viser nærbiletet noko som eg trur har vore eit kikkehol, med ein stein inni. Denne steinen vart truleg fjerna når jegeren skulle sjekka terrenget. Det er imponerande at denne detaljen ikkje har vorte øydelagd opp gjennom hundreåra.

Eit slikt lite byggverk er utruleg sårbart for folk som med eller mot sin vilje kan koma til å øydeleggja det. Gjerne i rein uforstand. Eller overivrige “restauratørar” – dei er heller ikkje populære blant arkeologane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: