Ved Styggevatnet vart 4 dyregraver øydelagde

einar-090.jpg

Kjersti Randers skriv om dyregravene: “Ved Styggevatn legges fire stykker under vann”. I sommar då Styggevatnet vart uttappa til under “gamal” vannstand, trudde eg i min naivitet at eg endeleg skulle få eit glimt av dyregravene som eg har lese og høyrt om. Dessverre, området var prega av sprenging og arbeid utført av tunge maskiner. Eg hadde trudd at framtidas forskarar framleis kunne, glimtvis, få eit visst inntrykk av desse gravene. Men dei er nok borte for alltid. Det kunne difor like godt ha stått: “Ved Styggevatn sprenges fire stykker i filler og kjøres bort”. Men det kunne ho sjølvsagt ikkje vita.

Eg påstår absolutt ikkje at utbyggjaren har gjort noko formelt ulovleg her. Men natur- og kulturvern står nok sterkare i dag enn under “Anlegget”.

Om den eine grava skriv Kjersti Randers: “Resultatene antyder en brukstid for graven på maksimalt 600 år, fra ca. år 0 til 600 e.Kr.” Dei andre dyregravene ga ikkje “dateringsmuligheter”. Etter det eg har forstått, vil det seia restar etter treverk/spiler som vart brukte når grava skulle klargjerast og kamuflerast før fangst.

mari-317.jpg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: