2 dyregraver og 1 bogastille ved Flåi/Vetle Geisdalen

mari-004.jpgmari-003.jpgmari-001.jpg

Viss du går opp Vetle-Geisdalen, og forbi vatnet, ser du snart nedatt mot Sandhaugedalen og Fåberg. Denne dyregrava er heilt attkasta.

mari-008.jpgmari-010.jpgmari-011.jpg

 Den andre grava er i relativt god stand. 

 mari-005.jpgmari-006.jpgmari-007.jpg

Som dei fleste bogastilla er også dette nokså primitivt. Ei rad med steinar i ein slags halvsirkel, nærmast tilfeldig stabla oppå kvarandre. Då bogastillet var i bruk, kan det ha vore litt høgre. Bogastilla skulle gi skjul for jegeren til reinane kom så nær att jegeren kunne kasta/stikka spydet, eller skyta piler mot dyret. (8 – 10 meter?) Om sommaren ligg ofte reinen på snøfenner for å kjøla seg ned og unngå innsekt. Det er kanskje difor bogastillet er retta mot ei snøfonn. 

(Slik står det no nedst i venstre hjørnet av skjermen min: Used: 26% of 50MB. Buy more  Eg har altså brukt over halvparten av den plassen eg har.  :-(    )

9 kommentarar to “2 dyregraver og 1 bogastille ved Flåi/Vetle Geisdalen”

  1. fos Says:

    No er vel ikkje 26% over halvparten av noko!!!

  2. fos Says:

    Du har brukt litt over halvparten av halvparten no eies.

  3. NK Says:

    eies: Prosentrekning er kanskje ikkje di aller sterkaste side, der har vel kanhende signaturen fos eit ørlite poeng? Men at du som ålment akseptert villrein-kunnig synest å bomme litt når det gjeld grunnlaget for plassering av bogastille, det er verre – og langt meir alvorleg.

    Dei bogastilla eg har studert i Jostedalen, tyder på at plasseringa tok utgangspunkt i a) terrengdetaljar/topografi, b) framherskande vind- og trekkretning og c) tilgang på god murstein. Det siste er truleg mest avgjerande. Utan murstein, heller ikkje noko byggverk.

    Eg meiner å ha lese at metoden med bogastille byggjer på tanken om statisk jakt. Det vil seie at reinen er i rørsle (gjerne i stor fart) under jaktsekvensen og at jegeren ligg i ro, skjult for reinen.

    Eg forstår deg slik at du tek til orde for at plassering av bogastille grunnar seg i ein dynamisk jaktstrategi. Det vil seie at reinen ligg i ro og ‘slappar av’ i solsteiken på ei snøfonn og at jegeren oppsøkjer situasjonen. Dette stiller eg meg (førebels) tvilande til, men ser fram til ei utdjupande forklaring frå kompetent hald.

  4. eies Says:

    Dette var ikkje bra, eies! 😦 😦 😦

    Håpar berre at arbeidsgivaren min ikkje får kjennskap til dette. Ein elev i dei 3 -4 første skuleåra hadde sikkert løyst dette problemet. Og no forstår de sikkert kvifor eg ikkje blei sjefsøkonom… Er visst noko som heiter dyskalkuli eller nåke slikt. Får prøva å “leggja meg flat” eller gråta offentleg. Er det ikkje det politikarane gjer?

    Det blir fattigmanns trøyst at Arne Næss sa noko slikt som at: “Matematikk har ingenting med intelligens å gjøre.” Intelligensen er truleg ikkje det tresifra talet eg lenge trudde at han var…

    På byrjinga av 80-talet hadde me ein mimrefest for oss som gjekk på realskulen i Balestrand. (Lenge sidan…) Skikkeleg moro å treffa dei att. Ein av kompisane som me ikkje hadde møtt på lenge, stillte med flunkande ny Merscedes av det dyrare slaget. I klesvegen var han heilt topp (fancy…?), skreddarsydd dress osb. Me lurde lenge på korleis dette kunne ha seg. Han hadde slett ikkje vore noko skulelys… Ut på kvelden kom forklaringa: “Jau”, sa han, han hadde importert kulepennar frå eit asiatisk land. (Kina eller noko…) “Eg kjøper pennane for 2 kroner og sel dei att for 4 kroner. Men i svært store kvanta, og difor lever eg godt, eg, på dei to prosentane!”

  5. eies Says:

    NK: Der var du att, ja. 🙂

    Eg er så imponert over dei flotte titlane: “Ålment akseptert reinkunnig”. Nesten vanskeleg å uttala det for meg. Trur det ikkje var såpass forrige gong…? Kan eg få ein attest – helst med stempel frå arbeidsgivaren din?

    Flott viss du interesserer deg for bogastille. Det du skriv var på ein måte imponerande. Vanskelege ord og greier. Som han sa: “Det var heilt umuleg å forstå det han hadde skrive, men innvikla var det, så det var heilt sikkert veldig klokt!”

    Kompetent person: Anbefalar Per Jordhøy. Skal eg tipsa han for deg?

    Eg reknar sjølvsagt med at det er privatkaren NK som skriv. Viss du treffer informasjonskonsulenten med same namn, så sei at det hadde vore ekstra fint om han blei med. Då skal eg prøva å legga endå meir arbeid i svara.

  6. NK Says:

    eies: Kanskje litt i overkant å bry Per Jordhøy med eit enkelt spørsmål om bogastille…?

    Dette forventar eg nesten at du, som lokal sakkunnig kapasitet og fag-autoritet innan villrein, lett kan svare på. Du må ikkje late mismot og håpløyse, som følgje av eit lite feilskjer i prosentrekning, fråta deg all sjølvtillit på ditt viktigaste fagfelt.

    Det du reknar som sjølvsagt, treng du ikkje skrive – det reknar eg som sjølvsagt.

  7. eies Says:

    Du får truleg ikkje særleg meir svar no – frå meg. Må nok skuffa forventningane dine.

    Men siste ordet skal du få.

  8. eies Says:

    Medan me ventar på siste ordet frå NK, har eg moroa meg med å analysera og systematisera titlane han har gitt meg:

    1. reinkompetent
    2. ålment akseptert villrein-kunnig
    3. lokal sakkunnig kapasitet og fag-autoritet innan villrein
    (Har eg oversett nokon?)

    Litt rart at eg i punkt 2 er “ålment akseptert”, medan eg i punkt 3 er redusert til berre “lokal sakkunnig…”. Ei slags degradering, med andre ord. Kan sikkert ha litt med argumentasjonen min å gjera.

    Eg prøver meg likevel med eit samlebegrep, og tykkjer det er naturleg å starta lokalt (Dra pusten djupt!): “Lokal sakkunnig kapasitet og fag-autoritet og ålment akseptert villrein-kunnig og reinkompetent innan villrein”. Vart vel ikkje så verst dette, NK? (Minner litt om “Overbuljongterningpakkmesterassistent – under opplæring)

    For dei som likar korte titlar, kan “Rein-nerd” vera eit alternativ.
    (nerd: intelligent, men einspora og usosial person) Eg har nok klart usosiale trekk i periodar, men direkte usosial er eg ikkje vanlegvis. Så eg tykkjer ikkje at nerd passar heilt, heller…

    [ Til kommentaren nedanfor: Endeleg trur eg NK har gitt meg ein tittel som eg trur han kan stå inne for! Greidde liksom ikkje heilt å tru at han meinte alvor med det andre han skreiv. Håpar han i vidare kommentarar held seg til denne sjangeren, for dette meistrar han. Og dette meiner eg heilt og fullt og seriøst! ]

  9. NK Says:

    eies: For dei som likar korte titlar vil kanskje BUKK vere like godt som noko anna, og då kan det siste ordet på denne tråden bli nettopp det – BUKK.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: