«Sørgjerender» rundt Sandhaugedalsvatn og Geisdalsvatn

mari-263.jpg

Ved Sandhaugedalsvatnet er «bekkeinntaket» som ofte blir teke nedanfor eit vatn, teke direkte i vatnet. Dermed har ein fått ei «sørgjerand» rundt vatnet på ca 1,5 – 2 meter vasshøgd. I flatt lende blir sjølvsagt den «verkelege» breidda større.

mari-109.jpg

Sameleis rundt Geisdalsvatn, men her er «sørgjeranda» kanskje rundt 1 meter (vasshøgd).

Folk som eg reknar som «kunnige», har sagt at denne nedtappappinga er heilt unødvendig. Difor bør einkvan stilla spørsmål til utbyggjaren om dette kan rettast på – med relativt enkle midlar.

Advertisements

3 kommentarar to “«Sørgjerender» rundt Sandhaugedalsvatn og Geisdalsvatn”

  1. Sjølvsagt... Says:

    …kan det rettast på. Men so vidt eg veit var det ein del av konsesjonen for Jostedal kraftverk. Visst nok skulle det vere eit ekstra flaummagasin i dei tilfella der Styggevatnet var fullt. Om det den gongen var eit lokalt krav eller om det var noko Statkraft – den gongen NVE Statkraftverkene – «fann på» veit eg ikkje. Uansett er resultatet som du seier: det er etablert to «sørgjerender» som ikkje kan vere til nytte for nokon. I alle fall har dei ikkje vore til nytte dei 20 åra sidan Jostedal kraftverk opna.

  2. eies Says:

    Interessant!

    Sanghaugedalen – men folk seier vel eigentleg: Sandaugedalen? På kartbladet står det: Mørkrisdalen – Eg trudde det var Mørkridsdalen.

    Kva seier namnegranskarane?

  3. Siste frist for å senda høyringsuttalelsar til NVE « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] “Sørgjerender”. Ved ein del større og mindre vatn som leverer vatn til straumproduksjonen, er vasstanden senka i høve den opprinnelege. Dette gjeld Sandhaugedalsvatnet, Geisdalsvatnet, Tjørn i Vetle Sprongdalen, kanskje fleire vatn/tjørner – mellom anna i Smådalane (Desse siste har eg diverre ikkje foto frå.) Slik eg ser det er bekkeinntaka slik dei er plasserte nedanfor Holmevatnet og Båtedalsvatnet mykje mindre skjemmande inngrep. Det er difor uforståeleg at det skal vera nødvendig med desse “sørgjerendene”, https://eies.wordpress.com/2007/04/22/s%c3%b8rgjerender-i-sandhaugedalsvatn-og-geisdalvatn/ […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: