Vart fundamentet for den gamle ferdslevegen sprengt bort – mellom Bjønnstegane og tunnelen/brui?

Når du på veg mot Bjønnstegane har passert tunnelen, og brui over elvi, kjem du nokså snart til ein høg, utsprengd hammar på venstre sida. Oppå denne hammaren ligg den gamle ferdslevegen/stølsvegen (kulturminne…?).  Etter sprengningsarbeidet ligg no den gamle ferdslevegen heilt ute på kanten av “stupet”. Utbyggjaren har rettnok gjort litt “provisorisk” reparasjonsarbeid, med betongklattar.

Sidan det no i vinter har lege lege ein del steinar/blokker i vegen her, bør etter mitt syn, dei som har ansvar for vegen vurdera om den gamle ferdslevegen her er i ferd med å rasa ut. Steinar i fritt fall gjennom lufta her, er ikkje bra for biltrafikken eller fotgjengarar.

Så snart snøen smeltar, skal eg prøva å ta nokre foto.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: